Klatrar hitlister i sommarvarmen

Allereie neste veke hoppar MadCon opp til BBC Radio 1’s A-liste med låta «Beggin'» for å halde Ida Maria med selskap.

madcon 

Etter megasuksess og 120 000 selte eksemplar av albumet So Dark The Con Of Man i Tyskland, er det greit at MadCon tek seg ein pust i bakken etter at singelen Beggin’ gjekk inn på B-lista til BBC Radio 1.

Allereie neste veke er det rett inn på høgste rotasjon på A-lista til den britiste statskanalen, fortel duoens talsmann Frank Bråthen til P3nett. Der ligg også Ida Maria med låta I like you so much better when you’re naked.

Ida Maria gjekk også rett inn på 18. plass på BBC Radio 1’s Official Chart Show etter ei veke, greit plassert mellom Busta Rhymes og Adele. På mandag slepte ho debutplata Fortress Round My Heart i Storbritannia.

Covra Gabriella Cilmi «Sweet about me»

Førre fredag var Ida Maria gjest hos Jo Whiley og hennar BBC Radio 1 show: Live Lounge. Jo Whiley, ei av Englands mest innflytelsesrike DJ’s var mildt sagt overreaska over Ida Marias store ABBA- engasjement.

«Wow! I never had you down as an ABBA fan», sa Jo Whiley då Ida Maria entusiastisk fortalte at favorittlåta å synge på karaoke er Dancing Queen, og at ho gler seg kjempemasse til å sjå Mamma Mia! på kino.

Ida Maria er framleis ikkje heilt friskmeldt etter å ha vert dårlig i eit par veker, men Urørtvinnaren frå 2007 sang både hitsingelen I like you so much better when you’re naked live, og covra Gabriella Cilmi’s låt Sweet about me.

Få ein smakebit av coveren: \»Sweet about me\» Cover og høyr resten av Ida Marias besøk hos Jo Whiley’s Live Lounge her.

I fjor var Ida Maria på Quartfestivalen og sang «Naked…» live i teltet hos Ken, Torkil og Else:

 

Meir Ida Maria i P3tv!

MadCon klatrar ikkje berre hitliser i England og Tyskland, men heile Europa. Så etter ferien er det rett ut på tur igjen, forsikrar talsmann Frank Bråthen.

I mens kan du sjå denne litt spesielle versjonen av «Beggin'» som gutta framførte då dei var på besøk i P3morgen:

Meir MadCon i P3tv!