Linser og snus i do: Dette er kjendisane si største klimaskam

Og dette gjer dei for å leve meir miljøvenleg.

Søndag var P3aksjonen over for denne gang, og i år gjekk innsamlingsaksjonen til WWF Verdens naturfond og deira kamp mot plast i havet. Årleg hamnar det nemleg åtte tonn plast i havet, noko som er svært skadeleg for både dyr og menneske.

Gjennom 100 timar direktesendt radio og stream på P3.no samla me inn den svimlande summen 7.869.925,-

I løpet av dei mange timane med direktesending var også eit breitt utval av artistar og andre aktuelle gjestar innom P3aksjonen 2020. Og sidan temaet for årets TV-aksjon var miljø-retta, stilte me også gjestane våre miljø-retta spørsmål.

Reising og snus i dass

– Reising er nok min største skam. Eg er veldig bevisst på kor mykje og korleis eg reiser, men i vår bransje er det vanskeleg å unngå det heilt. Men eg tok toget hit, fortel Emelie Hollow.

Torsdag var artisten innom P3aksjonen, og framførte blant anna låten «Break it right» saman med Ruben. Sistnemnde skammar seg også over reisemengda, men innrømmer samstundes ein langt styggare uvane.

– Eg pleidde å kaste snus i toalettet… Men har slutta med det no! Og det er lenge sidan, altså. Eg kutta det ut med ein gong eg fann ut at det ikkje var bra for havet.

– Og eg kasta linser i do… men det har eg slutta med, følgjer Emelie opp.

SPELTE LIVE: Emelie Hollow og Ruben live på P3aksjonen 2020. (FOTO: Tom Øverlie / NRK P3)

Dei to artistane avslørar at dei også tek grep for å leve litt meir miljøvenleg.

– Eg et ikkje kjøt – så det er liksom min måte å bidra på kvart år. Og så kjøper eg færre klede enn før, og reiser utelukkande kollektivt, fortel Emelie.

Ruben har byrja å bruke beina som framkomstmiddel til alle avtalar han har, men føler elles ikkje han har gjort noko nemneverdig bra for miljøet i år – bortsett frå éin ting:

– Det må jo vere å stille opp her, på P3aksjonen 2020!

Når bakken er dekka av tyggis

Isah har på si side kutta ut ein uvane svært mange dessverre har, og som han håpar alle vil droppe.

– Tyggis! Å kaste tyggis på bakken er noko ein ikkje tenkjer så mykje over, og så er tyggisen så liten. Det er så trist å sjå når heile bakken er dekka av det.

– Og så hender det at eg kastar snusen inni vassflaska… det burde eg kanskje ikkje gjere, seier Isah, før han lovar å slutte med det også.

Særleg éit felt i livet føler artisten at han framleis har forbetringspotensiale.

– Eg bruker mykje pengar på klede, og dei eg har blir fort «brukt opp». Ikkje at dei blir utslitne, men eg gløymer fort kva eg har. Og så blir det berre liggande i boden.

I andre delar av kvardagen er han derimot nøgd med tiltaka han har gjort.

– Alle framkomstmiddel eg bruker er jo elektrisk. El-sparkesykkel for eksempel!

GLAD I KLEDE: Isah bruker mykje pengar på å kjøpe nye klede. (FOTO: Tom Øverlie / NRK P3)

Kontaktlinser i vasken

Martha Leivestad er til vanleg programleiar i «NRK 4ETG», men stilte denne veka opp som gjesteprogramleiar på P3aksjonen. Ho er kjapp med å innrømme at kjeldesortering lenge har vore eit svakt punkt i hennar liv.

– Eg har dessverre vore veldig flink til å kaste ALT i éin og same dunk.

LINSESKAM: Martha Leivestad innrømmer at ho kastar linser i vasken. (FOTO: Kim Erlandsen / NRK P3)

Ho har fått bukt med uvanen no, men innrømmer samstundes ein anna uvane som potensielt kan ramme fisken i havet.

– Nokre gongar kastar eg kontaktlinsene mine i vasken…

Linser inneheld plast- og silikonmateriale, og linsene som hamnar i sjøen blir ifølgje Naturverforbundet lett forveksla med mat av fiskane i sjøen. Med andre ord kan linsene ein kastar i sluket og doen bli spist av ein fisk.

– Okei, eg lovar å aldri kaste ei linse i vasken igjen, seier Martha.

Bomull og reising

I likskap med andre artistar, skammar også Hilde Skaar seg over kor mykje ho må reise i forbindelse med jobb.

– Min største klimaskam er nok at eg flyr ein del, på grunn av musikken, konsertar og slikt. Men eg har veldig lyst til å bli betre!

LIVE PÅ P3AKSJONEN: Hilde Skaar var gjesteprogramleiar og avslutta besøket med å spele live på P3aksjonen 2020. (FOTO: Tom Øverlie / NRK P3)

Sånn sett er det minst éin positiv ting ved koronapandemien:

– Det beste eg har gjort for klimaet i år er jo at det har vore korona, så eg har jo nesten ikkje flydd. Så takk til korona for det!

Artisten innrømmer også at ho har feila eit par gonger på kva som skal i dass.

– Det verste eg har kasta i do er faktisk bomull, og det har eg gjort kanskje to gonger. Då var eg ei jomfru i naud, og tante raud var på besøk, ler Hilde.

Elles i livet jobbar Hilde hardt for å vere meir bevisst på kva miljø-val ho tek.

– Eg visste for eksempel ikkje så veldig mykje om problemet med plast i havet, heller ikkje omfanget av det. Så eg er skikkeleg nøgd med at eg fekk komme hit og lære meir om det.

Ingen er perfekte

Programleiarane for årets P3aksjon er ikkje perfekte dei heller, viser det seg.

– Eg kan finne på å kaste snus i dass av og til, fortel Martin Lepperød.

– Det gjorde eg også før, skyt Ingrid Simensen inn.

Også Tete Lidbom innrømmer å ha gjort den same tabben.

– Men det har eg jo slutta heilt med fordi eg har skjønt at det er heilt grufullt. Men i dag skjedde det noko heilt sjukt! Det her har jo vore ein sånn personleg seier for meg dei siste tre-fire åra, men i dag pelma eg faktisk ein snus i do!!!

– Men plukka den ut igjen, legg Tete til.

P3AKSJONEN 2020: Også programleiarane gjer sitt for å leve meir miljøvenleg. (FOTO: Tom Øverlie / NRK P3)

Utanom å bidra til P3aksjonen prøver også Adelina Ibishi, Tete, Ingrid og Martin gjere ting for miljøet i kvardagen.

– Eg har jo for eksempel ikkje lappen, og derfor køyrer eg jo veldig lite bil. Elles er eg glad i å sortere søppel, og skjønner meg ikkje på kvifor folk syns det er stress. Det gir meg berre ro i kvardagen at eg veit det skal i den dunken, og det skal i den dunken, det likar eg, fortel sorteringsentusiasten Tete.

Ingrid er heilt einig, men merkar samstundes at ho gjer ting utan å tenke over det.

– Men eg jobbar med å bli flinkare til å ikkje ta engangsplastposer på butikken, sånne til frukta.

– Martin, gjer du noko?

– Ja… Litt av kvart. Artig at du spør, eigentleg. Nei, du, eg sorterar som veldig mange andre, og så er eg veldig, veldig bevisst på å ikkje kaste frå meg søppel på gata og sånt. Så eg gjør ikkje det største, men eg gjer litt.

Adelina bidreg på si side med å drikke brus.

– Eg drikker mykje Pepsi Max, som fører til at eg pantar mykje flasker, og det er jo bra. Nyt av det gode pantesystemet vårt, som er heilt genialt. Så eg pantar ein del, prøver å ikkje bruke eingongsbestikk, og så kjeldesorterer eg sjølvsagt.

– Og så et ho alltid opp maten sin, legg Martin til.

Sjå alt frå P3aksjonen på P3.no: