nrk.no

Kompisgjeng vart til band: – Vi gøymde oss litt bak humoren

«Månadens Urørt» for juni starta karrieren som eit humorprosjekt. No meiner Vettche alvor.

­– Alle teikna peikar til at alle hatar deg, du er verdas teitaste menneske, ein dritt og at du går rart!

«Månadens Urørt» for juni, indiepop-bandet Vettche, forsøker å sette ord på kva låten «Redd meg» handlar om. Ådne Rossavik (19), som spelar samplar i bandet, tar oss gjennom den typiske tankeprosessen til ein overtenkande tenåring.

Denne alderen er stappfull av denne typen overanalysering for mange, og slik tekstlinja «Du hadde armene kryssa og eg har lest det på nettet at dette ikkje love godt for meg» illustrerer, er ikkje gutane i bandet eit unntak.

– Altså, om du søker opp symptoma dine på Google, står det jo at du kjem til å døy om tre dagar.

Ikkje lenger så tullete

Trass overtenking og illevarslande symptom, er verken musikken eller dei seks medlemmene av det særleg nedfor slaget. Snarare tvert om. Det er viktig å sjå seg sjølve litt utanfrå om ein skal lage pop om tematikk ein reknar som deprimerande, seier dei.

– Vettche er lystig og gøyalt. Det skal vere musikk ein kan chille til og synest er kul og gøy, fortel keyboardist Jørgen Westermoen (19).

– Ja, vi gøymer det ofte i glade melodiar om det vert for tungt, legg vokalist Øyvind Brandal (19) til.

Medlemmene i Vettche står sånn noget lunde på rekke i et kratt fremfor en vegg.
BLITT ELDRE: Gutane i Vettche distanserer seg litt frå humoren som prega den tidlege musikken deira. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Slik mange andre band før dei, starta Vettche mest som eit humorprosjekt. Dette kjem tydeleg fram i progresjonen bandet har hatt, gjennom ulike besetningar, og frå dei tidlegaste låtane deira og fram til «Redd meg».

– Musikken skulle vere hobby, så vi var ikkje ute etter å satse frå starten. Og så trur eg vi gøymde oss litt bak humoren først, før vi turde å gå ut av det og stå for det vi laga, seier bassist Lars Dahle (19).

Nøyaktig når dei gjekk frå å drive med tull til flinkis-pop er ikkje heilt definert. Dei fleste medlemmene er no i ferd med å avslutte vidaregåande, og bandet har halde det gåande sidan dei gjekk på ungdomsskulen. Å bli meir seriøs er kanskje ein naturleg del av å bli eldre.

– Vi er jo blitt betre til å både spele og lage ting, og vi let oss inspirere av andre ting no enn vi gjorde då. Då vi fekk låten «110» inn på indielista til Spotify, skjønte vi at vi kunne lage noko folk likte utan at det var tull. Oi, kva kan vi få til om vi faktisk prøver, liksom, forklarar Jørgen.

– Og plutseleg var vi «Månadens Urørt» med «Redd meg», skyt Lars inn.

Kompisar først, dernest band

Vettche anno juni 2022 består av seks medlemmer, som gjerne heller kallar seg for kompisgjeng enn band. Ut over at medlemmene har sine instrument dei nok er flinkast på, står rollene fram som laust definerte.

Som elevar ved musikklinja har dei både kompetanse på fleire instrument og tilgang på medelevar som kan spele det dei måtte trenge.

– Vi har aldri vore strenge på kven som er med og ikkje. Vi berre lagar musikk, og når det kjem til å spele live, er det sånn «Åja, du kan spele det instrumentet? Bli med oss!» forklarar Ådne.

Jørgen held fram:

– Fram til no har vi ikkje vore eit band, men heller ei studiogruppe som har laga musikk i kjellaren til Øyvind. Det er først no med konsertar at vi har trunge å etablere kven som er med og kven som gjer kva. Vegar spelar gitar no, men eg og Lars har også gjort det på ulike opptak.

Guttene i Vettche står på rekke bak en hekk og smiler. Bak dem er det en grå vegg.
TENKER PÅ FRAMTIDA: Fleire av medlemmene i Vettche er ferdige med vgs, så kva framtida held, er usikkert, men dei lovar meir musikk. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3

Utgangen av tenåra er ein periode der det skjer mykje, og alle som har vore gjennom det, veit kor mykje ting kan endre seg når folk byrjar å bli klare for studium og å flytte heimanfrå. Brorparten av bandet har nyleg gjennomført russetid, og eit nytt kapittel i livet kan stå på trappene. Så kva skjer med Vettche?

– Mykje er usikkert, men musikk skal det bli, om den så må lagast over Facetime, forsikrar Øyvind.

For det er altfor tidleg å trekke inn årene no. Dei har jo enno ikkje nådd visjonen om å ta steget opp frå å vere oppvarmarar til å headline eigen konsert.

– Det er noko vi må få til før folk byrjar å flytte på seg, avsluttar Jørgen.

Sjarmerer Urørt-programleiaren

«Urørt» er ein plattform i regi av NRK P3, der uetablerte artistar og band kan laste opp musikken sin. Kvar månad vert éin av desse plukka ut av Urørt-redaksjonen som nokon ein burde følge ekstra med på, og kåra til «Månadens Urørt».

Nina Gjertsen, programleiar for Urørt på radio, var med på å velje ut Vettche som «Månadens Urørt» for juni, og peikar på sjarmen deira som ein særleg styrke.

– For ein gjeng! Vettche kjem inn som ein frisk vind på ein sommardag! Det er vanskeleg å ikkje trekke på smilebandet av dette bandet, for dei serverer smittande energi gjennom «Redd meg». Ein høyrer at dette er ein gjeng som kosar seg når dei spelar saman!

Nærbilde av Nina Gjertsen på en gressplen.
TREKK PÅ SMILEBANDET: Urørt-programleiar Nina Gjertsen meiner at Vettche sin musikk er frisk og gjenkjennbar. Foto: Helene Mariussen

Ho meiner at den relaterbare tematikken løftar «Redd meg» til å vere litt meir enn berre ein sommarleg og lett låt.

– Dei treffer blink med denne låten, for kven kjenner ikkje på fomo eller overtenker iblant? Evnen til å kombinere musikk av høg kvalitet med eit relaterbart tekstunivers er ein kombinasjon eg trur kan ta dei langt.

Ved å bli kåra til «Månadens Urørt» har ein også sjansen til å bli kåra til «Årets Urørt». Vinnaren får spele på «P3 Gull» i november. Vettche erkjenner at det ville vore stort å få spele på direktesendt fjernsyn, og at det vil vere ein diger kontrast til kjellaren til Øyvind.

– Om vi vinn, kva vi gjer då? Spør Ådne, før Vegar følger opp:

– Pyro! Om vi ikkje får det, får vi brenne eit bål sjølve eller noko.

LES FLEIRE SAKER FRÅ URØRT:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: