Han er konsertfotograf for verdskjende musikkstjerner

Robin Bøe (19) er ein av fleire norske fotografar som har gjort det stort internasjonalt. – Det er ein vanskeleg bransje å overleve i, seier han om yrket der det stadig blir trongare om plassen i «fotopitten».

– Eg hadde lenge hatt ein draum om å jobbe med Zara Larsson, men tenkte det var usannsynleg at eg skulle komme meg dit. Men så fekk eg plutseleg ein mail ein torsdagskveld med spørsmål om eg ville vere med på konsert i Island dagen etter. Plutseleg så berre skjedde det.

Robin Bøe (19) gjekk rett frå skulebenken til turnébussen til nokre av verdas største musikktalent. No lever han av å vere fotograf for dei.

Norge har dei siste åra utmerka seg som eit land med musikarar i verdsklasse. Men også dei som tek bilde av artistane, hevdar seg på internasjonalt nivå.

– Fleire produsentar eg har møtt på turnéar seier dei ikkje klarar å nemne éin kjend konsertfotograf frå sitt eige land, men i Norge så kryr det jo, fortel Robin.

Og stadig fleire prøver seg i det beintøffe yrket.

– Du må «hustle»

Rainer Nokken Kleive (24) er éin av dei. Då han byrja med foto var han den einaste i vennegjengen som ikkje kunne bruke eit kamera. To og eit halvt år og ein norgeskjend bestekompis seinare, har han gjort seg kjend som konsertfotograf i musikk-Norge.

Og han har ikkje tenkt å stoppe med det.

Rainer Nokken Kleive si fotointeresse starta med dei første konsertane til Per Àki aka Kjartan Lauritzen. Foto: privat

– Det starta med at Per Áki (Kjartan Lauritzen) begynte å ha konsertar og trong fotograf. Eg kunne ingenting om foto, men prøvde likevel alltid finne gode vinklar og ta bilda hans. Eg syntest at alle andre sine bilder blei for dårlege, ler balestrendingen.

Det enda med at han kjøpte seg eit ganske ordinært speglreflekskamera, og begynte å ta bilde på konsertane til kompisen. I starten var det ofte fleire artistar som hadde konsert i lag.

– Då dei andre i gjengen stakk backstage, ville eg heller ut og ta fleire bilder av dei andre artistane, som eg kunne sende til dei dagen etter.

Sidan den gong har det balla på seg. No har 24-åringen jobba mykje med artistar som Cezinando, Hester V75, og teke bilder under konsertar med internasjonale stjerner som The Weeknd og The Underachievers for magasinet Kingsize.

– Når eg ser nokon har konsert, sender eg dei ofte melding sånn «hei, har du fotograf?». Ofte har dei ikkje det, så då er eg med. Du må «hustle» for å komme deg fram.

Satsa alt

Også Robin har «hustla» for å komme dit han er i dag.

Interessa begynte då han gjekk på media- og kommunikasjonslinja ved ein vidaregåande skule i Sarpsborg.

– Eg hadde ei fotoinnlevering som eg følte gjekk dårleg og som eg ville prøve å redde inn før innlevering. Så då sendte eg mail til Erik og Kriss for å høyre om eg kunne ta bilde under ein konsert dei skulle ha, og det fekk eg, forklarar 19-åringen.

Han fekk gode tilbakemeldingar både frå lærarar og artistane etter konserten, men det tok likevel eit år før neste gong han tok bilder under ein konsert.

– Mitt neste fotooppdrag var med Nico og Vinz. Det var då eg skjønte at eg likte dette her. Og då satsa eg.

Etter to år med mykje bilkøyring mellom Sarpsborg og Oslo, lange netter på konsertar og tidlege morgonar på skulebenken, ser Robin at all jobbinga har løna seg.

No har han jobba for mange store norske artistar, som til dømes Julie Bergan, Astrid S, Alan Walker og Karpe Diem. Størst av alt er oppdraga hans som fast turnéfotograf for svenske Zara Larsson og norske Marcus og Martinus.

– Marcus og Martinus har dei villaste konsertane. Det er Justin Bieber-tilstandar i Skandinavia, og heilt sjukt å vere ein del av, forklarar han.

I februar drar han på nytt ut på turné med tvillingane, der dei skal spele på nokre av Europa sine største arenaar.

Frå Nordsjøen til «fotopitten»

Rainer var på veg inn i ein heilt annleis karriere då konsertfoto fatta interessa hans. Tidlegare jobba han med lakkering på ein oljeplattform i Nordsjøen.

– På vidaregåande gjorde eg det venane mine gjorde. Så eg gjekk på yrkesskulen, og var jo heldig med å få jobb i Nordsjøen, men den livsstilen passa ikkje for meg.

Rainer har fått moglegheita til å ta bilde av fleire store artistar gjennom jobbing for magasinet Kingsize. Her av den amerikanske rapartisten Mac Miller. Foto: Rainer Nokken Kleive

Difor gjekk det eigentleg fint for Rainer å miste jobben i olja.

– Om nokon hadde sagt til meg for 2,5 år sidan at eg kom til å vere her no, så trur eg ikkje at eg hadde trudd dei. Men no skulle eg ønske at eg hadde kome lengre, seier Rainer.

For å leve av å vere fotograf, er ikkje lett. 24-åringen tener endå ikkje nok på foto til å berre jobbe med det, og arbeider difor frilans med å blant anna produsere reklamefilmar.

– Eg må prioritere dei oppdraga som faktisk gjev meg noko å leve av.

Veksande «community»

Likevel har fleire fotografar frå Norge gjort det stort internasjonalt. Olav Stubberud frå Rykking har vore turnéfotograf for Justin Bieber og Johannes Lovlund frå Valderøya fotograferar for Kygo. Nasjonalt har Michael «Mike» Ray Vera Cruz Angeles utmerka seg som fotografen til Karpe Diem. Det er altså ikkje få konsertfotografar av særs høg kvalitet i Norge.

Per Ole Hagen har vore konsertfotograf sidan tidleg 2000-talet. Han har sett utviklinga i Norge dei siste 18 åra på området.

– Det er moro å sjå at det har vekse fram eit slags «community» rundt konsertfoto her til lands. Om ein er på konsert på Rockerfeller og Sentrum Scene ser ein alltid fotografar ein kjenner. Folk er positive og ønsker å hjelpe kvarandre, trass i at konkurransen er tøff, seier Hagen.

Han meiner denne kollektive tankegongen er noko av grunnen til at det er så mange gode fotografar i Norge.

Per Ole Hagen har vore i «gamet» sidan 2000-talet. Foto: Nadia Frantsen/NRK

I tillegg trur han dei mange live-scenene og festivalane i Norge, gjev fotografane ei uvurderleg mengdetrening.

– Oslo er den byen i Europa med flest livekonsertar. I tillegg arrangerar nesten kvar ei bygd festivalar om sommaren. Det er viktig sidan det gjev ferske fotografar ein plass å boltre seg.

Sjølv blei Hagen aktiv innan fotoyrket samstundes som han var musikksjef i NRK P1 på 90- og 2000-talet. Seinare har han jobba frilans. No er han også universitetslektor ved institutt for musikkvitenskap ved UiO.

Også presseansvarleg i Music Norway, Erlend Bruflaten, som rådgjev norske artistar, merkar ei auka interesse for foto frå artistane si side.

– Fleire norske artistar ser verdien av å ha proffe fotografar og produsentar med på laget. I tillegg ser managementet deira verdien av gode bilder, både for bruk i sosiale medium, pressebilder og dokumentasjon for ettertida, meiner Bruflaten.

Spesielt yngre musikarar har eit stort fokus på det visuelle.

– Når vi snakkar med artistar eller band og mangagementet deira, er det særleg mange av dei yngre artistane som har eit stort fokus på å ha fotografar. Dei planlegg tidleg av at dei vil ha kule pressebilder og ein kul portefølje, seier Bruflaten.

Mange om plassen

Med veksande interesse, er det no fleire og fleire som vil prøve seg i «pitten».

– Det kryr av folk som vil ta bilder av artistar. På omtrent kvar konsert eg er på, står det kanskje ti kids som har skaffa seg akkreditering i «fotopitten». Så artistane får bilde uansett. Dei gir litt faen i kven som tek dei, seier Rainer.

Det er difor få fotografar som klarar å leve på artistfotografi åleine.

– Fotoyrket er undervurdert, og når det er så mange flinke konsertfotografar er det vanskeleg å overleve i bransjen. Men sjølv om konkurransen gjer det tøffare, er vi gode vener. Vi prøver å hjelpe og å støtte kvarandre, meiner Robin.

Sjølv er han éin av dei som fått til å leve av fotodraumen, og får stadig inn spørsmål om tips frå ferskare fotografar som vil bli slik som han.

Men også Robin har ofra mykje for å komme der han er i dag.

– Eg droppa mykje for foto, og satsa alt. Om ein skal komme seg inn i bransjen, må ein jobbe ræva av seg i begynnelsen samstundes som ein tener veldig lite, seier han.

– På turne blir ein godt kjende, seier Robin. Dette bildet er frå den første turen til Island. Foto: Robin Bøe.

Til og med under den første turen til Island med Zara Larsson, måtte Robin ta ein sjanse.

– Sidan det var så i siste liten, var eg først innstilt på å takke nei. Men det er jo ikkje kvar dag ein får ei slik moglegheit. Så etter litt tenking, svingte eg meg rundt og blei med. Ein veit jo aldri kva jobb som fører til noko seinare, seier han.

Å dra til Island, er noko av det luraste han har gjort. For dagen etter han kom heim fekk han telefonen om at Zara ville ha han med på resten av turnéen.

I ein tøff bransje meiner både Robin og Rainer at Instagram er blitt ein viktig arena for konsertfotografar. Det er der ein blir lagt merke til.

– Der følger både artistar og fotografar med på kva du gjer på og kva du får til. Spesielt når artistar krediterar bilda dine, blir jo namnet og ryktet ditt som fotograf spreidd, seier Robin.

Også bransjefolka trur sosiale medium har ein innverknad på framgongen til fotografar.

– Sosiale medium gjer det enklare for nye fotografar. Det er ein arena der dei kan opparbeide seg ein portefølje og ein personleg stil, som både artistar og andre kreatørar då kan falle for å bruke, meiner Bruflaten i Music Norway.

– Drive på, drive på

Å få artistar til å falle for dei, er fotografane motiverte til å halde fram med.

– Eg ser ikkje på det som jobb, men berre noko som er utruleg gøy å drive med. Så det gjeld berre å drive på og å drive på, natt og dag. Bli betre. Få fleire kontaktar, forklarar Rainer.

– Ikkje for å seie noko «cheesy» – men ein må berre gjere det. Just do it.

For Rainer tvilar ikkje på at dette skal bli framtida hans. Måten han skildrar konsertfoto på, visar tydeleg at dette er noko han er lidenskapleg oppteken av.

– Å bli spurte om å vere den som dokumenterar eit av ein artist sine livs størst augneblikk, er ei ære. Ofte betyr jo desse dagane mykje for artistane, fortel Rainer.

Han skal halde fram med å jobbe seg fram og håper å ein dag kunne leve av fotolidenskapen.

Robin har fått det til, og er motivert til å fortsette å briljere i foto-«pitten», trass i at det er utfordrande. For han er dei små jobbane like viktige som dei store.

– Det er ingen åtte til fire-jobb. Ein kan måtte jobbe fleire dagar i strekk utan å sove. Spesielt når vi er ute på turné er det hektisk. Nokre dagar er det slik at vi landar ein plass, har konsert, tar fly ein ny plass der eg sit og redigerar heile turen, og så er det rett ut på ny konsert når vi landar att. Og silk går det, ler han.

Likevel har han lyst å drive på med dette lenge.

– Eg når aldri målet mitt, eg flyttar det berre lengre fram. Før såg jo eg på å jobbe for Zara som eit mål, men med denne livsstilen skjer ting så uventa. Du kan plutseleg vere med på noko svært, utan at du rekk å få det meg deg ein gong. Det er det eg elskar med denne jobben.