nrk.no

Kva gjer ein når ingen ler?

Den vonde sida av standup: «Det der er ikkje humor»

Sjå for deg at du står aleine med ein mikrofon på ei scene.

I ein mørk sal sit folk og følger med på historia du fortel, og når du kjem til poenget:

Ingen lyd frå publikum. Ingen ler. Og du skjønner at ingen kjem til å begynne å le heller.

Det er heilt stille medan du prøver å kome på korleis neste vits startar.

– Det følest jo litt einsamt. Ein har tenkt på noko ein trur er morosamt, men så er det ikkje det, seier komikar Snorre Monsson (23) til P3.no.

I 2023 var Snorre med i «Ikke lov å le på hytta» på VGTV, og han er éin av to programleiarar for humorprogrammet «Gauteshow» på NRK. I tillegg har han drive med standup i fleire år.

Jobben til Snorre går ofte ut på å få folk til å le. Men for han og dei fleste andre komikarar går det av og til skikkeleg dårleg.

Det verste er ikkje når ingen ler

Å fortelje eit poeng utan å få den responsen ein håpar på, er ei smertefull oppleving, fortel programleiar Martin Beyer-Olsen (44) i podkasten «Norsk standup – Hva er vitsen?».

På standup-språk er dette å «bombe».

Men bombing på scena er ikkje nødvendigvis berre at publikum ikkje ler.

Snorre deler opp bombing i tre ulike typar:

  1. Ingen ler
  2. Ein får litt humring og sympatilatter
  3. «Heckling» eller uro i publikum

Den andre typen bombing meiner Snorre er den aller verste: når det går «sånn heilt greitt». Du høyrer litt humring av og til, kanskje aller mest av sympati.

– Det å dra frå eit show og vite at publikum tenker: «Ja, han var heilt grei.»

At ingen ler, er noko litt komisk i seg sjølv, synest Snorre.

– Det er litt deiligare å takle enn at det gjekk ok minus.

Vil drite ut den som «hecklar»

Den tredje typen i bombe-systemet til Snorre, når ein blir «heckla», synest Snorre er ei slitsam øving.

Å bli «heckla» vil seie at folk forstyrrar den som står på scena på ein eller annan måte. Det kan vere at folk ropar ting ute i publikum eller begynner å snakke tilbake til komikaren, slik at han kanskje må stoppe opp og svare i staden for å kome med dei planlagde poenga.

Men etter å ha gjort ein del standup har Snorre lært seg kva som fungerer for han i slike situasjonar.

– Eg prøver å ende opp med å drite ut personen som «hecklar», seier Snorre. Eller så er det å bruke det gamle Jonis-trikset, som eg kallar det.

Jonis sit på ein barstol på ei scene. Bak han er det mørke scenetepper og ljoskastarar. Vi ser han frå knea og opp. Jonis har på seg beige antrekk: Chinos og ein tynn genser med krage. Han bruker ei stor sølvklokke på venstre hand. Denne handa held han og ein mikrofon i. Den andre armen er uklar og bevegelse grunna gestikulering. Håret til Jonis er kortklipt og skjegget er er kortbarbert. Han har eit overraska, engasjert uttrykk i fjeset, med heva augebryn. Ved sidan av han står eit barbord med to vanndlasker og ei ølflaske av glas.
ERFAREN: Jonis er kjent frå både blant anna standup-scena, serien «Kongen av Gulset» og podkastane «Dynga» og «Karakter». Foto: Frå «Woke» på TV 2 Play

Jonis Josef (32), som har drive med standup lenge, har vore ute for litt av kvart på scena. Han har vore ein slags mentor for Snorre og lært han nokre knep han kunne bruke i slike situasjonar.

«Det der er ikkje humor»

– Viss det berre er nokon som hecklar, er det fint å bruke publikum til å vende seg mot den personen, seier Snorre.

Jonis-trikset går ut på å minne publikum på at dei har brukt pengar på dette showet, og at denne eine personen øydelegg for alle. Dette blir gjerne møtt med applaus.

– Det pleier å fungere ganske bra, seier Snorre.

Jonis er i eit gult og tre-farga P3-studi. Bakgrunnen er uklar og han er i fokus. Han har mørkt krøllete hår, blå caps og fargerik jakke med ei kvit t-skjort under. Han smiler til kamera.
GODE HISTORIER: I standup-podkasten fortel Jonis blant anna historia om første gong mora hans kom på show, og ho ba han om ikkje å tulle med religion eller familie, som var akkurat det han hadde tenkt å tulle med. Foto: Jonas Jeremiassen Tomter, NRK P3

I podkasten «Norsk standup – Hva er vitsen?» er både Jonis og Snorre gjestar, saman med fleire nye og eldre komikarar. Her snakkar Snorre blant anna om kor sårbart standup eigentleg er.

Å stå på scena for å få folk til å le kan ende med å gi publikum den heilt motsette følelsen av kva dei kom dit for å få.

– Humor og standup er den einaste kunstforma der mottakaren kan seie: «Det der er ikkje humor», seier han i podkasten.

Her samanliknar han dette med at ein aldri går på konsert og seier at det ikkje er musikk. Uansett kor dårleg det er, er det objektivt musikk ein høyrer.

– Ein kan bombe så fælt at nokon kan bli sinte når du skal få dei til å le, ler Snorre i podkasten.

Snorre sit i eit P3-studio med ein stor gul skjerm bak seg. Det er ein gul P3-mikrofon retta mot han. Snorre har oransje hår, beige caps med blå skrift på og ein beige genser med kvit t-skjorte under. Han smiler mot høgre for kamera.
FULLSTENDIG BOM: Snorre synest at det kan vere humoristisk i seg sjølv når ingen ler. Foto: Herman Henriksen, NRK P3

For Snorre starta standup-karrieren heldigvis bra. Men då han skulle stå utanfor Oslo for første gong, møtte han eit publikum han ikkje var van med.

«Det er publikum som ikkje forstår noko»

– Dei var 50 år pluss. Så var det kanskje 15 stykk, fortel Snorre til P3.no.

Han merka at publikum ikkje heilt forstod kva slags humor han hadde. Enten det, eller så syntest dei det berre ikkje var noko gøy.

– Det er litt absurd at ein står der og seier noko som skal vere morosamt, og så er det ikkje nokon latter.

Vanlegvis brukte Snorre latterpausane på å tenke gjennom kva neste vits var. Men no måtte han tenke i stillheit.

Snorre ser alvorleg inn i kamera og har armane bak ryggen. Bakgrunnen er ein lysebrun vegg. Han har oransje hår og skjegg. Genseren hans er blå.
INGEN LO: Snorre bomba for første gong etter å ha stått fem–seks gongar. Foto: Christian Bastiansen

– Då må ein kanskje dra opp lappen ein har i lomma med stikkord på. Så då blir det veldig lågt tempo og er veldig kleint, seier Snorre.

Når ein ikkje får latter, må ein berre gå vidare til neste tema eller neste vits. Men for ein uerfaren Snorre som bomba for første gong etter kort tid i bransjen, var dette vanskeleg.

– Eg huska at eg blei ganske sur. Eg blei litt sint.

Den første tanken Snorre sat med etter den vonde første-bombinga, var at det var publikum sin feil.

«Det er jo publikum som ikkje forstår noko», tenkte han.

– Derfor mange ikkje likar standup

No som Snorre har halde på med standup ei stund, forstår han at det ikkje var publikum sin feil, men at det var han sjølv som ikkje heilt trefte publikumet.

– Eg var ikkje trygg nok på scena til at publikum kunne slappe av og le av det eg kom med, seier han.

Marlene Stavrum (29), som har drive med standup i mange år, trur at mange i publikum synest det er ubehageleg dersom ein standupkomikar bombar.

– Eg trur det er derfor mange ikkje likar å sjå på standup. Dei synest synd på dei som står der, seier ho til P3.no.

Marlene står i ein hage med armane bak ryggen. Det er ei grasslette med nokre steinheller, eit tre og busker bak seg. Ein kan også sjå ei campingvogn og ein raud låve bak henne. Ho har lyst hår oppsett i ein knute, svart bukse og svart t-skjorte det står «Førstemann» med kvit skrift på. Ho smiler inn i karmera.
«FØRSTEMANN»: I haust var Marlene med i Martin Lepperød sin realitykonkurranse på NRK. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Når ein annan komikar allereie har gjort publikum ukomfortabel, synest Snorre det kan vere deilig å gå på scena etterpå. Då kan han vere den som tryggar dei opp igjen.

– Men eg synest det er ganske jævlig å vere kjelda til det, seier han.

Og Snorre merkar på publikum dersom dei synest det er ubehageleg.

– At dei vender blikket bort frå scena. Det verst tenkelege er å gjere publikum ukomfortable. Det er det motsette av å gjere det riktige, seier han.

Det er betre at publikum seier direkte til vennane sine at «haha, det er flautt» eller «det syg så mykje», synest Snorre.

– Men å få den passive ukomfortabelheita, det er vondt.

Empati med komikaren

Psykolog Fredrik Lian trur at grunnen til ubehaget blant publikum, dersom komikaren bombar, er at det vekker empati.

– Det er deilig å sitte i eit publikum og sjå ein komikar som toler at publikum ikkje ler. Men når ein merkar at komikaren har låg sjølvkjensle, blir sjenert og usikker, då blir det ubehageleg.

– Då føler ein seg litt pressa til å le litt for at sjølvkjensla til komikaren skal overleve kvelden. Då er humoren borte, seier han.

Fredrik Lian ser inn i kamera. Han har ein beige vegg, eit maleri og ei lampe bak seg. Han har kort brunt hår og grøne auge. Han har litt skjegg og ein mørkegrå genser med høg hals.
PSYKOLOG: Fredrik Lian trur at ubehaget publikum føler på, handlar om empati. Foto: Linn Kristine Byre Johansen

Og det er nettopp sjølvkritikk og sjølvkjensle han trur er grunnen til ubehaget komikaren på scena kjenner på dersom han bombar.

– Det vil vere individuelt, men ein står i ein kompleks emosjonell situasjon i påsyn av alle andre. Det er veldig sårbart, seier Lian.

Bombing til sin fordel

Når ein har jobba med noko, men ikkje får den responsen ein ser føre seg å få, kan det oppstå ein frustrasjon og irritasjon.

– Ein står og er irritert på seg sjølv i form av flauheit. Ein skammar seg, seier Lian.

Han forklarar at kor mykje ein føler på det, er ulikt frå komikar til komikar. Men om ein har mykje sjølvkjensle knytt opp imot om folk ler eller ikkje, kan det å bombe på scena vere svært vondt.

– Viss tilhøyrsle sosialt og verdien som menneske er knytt opp imot om folk ler eller ikkje, så har ein eit svært risikabelt prosjekt når ein står på scena, seier Lian.

Lian trur det er betre heller å bruke den negative responsen til sin fordel, for å gjere det betre neste gong.

– Men det er lov til å synast det er kjipt. Det er frustrerande og vondt, og det er trist at ein har jobba så hardt, men så er det ingen som ler. Så er det noko med å ha ei innstilling om at dette her også er gull verdt, seier han.

Vil ta hemn på publikum

Dei utanforståande tenker kanskje: «Kvifor i alle dagar har du lyst til å utsette deg for å stå på scena igjen etter at det gjekk så dårleg sist?»

Snorre har svaret på dette klart: hemn.

– Ein skal gjere opp. Ta hemn på publikum. Det er det det følest som om det går dårleg. «Sjåast neste torsdag, for då skal eg ta hemn.»

Der Snorre ser ei moglegheit for hemn, ser Marlene ei moglegheit for forbetring.

Marlene sit i ein blå sofa bøygd over ei notatblokk. I rommet står det nokre bod med diverse bøker, dukar, lamper og småting på. Det heng brune lange gardiner i vindauget, og veggane er kvite. Marlene har blondt hår sett opp i ein knute, grå genser og svart bukse.
MANUS: Tidlegare gjekk Marlene svært innøvd gjennom settet, men no likar ho å improvisere meir på scena. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

– Det er jo som med andre ting ein ikkje får til. Ein prøver på nytt og skal vise at ein kan det, seier ho til P3.no.

Marlene ser ikkje poenget i å skylde på publikum dersom det går dårleg.

– Det synest ikkje eg er noko hyggeleg, i alle fall, seier ho.

For det er ikkje publikum sin feil om det går dårleg. Så å skylde på publikum for å ha dårleg humor eller vere kjedelege, meiner ho ikkje er løysinga.

– Publikum er jo der for å ha det gøy, seier Marlene.

Så sjølv om det av og til går dårleg for standup-komikarane, og både dei og publikum blir flaue, er det verdt det. Det er jo ein grunn til at dei går opp igjen på scena igjen, gong på gong.

MEIR SOM DETTE:

Siste fra P3.no: