nrk.no

Kva i alle dagar er eigentleg emo i 2023?

Dei siste åra har det dukka opp fleire norske emo-band, og sjangeren vert skildra som meir vital enn nokon gong. Kva legg Lille Venn (26) i å vere emo?

Få sjangrar har vore så utskjelt og gjenstand for vitsing som det emo har vore dei siste 15 åra. Berre ordet aleine kan vekke assosiasjonar til andre halvdel av 2000-talet og dramatiske tenåringar med farga hår og Tumblr-profil.

Trass eit slikt negativt stempel hjå mange, svergar framleis både unge og vaksne til sjangeren. Og dei siste åra har det dukka opp fleire norske band og artistar som på den eine eller andre måten passar emo-stempelet.

Kva er det med denne sjangeren, som gjer at folk i ulike aldrar knyter seg så sterkt til han? Og kva er eigentleg emo i 2023?

DRAMATISKE TENÅRINGAR: Dette er kva som kjem opp når ein googlar «emo», men skal ein tru på alt Google seier? Foto: Skjermdump, Google.

Taylor Swift på utsida, kaos på innsida

– Det er sikkert ulikt for ulike folk kva dei får ut av emo, men eg trur det er ein raud tråd med å vere veldig i kontakt med kjenslene sine. At det er meir personleg og nærare enn det du finn i mykje annan musikk, seier Helene Brunæs (26).

Under artistnamnet Lille Venn er ho eitt av dei ferskare tilskota til den norske emo-scena. Takk vere storebroren har sjangeren alltid vore del av musikksmaken hennar.

FRÅ BARNSBEIN AV: Då dei andre 13-åringane sette på dubstep, stengde Helene det ute med band som The Get Up Kids på headsettet. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

I tenåra merka ho at fleire sat på eit misvisande bilete av kva det ville seie å høyre på sjangeren.

– Det var mange som trudde det å høyre på emo var det same som å vere goth, gå med eyeliner og kle seg i svarte klede. Men på utsida såg jo eg mykje meir ut som ein kva som helst Taylor Swift-fan, på innsida hadde eg ikkje peiling på kvar eg høyrde til.

Det handlar ikkje om å synast synd i seg sjølv, men heller å erkjenne at ikkje alt er enkelt. Det er ikkje «den låten du kan vere lei deg til», men eit produkt av noko menneskeleg og ekte, ifølgje Helene.

– Det er veldig lett å relatere til veldig mykje av det om du ikkje heilt veit kven du er, eller korleis du skal passe inn.

Emo kan forvirre sjølv den mest hardbarka musikkhistorikar

Morten Samdal er blant dei i landet som har følgt emo-sjangeren tettast dei siste tjue åra. I tillegg til å spele i norske emo-band som Probleman og Onsloow har han mellom anna arrangert festivalen Sandermosen Emofestival.

Han skildrar emo som ein sjanger med så mange uttrykk at sjølv den mest hardbarka musikkhistorikar kan bli svimmel. Han gir likevel eit forsøk på å konkretisere kvar emo kjem frå og kva det er i dag.

– Det starta som eit slags motsvar innan den elles så politiske punken. Emoen heldt på intensiteten og aggresjonen, men tok det i ei meir personleg og introspektiv retning.

– Det vart meir plass til melankoli, som etterkvart også kom fram i musikken. Låtane vart gjerne lengre og meir oppbyggande, og musikken meir utforskande.

Morten Samdal sitter i svart t-skjorte og brune bukser og spiller trommer.
INVOLVERT: Morten Samdal har spelt i fleire band, drive plateselskap og arrangert festival og konsertar for norske emo-entusiastar. Foto: Ida Muren.

I takt med at pop-punken vart større og meir kommersiell utpå 1990-talet, blomstra det fram ei bølge der råskapen frå tidleg emo vart kombinert med meir catchy refreng og konvensjonelle låtstrukturar.

– Det er i stor grad denne retninga ei bølge av ungdommar har hekta seg på dei siste 10–15 åra. I USA ramlar det no ut emo-band frå alskens kjellarar.

Morten og fleire med han rynka på nasen då sjangeren nådde si kommersielle høgde i andre halvdelen av 2000-talet og etablerte det negative biletet mange har av emo.

Fashion og stil utan innhald, kallar han perioden.

Men i dag ser han sjangeren som meir vital enn nokon gong, med ei enorm spennvidde i uttrykk.

– Emo har rett og slett blitt stemma til ein heil ny generasjon outsiderar som treng ei hamn å samle seg i.

Må blottlegge seg

Lille Venn nemner både Blink-182, Taylor Swift og Modern Baseball som relevante referansar for musikken hennar, og reknar i hovudsak musikken ho lagar som pop-punk.

Det er mentaliteten ho går inn med som vippar musikken over i emo-landskapet.

– Eg set meg aldri ned og tenker «åh, no skal eg skrive om dette». Det er meir at eg til dømes er kjempelei meg og må få det ut på ein eller annan måte. Elles er eg ikkje ein triveleg person å vere rundt. Det er eigentleg veldig terapeutisk.

INGEN ORDEN: Lille Venn samanliknar skriveprosessen sin med å rable ned tankar i ei dagbok. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Med låten «Mourning Sickness» er Lille Venn utnemnd som «Månadens Urørt» i april. Låten handlar om då ho ikkje kunne stille i gravferda til bestefaren, og å godta at nokon ein var glad i, er borte.

Ho brukar låten som døme på at det er nødvendig for henne å pushe seg sjølv for å få eit resultat ho kan stå ordentleg inne for.

– Eg må tillate meg sjølv å vere skikkeleg lei meg eller forbanna, og veit låten er bra om eg har vore 100 prosent ærleg i prosessen. Om eg ikkje er ukomfortabel med resultatet, er det ikkje ferdig. Med «Mourning Sickness» måtte eg blottlegge meg heilt for at det skulle bli bra.

Ei bølge innan norsk emo?

Då Helene var to år, flytta familien til Singapore. Det skulle ta om lag 20 år før ho returnerte til gamlelandet på heiltid. I mellomtida rakk ho å bu i både Australia, England og USA.

Medan det gav henne sjansen til å gå på emo-show i New York og utvikle ein amerikansk sound på musikken hennar, fekk ho ikkje med seg så mykje av kva som skjedde på den norske musikkscena.

Den første låten hennar, «Not De@d», kom ut om lag på same tid som artistene Probleman og Rektor slapp deira første singlar innan emo-sjangeren. Då merka ho at det var fleire som henne her til lands.

– Eg kjende jo ingen i miljøet då eg lasta den opp. Då eg høyrde dei, tenkte eg «åh shit, det her er jo dritkult. Dette er noko eg kunne tenkt meg å sjå i utlandet, berre med norsk tekst!»

GODT MOTTEKEN: Lille Venn har vekt stor begeistring i det norske emo-nettverket. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Sjølv om fleire band har slutta seg til scena det siste året, vil ikkje Morten Samdal seie vi nødvendigvis er vitne til ei bølge innan norsk emo. Vi har alltid hatt aktive band innan sjangeren, seier han. Men han er glad for spennet i dagens scene og den sosiale arenaen det tilbyr.

– Vi har band som Flight Mode, som forvaltar 1990-talsnostalgien, medan ein drøss nyare band, som Lille Venn, Rektor, Lâche og Sløtface bidreg til å dytte sjangeren i ulike retningar.

– Det betyr at på emo-gigs i Noreg samlast gamle, sure menn på 45 og kids på 20 seg i skjønn foreining!

MER OM «URØRT»:

Siste fra P3.no: