Sædskammen: – Mange menn synest det er vanskeleg å ta denne prøven

Tanken på å finne ut av om du kan få barn eller ikkje, er skummel for mange menn. Det gjeld ikkje programleiarane i «Karakter».

Det senkar seg likevel eit alvor over dei tre mennene, der dei står i heisen opp til fertilitetsklinikken Livio, ein klinikk som testar og hjelper par som ikkje klarar å bli gravide på eiga hand.

– Viss eg må ringe kjærasten min og seie «hei vi kan ikkje få baby.» Då …, seier Martin Lepperød og ser med skrekkblanda fryd på kompisane.

Henrik Farley (27), Jonis Josef (28) og Martin Lepperød (27) lagar radioprogrammet «Karakter» kvar fredag på NRK P3.

Sjå heile turen til klinkken nedst i saka.

Det kan til tider gå hardt føre seg. Før koronatiltaka sette inn, bestemte dei seg for å konkurrere om kven som har best sædkvalitet, og han som kjem dårlegast ut, blir skoten med potetkanon.

SÆDPRØVE: Martin håpar han ikkje er steril. Her leverer han frå seg sædprøve til testing. FOTO: Christopher Oulie.

Mange menn kvir seg

På klinikken møter dei Brit Randi Jonassen, embryolog og labsjef ved Livio IVF-klinikken. Ho har sjekka sædkvaliteten til norske menn i over 15 år.

Før dei kom, bad ho dei tenke seg godt om. For dei kunne risikere å få eit negativt svar, eller få vite noko dei ikkje venta seg. Korleis ville dei takle det?

– Mange menn synest generelt det er vanskeleg å kome hit for å ta denne prøven. Mange tenker nok at dette med å få barn, det får eg til, men vi som jobbar med dette, veit jo kor mykje som skal til for å oppnå ein graviditet og fødsel.

Kva er god sædkvalitet?

Definisjonen på infertilitet er par som ikkje blir gravide etter å ha prøvd i eitt år. Det rammar kring 15 % av par i fertil alder i Noreg.

Årsaka er jamnt fordelt mellom kvinner og menn, men av og til klarar ein heller ikkje å finne ut av korfor det ikkje blir barn.

ASSISTERT BEFRUKTING: Brit Randi Jonassen seier ho gjer mange fleire mikroinjeksjonar no enn då ho starta for femten år sidan. FOTO: Christopher Oulie.

– Dei som oppnår ein graviditet, har i utgangspunktet god sædkvalitet, forklarar Brit Randi.

Inne på laboratoriet brukar dei metodar utarbeidde av WHO for å måle sædkvalitet og ser om han er innanfor referanseverdiane for volum, konsentrasjon per ml og tal på sædceller som er levande.

I tillegg ser labteknikaren på rørslene til sædcellene, at dei har god fart aukar nemleg sjansen for å befrukte eit egg, seier ho til P3.no.

Diffus og vag sak

– Det vi måler på laboratoriet, det er berre ytre kjenneteikn på spermiane, seier Trine B. Haugen til P3.no over telefon.

Ho er professor og leiar av forskingsgruppa Reproduktiv helse hos menn ved Oslo Met.

Trine var også med i WHO, der ho var med på å utarbeide metodane som blir brukte for å måle sædkvalitet.

Desse verdiane kan vere med på å gi ein peikepinn på kor sannsynleg det er å gjere partnaren gravid.

– Men det kan vere veldig mykje anna med spermiane som vi ikkje ser, legg ho til.

– Noreg blir ofte trekt fram som veldig dårleg på sædkvalitet, og det skuldast ein studie som eg gjorde saman med dei nordiske og baltiske landa for tjue år sidan. Det er litt synd at det stadig blir trekt fram, for vi veit ikkje korleis det står til i dag.

SPERM PÅ SKJERM: Slik ser sædcellene ut under mikroskopet. FOTO: Christopher Oulie.

Sjå, dei svømmer!

– Det er det sjukaste eg har sett! ropar Jonis.

Tilbake på laben er dei godt i gang med å teste sædprøvene. Ei einsleg sædcelle svømmer over skjermen. Jonis tar seg til hovudet og spør:

– Dei her, dei som ligg i ro, er dei heilt døde?

På laben tel dei alle sædcellene, levande og døde, for å finne sædkonsentrasjonen.

– Eg berre antar no, før du seier nokon ting som helst, at dette er supersperm, seier Martin om sin eigen sæd. Han ser forventingsfullt på Brit Randi.

– Det er ein helt normal prøve, konstaterer ho.

Eit gisp går gjennom rommet då Henrik sine spermiar dukkar opp på skjermen. Fleire av sædcellene har samla seg i ei klynge.

– Er det fordi det er for mange av dei? spør Henrik.

– Dette er noko vi kallar agglutinasjon, det kan kome av at du har antistoff i sæden, så då må vi gjere ein utvida test. Det er ikkje farleg. Det er ikkje unormalt at vi ser dette.

SLÅSTKAMP: Sædcellene til Henrik klumpar seg saman på skjermen. FOTO: Christopher Oulie.

Lev sunt

Det er generelt ikkje så mykje konkret ein kan seie om kva som gir god sædkvalitet, fortel professor ved Oslo Met, Trine B. Haugen, til P3.no.

Sjølv om det er gjort mange små studiar på kva som kan gi betre kvalitet, er ingen store nok til å konkludere.

Likevel, om ein samlar det som er gjort, ser ein at eit kosthald rikt på omega-3-feittsyrer, antioksidantar og lite metta feitt og transfeitt, kan vere gunstig.

– Viss ein er lege, så kan ein ikkje seie «et omega-3-feittsyrer så får du barn». Men ein kan kanskje likevel seie at om du ligg i eit område som er litt nedsett, så kanskje du kan auke sannsynet for å få barn, forklarar Trine.

PROFESSOR: Trine B. Haugen seier ho gjerne skulle ha repetert studien på sædkvalitet blant dei nordiske og baltiske landa, for å få ferskare tal. FOTO: Sonja Balci/OsloMet.

I tillegg er det bra for testiklane å røre på seg slik at dei ikkje blir så varme.

– Det høyrest litt kjedeleg ut, men det å leve sunt er ikkje berre bra for hjarte og kropp, men for spermiar også.

Nokon rask og enkel kur for dei med dårleg sædkvalitet, finst ikkje.

Kvaliteten er noko som kan endre seg over tid, så skal ein først undersøke seg, kan det vere greitt å vite at det ikkje held med berre éi prøvetaking.

Ho rår også menn til å vere forsiktige med kva dei puttar i seg av muskelfremjande produkt.

– Dei kan innehalde hormonliknande stoff, som anabole steorid, og det kan i verste fall fjerne sæden din heilt, seier ho.

Ingenting vi ikkje har sett før

På laben til Livio IVF-klinikk, er det på tide å kåre vinnaren av best sædkvalitet. Dei tre kompisane hadde ganske ulike prøver.

Jonis hadde ein konsentrasjon av sædceller under referanseverdiane til WHO, medan Martin hadde ei heilt normal prøve. Sjølv om Henrik sine sædceller såg ut til å vere i slåstkamp med kvarandre, er det han som går av med sigeren, han hadde mest sperm, trass alt.

Brit Randi vil også legge til at Jonis ikkje fekk heile prøva si oppi koppen, slikt kan påverke resultatet.

Og ho forsikrar dei om at det ikkje var noko her som ho ikkje har sett før. Dei er heilt normale.

Ikkje vent for lenge

Begge sædekspertane meiner det er viktig at par som har prøvd i eitt år utan å bli gravide, testar seg.

Det gjeld både mannen og kvinna. Det skal både sperm og egg til for å lage barn, så ein må sjekke alle moglegheiter om ein ikkje blir gravid for eiga maskin.

Men å gå rundt og uroe seg for sædkvaliteten i det daglege, er ikkje noko unge menn skal bruke tida på, seier Trine B. Haugen.

Likevel er det viktig å ha kunnskap om at alder spelar inn negativt, både for mannen sin sædkvalitet og kvinna sine egg.

– Mange i dag ventar alt for lenge før dei får barn. Viss ein har redusert sædkvalitet og ventar med å få barn til ein partnar er over 35 år, så kan det by på utfordringar med å få barn. I tillegg kan det vere andre grunnar til at ein er infertil, seier Brit Randi.

Sjå turen til klinikken og korleis dei reagerte på resultata her: