nrk.no
KAMP: Det var ikkje berre enkelt å få alt på plass til russetida. Foto: Helene Mariussen

Leddrussen

Jacob Lyche (18) har gledd seg til russetida sidan barneskulen og er bussjef på landets kanskje mest legendariske russebuss. No angrar han.

– Var det piss? I trudde de’ va’ øl, i. Ikkje rart i spydde, seier ein av gutane som har vaska rundt bakdøra på den 18,5 meter lange leddbussen.

I grøne Malmefjorden, midt mellom fjord, fjell, løvetann, kyr og sauar, yrer det av blå- og raudkledde rundt monsteret av eit rullande bassdiskotek. 

Gutegjengen frå Molde kjøpte han uvaska. No har dei eit kappløp mot klokka for å få bussen klar.

Ved eit rustent hjulfeste hamrar ein mann i raud kjeledress laus med slegge
KRITISK: Skal bussen gå gjennom EU-kontrollen må alle hjula gå rundt.

Ved eit rustent hjulfeste hamrar ein mann i raud kjeledress laus med slegge. På Instagram-storyen til russegruppa står det: «Fyf, no ryk rt».

Det er berre ein dag til den største russebussen i Møre og Romsdal skal på EU-kontroll.

Og RT – russetida – er to dagar unna.

Høyr meir om siste innspurten til gjengen før rulletida – i NRK-podkasten VG3.

Bussjef Jacob Lyche sit i loungen på bussen. Midtskil, t-skjorte og blå russedress.
BUSS-LYKKE: Bussjef Jacob Lyche har funne lykka – i ein gamal leddbuss frå 1992. Eller har han eigentleg det? Foto: Helene Mariussen

Frå rutebuss til russebuss

Medan bussjef Jacob Lyche og Molde-gjengen stressar med alt frå justering av hjul, fiksing av anlegg og vasking, skal me tilbake til 1992.

Da blei den no grafittimalte doningen kjøpt inn som bybuss til den ferske vegforbindelsen Rennfast i Stavanger.

Volvo. 340 hestekrefter.

Fleire meter lengre enn alle andre bussar i byen. I nesten to tiår frakta han siddisar og studentar rundt i oljehovudstaden.

Faksimile frå Rogalands Avis om gratis tur med leddbussen, med Martin Schanche som sjåfør og Per-Inge Torkelsen som guide.
STAVANGERS LENGSTE: I 1992 var det leddbussfeber i Stavanger. Faksimile: Rogalands Avis.

Så, i 2009, tok livet ei brå vending for leddbussen.

Han blei omskulert til russebuss på Nadderud i Bærum. Nye arbeidsoppgåver. Kanskje meir spennande. I alle fall meir intenst.

Martin Næsgaard var i 2009 sjef for russegruppa som bygde om bussen. Han blir overraska da NRK ringer med spørsmål.

– Har du høyrt? Bussen lever framleis, ja!

Han fortel at det ikkje var vanleg med russebussar på skulen deira, og at bussane til sals i Bærum låg på 500.000 til 800.000 kroner.

Så fekk nokon nyss om at trafikkselskapet i Stavanger skulle skrote to leddbussar grunna nye forskrifter om setebeltefeste. Gutegjengen kjøpte den eine for 75.000 kroner.

Deretter venta eit års jobbing.

– Me lærte medan me heldt på. Det var ingen å spørje om oppskrifta på å gjere om ein rutebuss til godkjent russebuss, fortel Næsgaard.

  • Gul buss med kvite striper, tar seg av t-baneline 5 rundt Songsvann i Oslo.

«Noregs lengste russebuss»

Dei måtte demontere, flytte og sikre alle seta til å tole tre tonns trykk. Sveise på ekstra jernstenger. Sikre nødluker og nødutstyr. Fjerne spisse kantar. Stadig nye telefonar til Vegvesenet.

Det må ha vore ein enorm jobb. I kva grad var det verdt jobben?

– Budsjettet vårt var på 21.000 kroner per pers. For meg var heile prosessen positiv, men eg kan ikkje snakke for andre bussjefar rundt i landet.

Dei lærte om PR, sponsing, mekanikk, økonomi og å finne kreative løysingar. Sjølv lærte bussjefen masse om organisering og prosjektering. Det var ein omfattande jobb å halde styr på 25 ungdommar.

Tolv år seinare er Næsgaard utdanna lærar og held kurs i digitale løysningar i skulen.

Han seier at prosjektet deira ikkje var like populært blant alle.

– I Bærum var det ein sterk tradisjon for at ein skulle kjøpe dei russebussane som var tilgjengeleg. Det var mange som ikkje likte at me kom med ein heilt «ny» buss.

Dessutan er bussen ein halvmeter lengre enn dei vanlege russebussane. Det brukte gruppa for alt det var verdt.

– Me kalla oss den største bussen i området og fekk streng beskjed om at det ikkje var greitt!

Faksimile av ulike salsannonsar av bussen. Ord som Norges lengste og legendarisk går igjen.
SALSANNONSAR: Lengda og det legendarisk stygge tilnamnet går igjen i salsannonsar gjennom åra. Faksimilar russehjelpen.no.

Den ekstra halvmeteren blei vektlagt da dei skulle selje bussen, og «Noregs lengste russebuss» har gått igjen i salsannonsar det siste tiåret.  

– No blir bussen selt som «Den legendariske Fitteprinsen». Er det også arven etter dykk?

– Haha, det er rimeleg hardt å melde! Nei, det var ikkje oss. Me kalla oss «Bee Alive» – me var ikkje så vågale!

  • Jacob Lyche fiksar noko teknisk bak bussen. Bakpartiet er malt med grafitti.
  • Jacob Lyche kostar litt inne i den mørke og breide bussen.

«Er du distrikt, kan du henge deg»

Den 29 år gamle leddbussen glir gjennom EU-kontrollen. Og er igjen klar for rulling. Den trettande sesongen som russebuss.

Han har rulla i Stavanger, Oslo, Bærum og Drammen og er no klar for Moldes bratte gater.

Sidan 2009 har bussen vunne eit tosifra tal med lokale prisar, for eksteriør, interiør, lyd, lys og konsept. Det at den er ekstra lang gjer den også til litt av ei legende innan russebussane i Noreg.

Gjennom heile skuleåret har podkastserien «VG3» følgt bussjef Jacob Lyche, og heile tida har han snakka om russetida på innpust og utpust. 18-åringen har gledd seg til russetida sidan han gjekk på barneskulen.

– Eg såg jo først for meg at me skulle ha van, sidan me gjekk rundt her i Molde og ikkje visste betre. Men så blei ambisjonane større, og no har me den største bussen i fylket gjennom tidene.

To gutar vaskar inne i ein diskotekliknande buss.
RULLEDISKO: Det ser kanskje ut som ein utestad på biletet, og det er nettopp det det er – berre at det er på hjul. Foto: Helene Mariussen

I Møre og Romsdal har det ikkje vore vanleg med russebussar før for eit par år sidan. Gjengen har gitt leddbussen namnet «Distriktet».

– Sidan så mange i Oslo syng «er du distrikt, kan du henge deg» og trur at dei er dei einaste som eksisterer, tar me eigarskap til uttrykket distriktsruss. Litt sjølvironisk og grovt, seier bussjef Lyche.

Røykmaskin, lounge, LED, lyskastarar og laserar. Lydanlegg som skal kunne spele 141 desibel. Det svarar til ein jetmotor 50 meter unna.

Baki bussen er det glasmontrar laga av Pimp, ein tidlegare møblesnikkar frå Romerike som no er prisvinnande russebussdesignar.

Til den eine monteren har Lyche kjøpt inn verdas lengste sigar. Over 50 centimeter lang og stempla med Guinness-klistremerke.

– Han på sigarbutikken i Ålesund sa at dei hadde selt ein liknande til russen i Ålesund, og at dei delte han på veg til Landstreffet for nokre år sidan. Sigaren varte visste heile vegen til Stavanger.

Monter med sigar på ein halv meter, samt ei krokpipe og sigarkuttar.
SIGAR: Det er ikkje berre bussen som er overdriven lang. Foto: Helene Mariussen

Stressmessig berg-og-dalbane

Men i år blei det ikkje landstreff. Molde-russen fekk aldri vist fram bussen til resten av landet.

Dermed blir det fullt fokus på kortreist rulling. Og denne varme junikvelden skal dei ut på vegen for aller første gong.

– Kor gøy er det å rulle?

– Det veit eg ikkje ennå. I VG1 var eg med nokre jenter på ein van, og det var overraskande bra, det! Så eg trur det skal vere ganske bra, men me får sjå, seier Jacob Lyche forventningsfullt.

Likevel går kjenslene konstant opp og ned. Ein dag storgler han seg, den neste er alt berre stress.

– Plutseleg seier koronareglane at me berre kan vere ti i bussen, så er det krøll med hjulet før EU-kontrollen, så skal alle andre ut og rulle – det er eit forferdeleg stress. Eg har lagt mykje ansvar på mine skuldrer.

Nærbilete: Røyk og laserlys kjem frå toppen av bussen.
RØYKMASKIN: Noko av det viktigaste ved bussen er lyskastar og røykmaskin. Utan røyken ser ein ikkje lysstrålane frå taket. Foto: Helene Mariussen

Sjølv om det nok var enda meir stress å gjere leddbussen om frå rutebuss, er det nok av utfordringar:

  • Bussen har no rulla 1,3 millionar kilometer.
  • Da dei før EU-kontrollen løfta opp ei dekselplate under leddet, dukka det opp rundt hundre tomflasker, uopna Red Bull og McDonalds-posar frå 2017.
  • Dei har hatt stadige innbrot for å avsløre designa og konseptet deira.

For å unngå avsløringar gøymte dei bussen på andre sida av fjorden, på Vestnes. Likevel klarte ei rivaliserande russegruppe å finne han og publisere avslørande bilete frå under presenninga.

Dessutan ville gruppa hans tene pengar på å halde det årlege russepresidentshowet i Moldes storstue Bjørnsonhuset, men det rauk på grunn av pandemien.

– Og me får ikkje koronastøtte, for å seie det milft, seier Lyche med glimt i auget.

Livet er ikkje lett for ein russebussjef.

– Skulle ikkje vore bussjef

Dei har vaska og styla bussen innvendig frå Jacob stod opp i formiddag. Han ser på klokka.

– Oi, er ho halv seks allereie? Eg trudde ho var sånn fire.

Jacob ringer den første av to innleigde sjåførar. Snart klar. No må 18-åringen få i seg noko mat. Og så må jo gutane rekke å vorse.

  • Den lange leddbussen med "Distriktet" malt i godt synleg grafitti, på veg forbi Bolsønes verft i Molde
  • Fire gutar blant laserdisko inne i bussen.
  • Ein politibil har køyrt opp på nabopumpa på bensinstasjonen.
  • Gutane fyllar drivstoff på aggregatet.
  • Fire lykkelege gutar i blårussedress og med pils handa, held rundt kvarandre.

Nær halv tolv svingar den rullande bassmaskina inn ved Volvo-forhandlaren utanfor Molde sentrum. Fire gutar kjem løpande med Rema-posar med øl.

Dei rullar av garde til ein månad med nachspiel ved ferjekaia i Aukra. Til soloppgangar ved ikoniske Atlanterhavsvegen. Til avlevering ved skulen klokka 08:00, til fleire naboars irritasjon.

– I kva grad har det vore verdt det?

– Det er blanda kjensler. Det hadde ikkje vore dumt å gå ut av vgs. med gode karakterar og masse pengar på kontoen, seier Jacob Lyche.

Gutane skålar opp i lufta, framfor den grafittimalte bussen.
SKÅL: Etter tre år med førebuingar er det endeleg rulling. Foto: Helene Mariussen

Derfor angrar han på at han tok på seg ansvaret med å vere bussjef.

– Skulle eg tatt VG3 om igjen, skulle eg ikkje vore bussjef. Det går sjukt ut over skulen. Eg må nok ta opp fag.

Før 18-åringen tilføyer at det er viktig å vektlegge det som gjer deg glad og lykkeleg, og å prioritere opplevingar.

– Eg vil heller dra på ferie enn å kjøpe dyre klede, heller russebuss enn ein eigen bil som uansett havarerer om to år.

Gutane dansar og hoiar framfor den enorme leddbussen. Dei er klare for rulling.
PRINSEN: Kongen av russebussar klarte seg i år også. Foto: Helene Mariussen

LES MEIR:

Siste fra P3.no: