nrk.no

Leona er kronisk singel. Dette kan vere grunnane til at nokon ikkje får seg kjæraste

Er du singel, men vil ikkje vera det? Då bør du lesa dette.

Leona Charlotte Wagner er 23 år og bur i Oslo.

Lofotværingen beskriv seg sjølv som utåtvend, inkluderande og omsorgsfull. Ho er den som hostar dei kule vorsa og er den som dansar på bordet på fest. Life of the party, om du vil.

Men likevel:

– Eg vil klassifisera meg sjølv som kronisk singel. Eg er bifil, så eg har data både gutar og jenter, men det har liksom ikkje skjedd noko, og eg er ikkje sikker på kvifor, fortel ho.

Og Leona er ikkje åleine.

Fire faktorar

Forsking frå 2019 viser at omlag halvparten av alle single er det ufrivillig. Dei har altså lyst på kjærast, men finn ikkje den eine spesielle personen dei har lyst til å eta taco med kvar bidige fredag. Kva er det dei gjer feil?

Ein ny studie påstår å ha funne ut dei viktigaste grunnane til at du er ufrivillig singel, og det er:

  1. Du legg for lite innsats i å komma deg ut av singeltilværet
  2. Du er dårleg på å oppfatta at andre viser interesse
  3. Du er for kresen
  4. Og den viktigaste grunnen av alle: Du er dårleg på å flørta

Studien vart utført på 1228 single og usingle grekarar som vart rekrutterte via Instagram og Facebook.

Dei skulle sjølv vurdera si eiga flørteevne på ein skala frå 1 til 5. Det skal seiast at denne forma for sjølvrapportering kan ha påverka resultatet. Ein skal jo vera ganske sjølvsikker dersom ein rangerer flørteskillsa sine til 5 av 5.

Asbjørn Kjellsby (33) har halde kurs for Flørteskolen i eit tiår og jobbar no som coach for Sosiale Muskler, med fokus på å styrka folk sine sosiale ferdigheiter.

Han trur at studien kan vera inne på noko.

Kjellsby ser rett inn i kamera og smiler lurt. Han har ei svart jakke og ein grøn hettegensar på seg.
TRUVERDIG: Flørteekspert Asbjørn Kjellsby har lang erfaring med å hjelpa folk til å bli flinkare i sosiale situasjonar. Foto: Håvard Sandvik

– Samstundes tenker eg at det kunne ha vore fleire personar med i undersøkinga. Og så burde ein sjå på om det er ein samanheng mellom det at ein føler at ein ikkje er god til å flørta, og det å vera ufrivillig singel, seier han.

Flørting var ikkje så viktig før

Men kvifor er så mange av oss dårlege på å flørta? Ifølgje studien er det ei naturleg forklaring på dette spørsmålet: arrangerte ekteskap.

ENKLARE FØR: Kan den gamle skikken vera grunnen til at folk ikkje finn kjærleiken i dag? Foto: Wikimedia Commons

Det er ikkje lenge sidan at det var slik dei aller fleste fann seg make. Og kven trong vel å vita korleis ein flørta, når foreldra dine fann partnaren din for deg?

Evolusjonsmessig har det ikkje gått mange nok år sidan denne skikken utgjekk, til at naturleg seleksjon har fått luka ut dei dårlege flørtarane. Og mange stadar i verda er dette framleis vanleg praksis.

Så dette med å måtta vera ein god flørtar for å finna seg kjærast, er, i det store og heile, ei relativt ny greie. Ifølgje denne teorien.

– Det har blitt mykje viktigare å vera flink til å flørta, for no står ein meir åleine. Dersom ein er del av eit arrangert ekteskap der nokon bestemmer for deg, treng du ikkje ta så mange val, men dersom du står åleine må du tileigna deg kunnskap som gjer at du blir flinkare til å flørta. Gjerne trena på det, lesa bøker eller læra deg nokre teknikkar, meiner Kjellsby.

Meir om det skal me komma tilbake til.

How you doin’?

Men fyrst må me hoppa tilbake til Leona. For no kjem jo det store spørsmålet: Stemmer denne studien med grunnen til at Leona er singel?

Er ho dårleg til å flørta?

– Dersom eg skal rangera flørtinga mi, må me gå ut frå to skalaer: ein når eg er edru og ein når eg er på byen og har drukke litt, seier ho, før ho ler og fortset:

– Det ligg absolutt på null når eg er edru. På byen vågar eg å vera meir direkte og spørja om me skal ta øl saman, eller om dei vil vera meg med heim på nachspiel. Men det er ikkje akkurat noka kjærasteflørting ein driv med på byen, så eg vil ikkje seia at eg er noko god på det.

Men det er ikkje berre flørtinga som set ein stoppar. Ho kjenner seg att i fleire av kriteria frå studien.

– Både det med at ein er for kritisk og at ein ikkje tar initiativ. Det er ofte ein sjølv som har litt av skulda, særleg kanskje jenter blir ofte litt picky, trur ho.

Ein kan vel også påstå at ho fell inn under kategorien «manglande innsats». For åtte dates fordelt på fire år er ikkje akkurat noko å skryta av.

– Eg har vore på nokre Tinderdates, men det berre stressar meg, eigentleg. Eg får høg puls og må mota meg opp i fleire månadar på førehand, seier Leona.

Nokre gode tips

Kjellsby har i fleire år halde kurs for dei som vil bli betre til å flørta, og han har nokre gode råd til deg som skal på sjekker’n.

Kjellsbys beste datingtips:

  • Ver interessert i staden for å sjølv prøva å verka interessant
  • Ver ein god lyttar – tenk gjennom kva den andre eigentleg prøvar å fortelja deg
  • Spegl den andre personen sitt kroppsspråk
  • Ver bevisst på ditt eige kroppsspråk og hald blikkontakten
  • Bruk humor og ver leken
  • Indiker at du er interessert og at du ønsker noko meir enn vennskap
  • Tenk gjennom kva du signaliserer med det du snakkar om
  • Våg å dumma deg ut, det viser audmykt

Men no flørtar ein ikkje lenger berre IRL. Før ein kaprar ein date, må ein greia å fanga nokon si interessa, og det skjer oftast på chat.

– Korleis me flørtar har ikkje endra seg så mykje dei siste åra, men kvar me flørtar, har endra seg, fortel Kjellsby.

Tinder, Happn, Her, Grinder, Bumble, sliding into DM’s – lista over dei nye datearenaene er lang. Så korleis skal ein flørta best mogeleg på chat?

– Dei vanlegaste feila ein gjer når ein flørtar på datingapper, er å gjera det som alle andre gjer, å skriva ting som: «Hei, korleis går det, kva skjer, har du hatt ei fin helg», bør ein unngå. Dei som er populære, får hundrevis av desse meldingane, og dei gidd ikkje ein gong å opna dei, åtvara Kjellsby.

– Ein må vera original, gjerne ta utgangspunkt i profilen til den ein har lyst til å snakka til, og visa at ein er interessert. Ikkje berre sleng ut ei melding og håp på at ein får svar.

Ein ting som er viktig å hugsa på

Men om du blir verande ufrivillig singel ei stund til, treng du ikkje fortvila. For som Leona påpeikar, er det fleire positive ting med å vera fri og frank.

– Det beste med å vera singel synest eg eigentleg er den fullstendige fridommen. Eg kan gå på byen utan å vera bekymra for at nokon sit heime og er sjalu eller bekymra for at eg skal klina med nokon, seier ho og ler ein sprudlande latter.

Leona står i ein park. Ho ler og ser ut til sida. Ho har kort, brunt krøllete hår, raud leppestift, blå dongeribukse, grå dongerijakke og ei kvit t-skjorte på seg. Bakken bak ho er dekt av eit tynt lag snø, og bak ho ser ein hus og nokre tre.
FRI OG FRANK: Sjølv om Leona nokre gongar kunne tenkt seg ein kjæraste, trivst ho godt med å vera singel òg. Foto: Håvard Sandvik

Leona er jo berre i starten av tjueåra, så mykje kan skje i tida framover. Men sjølv om ho er optimistisk for framtida, er ho også førebudd på at ho kanskje ikkje får kjærast.

– Eg kjenner at eg ikkje ha ein kjærast for å vera lykkeleg resten av livet. Eg klarar å ha eit fint og fullverdig liv utan også, seier 23-åringen.

Og det er faktisk ganske viktig å hugsa på.

Foto/redigering: Håvard Sandvik

LES MEIR:

Siste fra P3.no: