– Håper eg får kline

Line treng di hjelp til å finne kjærleik når ho reiser Norge rundt.

Mange av de hugsar kanskje jenta med rosa hår som reiste verda rundt utan pengar til mat og overnatting. No er Line Elsvsåshagen tilbake, og nok ein gong legg ho livet sitt i henda til følgjarane sine. Nærare bestemt kjærleikslivet sitt.

Denne gongen skal Line nemleg reise Norge rundt for å finne kjærleiken i «Line dater Norge».

Men å finne kjærleik er for Line lettare sagt enn gjort.

I seks veker skal Line reise landet rundt for å møte potensielle kjærastar. Reisa startar i Alta neste fredag. Først i oktober, når Line er ferdig med reisa si, vil programmet bli vist på TV.

– Eg kjem til å starte i nord og jobbe meg nedover til vest- og sør-landet. Pløye landet, he-he, seier Line.

Men å reise landet rundt for å finne kjærleik er ikkje berre enkelt når ein har sjukt dårleg sjølvtillit og aldri ville vore saman med seg sjølv. Så korleis kan ho forvente det av andre?

– Det går ikkje ein dag utan at eg spør meg sjølv kvifor i alle dagar eg vil gjere dette her, seier ho.

SJÅ OGSÅ:– Tinder er ikkje mi greie

Line Elvsåshagen skal reise Norge rundt for å prøve å finne seg kjærast (FOTO: Kim Erlandsen/NRK P3).
Line Elvsåshagen skal reise Norge rundt for å prøve å finne seg kjærast (FOTO: Kim Erlandsen/NRK P3).

Det verste Line kan tenkje seg å gjere er å gå på date. No føler ho at tida er inne for å prøve datelivet på nytt – men har verkeleg ikkje peiling på korleis ho gjer det.

– Kva klede skal eg gå med? Korleis skal eg oppføre meg? Eg har verkeleg ikkje peiling, og no er eg så sjukt redd for at dette berre blir ein sånn uromantisk mislukka-date-tur, seier Line nervøst.

– Kor kleint blir det ikkje å bli totally avvist foran heile Norge? spør Line.

– Blir stusseleg om ingen vil møte meg

Line har vore singel veldig lenge. Derfor er håpet no at ho kan få hjelp av følgjarane sine til å finne ein gutt som er interessert, eller ein jentegjeng som kan ta ho med ut på byen for å møte gutar.

– Korleis i all verda skal eg sjekke opp nokon, liksom? Det er eg sikker på at følgjarane mine veit noko om!

Har du tips til folk Line kan møte? Send det på mail til linedaternorge@nrk.no, på instagram @linedaternorge, eller på NRK P3 sin Facebook-konto.

– Det høyres sikkert litt klisjé ut, men eg vil berre finne nokon som held ut med meg, som eg kan gå på sci-fi-kino med, som eg kan sitje i samme rom med og berre vere heilt stille, seier Line.

Men kva om du ikkje møter nokon som helst?

– Då blir eg jo ordentleg trist. Det er sjukt dritt å reise Norge rundt og ikkje ende opp med nokon. Tenk å få null respons, seier Line, før ho legg til:

– Eg håper i det minste eg får kline litt!!

– Men det aller, aller verste ville vore å møte nokon, få følelsar for den personen, og så få beskjed om at han ikkje føler det samme tilbake, avsluttar Line.

LES OGSÅ:Line reiser verda rundt