Ønsker du å sprite opp champagne-frukosten eller 17. mai-feiringa? La Ronny og Tuva sitt lykkehjul gjere stemninga ekstra god! Her er ein digital versjon av hjulet dei brukar i podkasten «I karantene». Spinn hjulet og finn ei oppgåve. Du kan lage dine eigne oppgåver også – berre trykk på oppgåvteksten for å endre.
Oppgåver:
- Rop “Hipp, hipp, hurra” så høgt du kan i nabolaget
- Et ein is
- Skift frå den tronge finstasen når du vil
- Ring nokon du er glad i for å gratulere dei med dagen
- Et ei pølse
- Få med husstanden på felles nasjonalsong
- Rydd litt på balkongen, i hagen eller vindaugekarmen
- Real joggetur/gåtur i løpet av eit døgn
- Drikk iskalde bobler!
- Et ein is
- Et ei pølse
- Et kake
- Drikk iskalde bobler
- Arranger mini-tog med husstanden
- Høg musikk og dansegolv for deg sjølv (og evt. husstanden)
- Bytt til behagelege sko
- Frekke bobler i glaset! Skål!
- Ein ekstra is!
- Unn deg ei digg pølse
- Potetløp!
- Hesteskokast! Har du ikkje hestesko? Prøv å kaste t-skei i hermetikkboksen!
- Ei god flaske vin og høg musikk du elskar
- Ah, iskalde, digge bobler!
- Lausne på slipset