-Må ikkje vere Morten Harket for å bli høyrt

Hip-hop artist Keem One gler seg til å høyre låta på tv. NRK-serien Himmelblå satsar på ny norsk musikk, og her kan du lytte og laste ned musikken gratis.

keem-one

Hip-hop artist, Keem One, gler seg til å høyre låta si på tv. NRK-serien Himmelblå satsar på ny norsk musikk, og her kan du lytte og laste ned musikken gratis.

Keem One (Kim Erikssen) er ein av Urørtartistane som har med musikk i tv-serien Himmelblå på NRK1. I 3. episode på søndag vil du høyre dette: 

Hør og last ned gratis; Keem One feat. Soul Theory – Leker deilig
Besøk Keem One på Urørt.

Hør og last ned gratis; List – Please
Besøk List på Urørt.

Hør og last ned gratis; Martin Lutz Group – Where aret he Trumpets, Mr. Ibrahim?
Besøk Martin Lutz Group på Urørt.

Magnus Sinnes – «Nights they are Wishful»

Genialt opplegg

Over 1 million fekk med seg seriens sesongstart førre søndag. Himmelblå sambarbeider med Urørt om å finne musikk til episodane og satsar dermed utelukkande på norsk musikk.

– Det er eit genialt opplegg, seier Keem One. – Det gjer nok at mange nykommarar vil stå på litt ekstra.

Kva tenker du om at fleire hundre tusen kjem til å høyre låta di «Leker deilig» på søndag?

– Hip-hop miljøet i Norge er så lite, så det er berre fint at litt andre øyrer får lytte til musikken og ikkje berre dei strenge hip-hopgutta, ler Kim. – Også viser det at ein ikkje må vere Morten Harket eller Lene Marlin for å bli høyrt, poengterar han.

Fekk nytt filmtilbod etter Himmelblå

listHanne Bergheim har laga låta «Please» som også er med i 3. episode. Saman med venninda Ella Helén Bukkøy utgjer ho duoen List. Musikken er roleg, skjør og melankolsk. Då dei blei spurt om ikkje Himmelblå kunne låne musikk til serien, var det først gang dei var med på noko slikt. Men det gjekk ikkje lenge før dei fekk eit nytt tilbod:

– Etter å ha blitt anbefalt på Urørt skal låta vår «Precious Moments» vere med i filmen «Kom Vinter 5», det er ein ekstremsportfilm, ler Hanne. – Det blir vel til eit rolegare parti tenker eg.

Korleis trur du Himmelblå vil bruke låta «Please» då?

– Det blir nok ikkje til ein særleg oppløftande situasjon, ler Hanne.

Begge artistane gler seg over i det heile teke å få vere med i tv-produksjonen, og du kan sjå Himmelblå på NRK1, søndag kl 19.55.

Her kan du lese kva for Urørtartistar som var med i episode 1 og 2.