nrk.no

Michelle (27) om misunning på Instagram: – Alle har vel sin eigen «Emilie»

Michelle Ullestad kjenner seg nesten meir sjølvsikker når ho blottlegg seg i tekstane.

– Eg har blitt god på å gå fort gjennom han no, fortel Michelle Ullestad (27).

Når P3.no møter «Urørt»-artisten på Kulturhuset i Bergen, vert karrierestarten raskt tema.

– Først var planen å bli skodespelar i Hollywood, utan å arbeide for det, smiler ho.

Tidleg i 20-åra vart vossingen innlagd på DPS med fødselsdepresjon. For å få bukt med vonde tankar, byrja ho å notere dei ned som små dikt og setningar. Då ho vart utskriven, byrja ho etter kvart å sette melodi til det ho hadde skrive.

– Eg forsøkte først på engelsk, men det vart berre kleint. Det var då eg skifta over til norsk at låtane verkeleg byrja å kome. Då bestemde eg meg for at det var dette eg ville. Om det så tok ti år, skulle eg ikkje gi meg utan eit skikkeleg forsøk.

Ynskjer ikkje å såre Emilie

Fem-seks år har gått, men no byrjar resultata å vise seg. No i januar er nemleg Michelle kåra til «Månadens Urørt». Det er ho med songen «Emilie», som handlar om eit fenomen fleire kan kjenne seg att i.

Å sjå andre leve perfekte liv på Instagram, medan ein sjølv strevar med å hente seg inn.

– Emilie er ikkje ein ekte person. Ho er berre ein metafor for alle dei som tilsynelatande har den kontrollen eg ikkje har, og som eg kan samanlikne meg med. Alle har vel sin eigen «Emilie», eller Emil, alt ettersom.

I dag er det om lag 11.000 som heiter Emilie i Noreg, og namnet er særleg populært blant unge jenter. Michelle er klar på at ho ikkje meiner å trakke nokon på tærne.

Ho vil ikkje at namnet Emilie skal bli ein ny «Karen».

– Namnet valde eg fordi det passar godt med orda «er milevis». Eg håpar det ikkje set namnet i eit dårleg lys, for eg vil jo ikkje vere stygg med nokon. Det er viktig for meg å få fram at eg ikkje er bitter på Emilie. Eg må jo berre fokusere på meg.

Flink til å vere sårbar

Høyrer ein ikkje etter på teksten, er «Emilie» mest ein fengande poplåt, men låten høyrer til i det personlege tekstuniverset til Michelle. Låtskrivinga er også terapi, seier ho, og då er det viktig at ein torer å blottlegge seg.

– Det kjem veldig naturleg for meg, så eg trur eg er god på å vere sårbar. Det kan nesten få meg til å kjenne meg meir sjølvsikker.

At ho nær har gjort det til varemerke å vere utleverande, er noko ho merkar at fans set pris på. Men éin ting reagerer ho på: Ho får alltid høyre at ho er «ekte».

– Det ordet går att, og det er nesten irriterande. Det er så vanskeleg å ta omsyn til, for kva vil det seie å vere «ekte»? Kva om det neste eg gjer, ikkje vert oppfatta som «ekte»?

Vil vere forbilde for dottera

Då Michelle nett hadde fylt 20, vart ho mor til ei lita jente. Å vere både mor og artist kan vere ei krevjande utfordring, men ho ser at det også kan kome noko positivt av det, om ho er fokusert nok.

– Eg får eit ekstra driv av det, og lyst til å jobbe hardare. Eg vil at ho skal kunne sjå på meg og tenke at det betalar seg å arbeide hardt. At ein kan få til ting om ein forsøker.

Les også: Michelle (26) startet musikkarrieren på psykiatrisk sykehus: – Ikke glansbilder for noen

Et bilde av Michelle Ullestad fra avstand. Hun sitter på bakken utendørs og har på seg en treningsdress i blått og rosa.
SJONGLERER ROLLER: Å skulle prestere på fleire frontar er ei utfordring, men Michelle Ullestad gir ikkje opp. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

Når ein ikkje har ein ordinær ni-til-fire-jobb, vert det tidvis vanskeleg å ha dei same rutinane i dagleglivet som det andre har. Michelle erkjenner at det dårlege samvitet kan kome krypande om ho må bruke kveldane på arbeid.

– Samstundes trur eg ho har godt av å sjå meg gjere ting, både for meg sjølv og for oss som familie. Situasjonen ville ikkje vore annleis om eg til dømes var sjukepleiar.

Audmjuke framtidsplanar

Michelle synest det er vanskeleg å skulle ta omsyn til store framtidsplanar i dag. Ho vil heller fokusere på mindre, oppnåelege delmål, enn å gå seg bort i enorme visjonar for kvar ho skal.

Planen for 2022 er derfor heilt i tråd med tankegangen.

­– Attmed å sleppe musikk, er målet å nå over 1000 følgjarar på Spotify. Og spele konsertar.

Nærbilde av Michelle Ullestad. Hun har på seg t-skjorte og myser i sola.
BYR PÅ SEG SJØLV: Fans gir uttrykk for at dei set pris på korleis Michelle Ullestad torer å blottlegge seg. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

Om ho lukkar auga, kan Michelle sjå føre seg at ho spelar for folk, men om det er på ein festival eller for eit eige publikum, er enno ikkje heilt klårt for ho.

– Eg vil berre synge og at folk skal kome for å sjå.

– Spelar på heile kjenslespekteret

«Urørt» er P3 sin plattform for uetablerte norske artistar og band, der dei kan laste opp eigen musikk og bli lagde merke til. Kvar månad vert ein heldig artist eller eit band trekt fram som nokon folk burde få meir kjennskap til og kåra til «Månadens Urørt».

Nærbilde av Nina Gjertsen på en gressplen.
IMPONERT: Programleiar i «Urørt», Nina Gjertsen, meiner Michelle Ullestad har ein plass i den norske musikkscena. Foto: Hele Mariussen

– Michelle spelar på heile kjenslespekteret. Ho leikar seg med ord og uttrykk, og lagar låtar som både er tankevekkjande og får deg til å ville danse, seier Nina Gjertsen, programleiar i «Urørt».

Ho er heilt overtydd om at Michelle har ein plass i den norske musikkscena.

– Her er det berre å vente seg fleire refreng og låtar som går rett inn i spelelistene. Eg håpar verkeleg at eg snart kan stå på ein nedtrakka plen og sjå Michelle på ei festivalscene i sommarsol.

Ved å bli peika ut som «Månadens Urørt» på P3 i januar er Michelle med i kampen om å bli kåra til «Årets Urørt». Går ho så langt, vil ho i tillegg få spele på «P3 Gull» i november. Ho tar det med forsiktig optimisme.

­– Altså, eg håpar jo at eg vinn og får spele på «P3 Gull», men eg ikkje. Anten det vert meg eller ikkje, er eg takknemleg for å ha kome så langt. Det er fleire som har nådd langt etter å ha blitt «Månadens Urørt».

LES FLEIRE SAKER FRÅ URØRT:

LES MER FRA P3.NO:

Siste fra P3.no: