– Det kjennest som at Noreg har bursdag og at eg ikkje er invitert

Bloggar Martine Halvorsen (22) fortel om einsemda og gråten som bygger seg opp når 17. mai nærmar seg.

Denne artikkelen vart fyrst publisert 17. mai 2020.

– Det kjennest som at Noreg har bursdag og at eg ikkje er invitert. For eg føler ofte at eg står på sidelinja og ser på at alle ropar hurra, samstundes som dei skålar med verdas beste venner og har verdas beste dag. Samstundes får eg slengt eit «gratulerer med dagen» i fleisen medan eg skrollar nedover Instagram med tårer i auga.

Orda tilhøyrer bloggaren Martine Halvorsen (22). På sin eigen blogg har ho valt å vere ærleg om at ho føler seg einsam når 17. mai nærmar seg.

– Det blir liksom så tydeleg at eg ikkje er ein del av verdas beste og største jentegjeng som har vore bestevenner sidan barnehagen, og at eg ikkje har ein haug av invitasjonar i innboksen. Kjensla blir forsterka av at eg føler eg er den einaste som har det sånn, skriv ho.

Har grete mykje

Til P3.no fortel ho at det er ein klump i magen som bygg seg opp i dagane før 17. mai.

VANSKELEG: Martine Halvorsen er opptatt av å vere ærleg, men ho syntest likevel det var vanskeleg å dele at ho er einsam på 17. mai. Foto: Privat

– Eg har grete så mange gonger når det nærmar seg 17. mai. Eg trur at mange ikkje skjønar at ein kan føle seg einsam sjølv om ein ikkje er aleine. Eg har grete i skuffelse, eg har følt meg forbanna mislykka og eg har sakna å vere ein del av dei flotte feiringane ein kan sjå i sosiale medium, seier ho.

For ho trur at problemet ligg nettopp der: At ein gjennom ulike medium kan sjå kor fint alle andre har det.

– Eg trur det har kome ei heilt ny form for einsemd saman med sosiale medium. Eg trur den mislykka kjensla eg sit med, kjem av at eg heile tida samanliknar meg med det eg ser, seier ho til P3.no.

Ingen av venninnene kunne kome

Då Halvorsen var 12 til 16 år, såg ho det som eit stort nederlag at ho ikkje hadde nokon å feire med. Det å feire med familien var ein stor skuffelse – sjølv om ho i ettertid har innsett at ho var veldig heldig.

– Eit år bad eg mange av venninnene mine, men ingen av dei kunne kome. Etterpå skjønte eg at dei feira saman, utan meg.

Den kjensla sit igjen den dag i dag, sjølv om ho har sambuar og nokre få, svært gode venner.

– Eg er jo eigentleg så utruleg heldig med dei eg har rundt meg, men likevel føler eg på dette, seier ho.

Ekstra vanskeleg i år

Det er ingen tvil om at det blir ein annleis og rar 17. mai for mange i år.

– Nasjonaldagen er lada med forventningar og historiar om fellesskap. Då skal ein ha nokon der, eller vere hos nokon. Og viss ein ikkje har det, kjenner ein seg mislukka, seier psykolog Peder Kjøs, kjent frå blant anna podkasten «God bedring».

17. mai kan vere ekstra krevjande for mange som kjenner seg einsame, fortel psykolog Peder Kjøs. (FOTO: Ida Holth)

Ei fersk undersøking viser dessuten ei nesten tredobling av angst– og depresjonssymptom under koronatiltaka.

Men sit du med ein klump i magen og føler deg einsam, må du hugse at du ikkje er aleine om å føle det.

– Som regel tenkjer ein at alle rundt seg har så mange å vere saman med, men sanninga er at det er utruleg mange som sit med dei same følelsane, fortel Peder Kjøs.

Samstundes er det noko ekstra sårt ved det å kjenne seg einsam.

– Og så er det dessverre knytt ein del skam til det – derfor kan det også vere vanskeleg å vere open om det, fortel Kjøs, før han legg til:

– Å bryte ut av den skammen er ikkje lett.

Mange har eit anstrengt forhold til nasjonaldagen

Nokon som er klar over alle dei vanskelege kjenslene rundt nasjonaldagen, er søstrene Cecilie og Else Kåss Furuseth frå podkasten «The Kåss Furuseths».

– 17. mai er ei meir open høgtid enn andre, og då er det fort gjort å føle litt ekstra på dei einsame følelsane, seier programleiar Cecilie.

– Me må vere ærlege på at mange har eit anstrengt forhold til nasjonaldagen. Og dei blir nok ekstra minte på det no, på grunn av karantenefokuset, trur programleiar Else.

– Og med restriksjonar på kor mange ein har lov til å vere saman akkurat no, blir plutseleg 17. mai-frukosten ei eksklusiv hending for nokre få utvalde, legg Else til.

Else og Cecilie Kåss Furuseth er opptatte av alle skal inkluderast på 17. mai. Sjølv skal dei køyre rundt i ein russebuss for å møte folket på nasjonaldagen. (Foto: Christopher Oulie / NRK P3) (FOTO: Christopher Oulie / NRK P3)

Men for å gjere dagen litt lettare – både for deg som saknar den vanlege 17. mai-feiringa, eller deg som kjenner på einsemda, har me samla eit par tips frå podkastsøstrene.

Korleis gjere nasjonaldagen LITT betre, om mogleg:

❤️Aller først: hugs at allereie 18. mai er kvardagen tilbake igjen.
❤️Kos deg med at det for ein gongs skuld blir nok eggerøre.
❤️Sett på eit DJ-sett med Matoma. Lover lykkerus på russefeiringmåten!
❤️Putt gode ting inn i ei lefse og rull henne saman. Om du er aleine, MÅ det jo ikkje vere røykelaks. Her er det berre fantasien som set grenser. Det går rykter om at nugatti gir minst like høg lykkefølelse som fisk.
❤️Sjå på Kong Harald sin hagefesttale, for å minne deg på kvifor det er fint å vere norsk.
❤️Høyr på podkasten «Lyden av 17. mai», om du treng litt skrål i bakgrunnen for å halde ut.
❤️Treng du nokon andre å snakke med? Hjelpelinjene er døgnopne. Eit eksempel er Mental helse sin hjelpetelefon, som har nummeret 116 123, eller du kan snakke skriftleg med nokon på sidetmedord.no.
❤️Til slutt: Har du det skikkeleg rass i dag? Sei frå til nokon – det er mange som vil hjelpe.

Korleis hjelpe?

Sjølv om det blir snakka mykje om einsemd, er det vanskeleg å vite kven som potensielt blir sitjande aleine eller som føler seg einsam eller utestengt.

– Men om du veit om nokon som sannsynlegvis sit aleine, er det fint å ta kontakt og invitere, tilrår Peder Kjøs.

Korona-restriksjonane byr på utfordringar når det gjeld kor mange ein kan invitere til frukost, men Kjøs oppmodar dei som kan til å vere så rause som dei klarar.

– Under andre høgtider har eg sett folk opne opp om einsemd, og sett folk opne heimen sin for dei som ikkje har nokon å vere saman med i høgtida. Det er ein utruleg fin ting å gjere, og det håper eg folk vil halde fram med, seier han.

Etter å ha delt innlegget på sin eigen blogg, veit Martine Halvorsen med sikkerheit at ho ikkje er aleine om å ha slike kjensler på nasjonaldagen.

– Eg har fått så mykje respons. Det er heilt rørande! Det sit så mange heime og føler på akkurat det same som meg. Eg trur det er eit fenomen med vår generasjon: Det blir aldri bra nok. Eg trur problemet ligg i oss sjølve: Me trur at me må ha den store, perfekte vennegjengen. Men ingen har det perfekt, og ein må sette pris på det ein har.

SET PRIS PÅ DET EIN HAR: Me må bli flinkare til å verdsette det me har, og ikkje måle oss mot andre, meiner Martine Halvorsen. Foto: Privat

Vil møte dei som er einsame

Sidan årets feiring blir såpass annleis, skal Else og Cecilie køyre rundt i Oslo og sende direkte frå ein russebuss. Dei håper å møte dei som av ein eller anna grunn sit aleine denne dagen.

– Sendinga blir som ein slags kjempeklem på avstand, meiner Cecilie Kåss Furuseth.

– Me vil ta med brunsjen ut for å gjere det til ein litt hyggelegare dag for alle. Ein slags rullande partypatrulje der absolutt alle er inviterte, seier Cecilie.