Margaret Berger P3-musikken

– Ho imponerer oss med sin kunnskap og er sjølv ein erfaren artist, seier musikksjef Håkon Moslet. No har han tilsett Margaret Berger som musikkprodusent.

Margaret Berger. Foto: Joakim Krøvel
Margaret Berger. Foto: Joakim Krøvel

Margaret Berger (23) blei først kjent då ho var med i Idol 2004 og hamna på ein 2. plass. Seinare det året slepte ho debutplata «Chameleon» og vann Spellemannpris for beste video til låta «Lifetime Guarantee».

No har ho fått jobben som musikkprodusent for P3 og mP3.

– Ingen er garantert jobb i P3 sjølv om dei driv med musikk, men Margaret har eit veldig reflektert forhold til musikk og kjenner etter med hjerne, hjerte og hofter, seier Håkon Moslet som er veldig glad for at pop-prinsessa takka ja til jobben.

– I tillegg er ho ung, berre 23 år, og ho har allereie artisterfaring. Det syns eg er eit veldig bra utgangspunkt når du skal vurdere andre sin musikk, legg Håkon til.

Sluttar ikkje å lage musikk

I 2006 slepte Margaret Berger sitt andre album «Pretty Scary Silver Fairy» og låta «Samantha» blei ein hit på P3.

– Det betyr nok at eg ikkje kan bli spelt på P3 meir ja, seier Margaret til P3nett.

Men kva skjer med musikkarriera di no? Sluttar du å lage musikk?

– Nei på ingen måte, ler ho. Eg er faktisk i London akkurat no og jobbar med nytt materiale. Det er kjempegøy. No får eg jobbe med musikk, i ei eller anna form, kvar dag. Eg er berre kjempeglad!