nrk.no

Marti går omvegar i byen for å unngå å bli trua

Influensar Marti Evju (21) har blitt trua med kniv. Nødnummeret er alltid klart på mobilen når ho føler seg utrygg.

Marti Evju (21) er ikkje vanskeleg å få auge på. Med kvite klede og eit raudt sjal over skuldrene, ei rosa veske, rosa negler og store, mørke solbriller, stikk ho seg ut i dei nokså grå Oslo-gatene.

På ein berre ti minutt lang gåtur i byen, er det fleire unge jenter som spør om å ta bilde med influensaren, og ho svarar ja kvar gong.

Det er hyggeleg når folk spør om det, synest Marti. Men det har ikkje berre vore enkelt for henne å skilje seg ut.

Fann trøyst i å dele kvardagen

I passet til Marti står det endeleg «kvinne».

– Det har alltid vore sånn. Sidan eg var liten, så har eg ikkje følt at eg har passa inn. No lever eg livet som jente, seier ho til P3.no.

Og til dei som tenker: «kvifor har du kort hår?» har ho svaret klart:

– Det har Erna Solberg også.

Marti står utanfor Oslo S med Kundesentertårnet til Ruter bak seg. Bildet er tatt nedanfrå, slik at ho ser høg ut. Himmelen er blå med tynne skyer, og det går folk rundt bak henne. Ho har kvite bukser, kvite sko, kvit skjorte og eit raudt, stort skjerf rundt skuldrane og overarmane. Ho held ei kvit og rosa veske i eine handa, har store, svarte solbriller og kort, svart hår.
107.000 FØLGARAR PÅ TIKTOK: Mange snur seg etter influensaren og vil ta bilde med henne. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

På barne- og ungdomsskulen gjekk Marti på Steinerskulen i Fredrikstad. Her fekk ho støtte frå lærarar og medelevar.

Men overgangen til vidaregåande i Sarpsborg vart eit sjokk. Ifølge henne vart det oppretta sak kvart år ho gjekk på den vidaregåande skulen, på grunn av at ho blei mobba.

– Eg har mykje energi, eg er veldig direkte og eg er veldig sassy. Det var det dei syntest var unormalt.

– Eg blei dytta i bord, dytta i veggen og dytta i trappa. Nokre gongar kasta dei søppel på meg eller spytta på meg. Mappa mi frå vidaregåande er stor, altså.

I ei trapp ved ein nødutgang på skulen brukte Marti å gøyme seg. Det var der ho begynte å poste om livet på sosiale medium.

Marti sit inne på ei t-bane. Ho har svart, kort hår, solbriller på hovudet, øyredobbar i øyra, kvit skjorte og raudt, stor skjerf rundt skuldera. Ho ser fram og bildet er tatt frå sida. Ho smiler litt, men ikkje veldig mykje.
KVINNE: Marti har nyleg fått oppdatert ID-kortet sitt. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

– Eg fant liksom trøyst i å dele kvardagen, seier ho.

Først var det mest på Snapchat. Og etter kvart som følgartalet auka meir og meir, begynte ho å legge ut videoane på TikTok også. Brått var «McMartii» eit namn og ansikt mange kjente til.

Når ho postar videoar får ho kommentarar frå folk som likar det ho gjer og set pris på det ho deler.

No jobbar Marti blant anna som influensar, tiktokar, foredragshaldar og videoredigerar. Ho har i det siste innsett at dette er noko det går an å leve av.

Men med merksemd kjem også hat.

– Gutar som leikar gangsterar

I 2023 fekk politiet til saman 1090 meldingar om hatkriminalitet. 152 av desse var retta mot kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

Det meste av hat Marti opplever, får ho tilsendt på sosiale medium.

– Eg får dagleg meldingar. «Du er psykisk sjuk», «sånne som deg burde ikkje eksistere» eller «kva er gale med deg?»

Marti får også stadig hat slengt etter seg fysisk, blir trua, og for nokre år sidan opplevde ho til og med å bli banka opp. Då melde ho ifrå og vann rettssaka.

– Førre veke var det nokon som ropte «homse» etter meg, seier ho.

På grunn av desse hendingane prøver Marti så godt ho kan å unngå stadane ho veit at dette skjer. Ho køyrer bil så langt ho kan, ser ned i bakken, spring til toget og hoppar rett i ein taxi. 21-åringen unngår kollektiv transport så godt ho kan.

Sidan Marti pendlar til hovudstaden på grunn av jobb, må ho ofte innom Oslo S. Og medan ho ventar på toget, er det stor fare for at noko skjer.

Marti står på perrongen på Oslo S. Bildet er tatt forfrå. og ho står med armane nedover men med litt avstand frå kroppen. Ho har kvit skjorte med ein stort, raudt skjerf rundt skuldrene og overarmane. Ho har kort, svart hår med svarte solbriller på hovudet.
OVER DOBLA: Meldingar til politiet om hat mot kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet har gått frå 69 i 2022 til 152 i 2023. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

– Det er så mykje hat der. Det er gutar som leikar gangsterar, som heng på Oslo S og trur dei eig staden.

Og det er ikkje utan grunn at ho føler seg ukomfortabel på Oslo S. Fleire gongar har Marti blitt trua, omringa og hetsa der. For om lag ein månad sidan blei ho trua med kniv.

Veit aldri om dei har våpen

Marti fortel at ho hadde stoppa opp midt inne på Oslo S for å kjøpe litt mat. Men då ho leita i veska si for å sjekke om ho hadde bankkortet sitt, merka ho at ein gut kom mot henne.

«Er du homse eller noko?» spurde guten.

«Nei, er du?» svarte Marti.

«Kva faen sa du?»

Marti stod på sitt: «Kan du plis la meg vere i fred?»

Det hadde ikkje den framande guten planar om. I staden sa han at han hadde kniv, medan han heldt den eine arma inn under jakka si.

Marti står i ei rullertapp. Bildet er tatt nedanfrå, og ho ser utover og nedover rulletrappa. Det står litt andre menneske i rulletrappa.  Marti har kvit skjorte med ein stort, raudt skjerf rundt skuldrene og overarmane. Ho har kort, svart hår med svarte solbriller på hovudet.
ER HELST I BEVEGELSE: Det er gjerne når ho stoppar opp ser i mobilen eller veska at folk oppsøker henne. Ho planlegg derfor reisa nøye. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Då blei Marti redd.

Etter å ha påpeika at dei stod midt på Oslo S og at alle kunne sjå dei, gjekk guten til slutt bort.

– Eg lagde humor ut av det på TikTok og sånn: «Eg trur eg har beef med Oslo S-gangsterane. Dei skulle knivstikke meg, men eg har ikkje tid til sånt, så eg gjekk.»

Humoren kan vere til stades i situasjonen det skjer noko skummelt og når ho postar om det på sosiale medium. Men redselen treffer henne som oftast i ettertid. For Marti veit aldri om dei som oppsøker henne, har våpen.

– Dei som banka meg, var væpna, for eksempel. Dei hadde kniv, seier ho.

Det var i ettertid ho fekk høyre ryktet om at dei hadde kniv, frå andre som hadde vore der. Marti såg aldri noko våpen sjølv.

– Eg har ikkje vore ein normal tenåring

– Mi største frykt er å bli overfallen igjen. Eg orkar ikkje prosessen med å melde til politiet. Det var så tung psykisk belasting.

Noko av det dei Marti kallar «hatarane» hennar, seier til henne, er at ho er psykisk sjuk. Og sjølv om dette er meint som ei fornærming, tek ho seg ikkje nær av det.

– Eg går i terapi for det, liksom. Eg har gått i terapi heile tida, og eg veit jo at eg har slite.

Spesielt i ungdomsåra var det mange besøk hos terapeuten.

– Eg fall i ein djup depresjon etter vidaregåande. Det var jo tre år med helvete. Så blei eg overfallen også, seier ho.

Marti står på ein togstasjon med eit parkert tog framfor seg. Bildet er tatt bakfrå, og ho lener seg inntil ein låg steinmur med armane liggande langs toppen av muren. Ho ser mot høgre. Marti har kvit skjorte med ein stort, raudt skjerf rundt skuldrene og overarmane. Ho har kort, svart hår med svarte solbriller på hovudet.
REDD FOR Å BLI OVERFALLEN IGJEN: Fleire ungdommar blei dømde etter at Marti blei angripen og banka. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Tidlegare var ho innom psykologen kvar einaste veke. No er ho der rundt ein gong i månaden. Her snakkar dei om korleis ein kan takle det daglege livet.

– Det er ikkje så lett å vere så annleis. Eg har ikkje vore ein normal tenåring.

Marti er ikkje aleine i å oppleve at hat har fått konsekvensar for den psykiske helsa.

Auke i hatytringar og hets

– Transpersonar er høgt oppe i sjølvmordsstatistikken, fortel leiaren i Skeiv Ungdom, Jane-Victorius Bonsaksen, i ein e-post til P3.no.

Rundt éin av tre transpersonar har hatt sjølvmordsforsøk i løpet av livet.

Bilde av Jane. Hen har kort, rosa hår, fargerikt skjerf, svart jakke og briller. Hen står utandørs i ein by, og ser inn i kamera.
POLITIMELDINGAR: Bonsaksen trur at fleire vel å seie ifrå når dei opplever hat. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

Bonsaksen forklarar at stadig å oppleve hat for sin kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk kan føre til dårlegare psykisk helse, dårlegare levevilkår og utanforskap i skule og jobb.

– Vi opplever ei auke i hatytringar og hets mot heile miljøet, og særleg mot folk som bryt med normene rundt kjønnsuttrykk.

Samtidig merkar dei eit sterkare samhald blant transpersonar, og dei ser at mange jobbar for å gjere levekåra til transpersonar betre.

– Sjølv om det er mange negative hendingar, ser vi likevel auka støtte til skeive, noko som er svært positivt, fortel Bonsaksen.

Ifølge ein rapport frå ei spørjeundersøking gjort av Bufdir, var det 47 prosent som svarte at dei var «positive eller svært positive» til lesbiske kvinner/jenter i 2008. Tilsvarande tal frå 2022 var 66 prosent.

TO TING DU KAN GJERE OM DU OPPLEVER HAT:

Meld ifrå om hendinga til politiet

Uansett kor stort eller lite det er, er det lurt å melde ifrå om det. Det er viktig for å få riktig statistikk, og det er med på å setje lys på problematikken.

Snakk med nokon

Det kan vere alt ifrå nokon i familien, ein god ven, Ungdomstelefonen, ein kollega eller nokon på skulen. Det viktigaste er å ikkje bli sitjande med dei vanskelege kjenslene aleine.

Kjelde: Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv Ungdom

– Dei skal ikkje øydelegge livet mitt

Etter at Marti hadde blitt banka opp, meinte mange av «hatarane» hennar at det ikkje var noko poeng i å melde ifrå. Dei påstod at saka kom til å bli lagd bort uansett.

Heldigvis blei ho trudd i retten, der ho også la fram mange av hatkommentarane ho har fått tilsendt.

– Eg følte meg meir sjølvsikker og fekk meir tillit til politiet, seier Marti.

Influensaren vel å ikkje melde ifrå om hatet ho ofte får når ho går rundt aleine. Men sidan dette skjer så ofte som det gjer no, er ho sikker på at noko fysisk kjem til å skje igjen. Då kjem ho til å melde ifrå.

Marti står framfor ein metallisk vegg. Ho ser ned i mobilen som har eit deksel med rosa steinar på. Ho har lange, rosa negler. Marti har kvit skjorte med ein stort, raudt skjerf rundt skuldrene og overarmane. Ho har kort, svart hår med svarte solbriller på hovudet. Det heng ei rosa Dior-veske rundt den eine arma hennar.
POSTAR ALT SOM SKJER: Å dele opent hjelper Marti å prosessere. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

– Eg har alltid nøklar i handa og eg har alltid telefonen oppe med nødnummer om eg føler meg ukomfortabel, seier ho om turane ho må ta gjennom byen og på Oslo S.

Oslo S er ein naturleg samlingsstad for ungdommane, sidan det er eit kollektivknutepunkt, skriv assisterande einingsleiar i eining sentrum Joakim Dyrdal, i ein e-post til P3.no. Over tid har politiet auka nærværet der, fortel han.

– Vi har kort responstid om noko skulle skje, samt gjennomfører vi våpenvisitasjonar der grunnlaget for det er til stades.

Dyrdal fortel at politiet har forståing for at det kan vere skremmande å oppleve det som Marti opplever der, og anbefaler å melde ifrå til politiet dersom ein blir utsett for hatefulle ytringar eller anna kriminalitet.

Men sjølv om 21-åringen opplever mykje skremmande, prøver ho å ha eit lyst syn på livet.

Marti står lent inntil ein låg mur med armane langs toppen av muren. Ho er på perrongen på Oslo S, og bak henne er det eit parkert tog. Marti har kvit skjorte med ein stort, raudt skjerf rundt skuldrene og overarmane. Ho har kort, svart hår med svarte solbriller på hovudet. Bildet er tatt forfrå, og ho ser litt mot venstre. Ho smiler ikkje, men ser avslappa ut i ansiktet.
SVARER GJERNE: Marti trur at å lære om ulike typar menneske er viktig og ikkje farleg. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

– Eg gidd ikkje gå ned i eit mørkt hol. Eg har ikkje tid til det, eg har lyst til å vere glad. Dei skal ikkje øydelegge livet mitt, fordi eg tør å vere meg sjølv.

Sjølv om dei gjer kvardagen til Marti skummel, har ho ein tydeleg tanke om desse gutane:

– Dei er kanskje sånn 23 år og sit på Oslo S og leikar gangster. Kva slags liv er det? Finn på noko betre. Du ser ut som ein tulling.

Rektor ved den vidaregåande skulen Marti gjekk på skriv i ein e-post til P3.no at dei på grunn av tausheitsplikt ikkje kan kommentere saker om noverande eller tidlegare elevar ved skulen.

Treng du nokon å snakke med?

Ta kontakt med Mental Helse på sidetmedord.no eller ring 116 123.

MEST LEST PÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: