nrk.no

Martina er «camgirl»: – Eg vil ikkje anbefale alle å ta denne jobben

Nokre kveldar i veka set Martina (28) seg framfor eit webkamera for å livestrømme at ho onanerer. På den andre sida sit det ein person som betalar for å sjå ho. Martina fortel at det som oftast er ein mann som førestiller seg at han har sex med ho, eller personar som ønsker å leve […]

«Martina» tener pengar på å onanere.

Men det er ikkje utan risiko.

– Eg vil ikkje anbefale alle å ta denne jobben

Nokre kveldar i veka set Martina (28) seg framfor eit webkamera for å livestrømme at ho onanerer. På den andre sida sit det ein person som betalar for å sjå ho.

Martina fortel at det som oftast er ein mann som førestiller seg at han har sex med ho, eller personar som ønsker å leve ut kinkane sine.

– Når eg har private «camshow» let eg som om vi har sex. Det er det dei fleste likar. Enkelte kundar ønsker at eg skal fortelje korleis dei skal runke til meg. Det er jo eit «show» med eit seksuelt innhald, fortel Martina.

Porno for moro skuld

I to år har Martina hatt som hobby å lage amatørporno saman med kjærasten sin, og det har vore berre for moro skuld.

Martina får mykje glede ut av å filme og klippe pornofilmane, der ho av og til forsøker å gjere videoane morosame.

Det er nesten som eit slags kreativt utløp for ho. 

– Eg likar at folk skal sjå dei. Vi er ikkje skodespelarar, men vi filmar oss medan vi har ekte sex. Det er eit alternativ til kunstig porno. Det er ei moglegheit for meg å vise ein sunnare seksualitet.

Amatørpornoen har vore ein fritidsaktivitet, og det var aldri meininga at det skulle generere nok pengar til å leve av.

Då Martina mista jobben rundt juletider i fjor, måtte ho sjå seg om etter ein ny jobb, og for Martina verka camming som ei god inntektskjelde.

Ei kvinne med blått hår og svarte briller ser alvorlig inn i kameraet. Ho lener hovudet på handa si som er ikledd ein svart lærhanske. Ho har nasering og piercringer i naseflippene. Ho har også piercing i underleppene.
NY JOBB: Då Martina mista jobben, starta ho med camming.

I mars tok ho steget frå å drive med amatørporno til å begynne med camming.

– Eg tenkte «okay, eg har ei pornoside og eg føler meg heilt komfortabel med å gjere dette», seier ho og slår ut med armane før ho fortset:

– Så kvifor ikkje prøve. Eg bestemte meg for å prøve camming. Eg veit ikkje om eg hadde funne på det viss eg ikkje hadde mista jobben. Men det er ikkje heilt umogleg, sidan eg har halde på med porno. 

P3.no møter Martina via Teams gjennom det same webkameraet ho brukar med kundane sine. Ho pratar engasjert om det nye yrket sitt.

– Viss dette hadde blitt hovudinntekta mi, hadde eg blitt veldig glad, fordi ein kan tene ganske mykje pengar på kort tid.

Camming inneber at ein såkalla «camgirl» eller «camboy» blir betalt av ein kunde for å produsere seksuelt innhald live, og det blir ofte produsert spesifikt for den som betaler.

Etternamnet til Martina er utelatt for å delvis anonymisere ho. Martina er det ekte namnet, men det er ikkje namnet ho brukar med kundane sine.

Fridom og skodespel

Martina gjekk inn i camming for å tene pengar. Samtidig ser ho eit potensial i at cammingjobben kan gi ho større fridom til å arbeide med kunsten sin. 

– Om eg får ein stor kundebase, kan eg med stor sannsynlegvis forsørge meg sjølv. Det ville bety at eg kan bruke meir tid på kunsten min. Eg er musikar og forfattar. Eg trur eg får mykje meir per time enn eg ville fått med dei fleste andre jobbar.

Martina nærmar seg camminga som kva for helst annan jobb og ser på det mest som ei potensielt god inntektskjelde. Sjølv om ho personleg ikkje får noko meir ut av webcamsexen enn pengane, er det sider ved camminga ho liker.

Mange av kundane ønsker eit skodespel, og enkelte skodespel lever ho seg ekstra inn i. 

– Eg har det rett og slett moro. Viss kunden er respektfull, heldigvis er det mange av dei, då kan det vere veldig gøy. Det er også kundar eg liker betre enn andre, som eg føler eg kan vere veldig naturleg med. Eg treng då ikkje å vere berre ein skodespelar, forklarar ho.

Camming kan bli samanlikna med porno og blir ofte kalla for digitalt sexarbeid. Å produsere og selje pornografisk innhald via ein direkte videolink er ikkje ulovleg, ifølge norsk lov.

– Ikkje så veldig «girly»

Ifølge ein forskingsartikkel frå 2018 har fleire begynt med camming dei siste tiåra.

Om ein googlar etter camsider, kan det verke som om internett fløymer over av plattformer som legg til rette for webcamsex.

Ei kvinne med blått hår sitt i ei simpel seng med svart laken. Ho har briller og ser alvorlig inn i kamera. Ho lener eine arma på ein pult som står vedsiden av senga.
HEIME: Martina har kundar både i Noreg og i utlandet, og ho livestreamar camminga frå leilegheita.

Martina finn kundane sine på ulike cammingsider. Kundane til Martina er for det meste nordmenn, men enkelte gongar cammer ho for utanlandske kundar som ho finn gjennom større internasjonale plattformer.

Her kan cammarar ha offentlege show, som liknar opne chatterom og bli tipsa i form av pengedonasjonar av sjåarane, men Martina synest dette er utfordrande.

– Eg likar ikkje så godt det konseptet, fordi det er vanskeleg å tiltrekke seg kundar. Eg føler at eg kanskje ikkje er den vanlege kvinna som ser attraktiv ut for menn. Eg er ikkje så veldig flørtete, og eg er ikkje så veldig «girly» på ein måte. Menneska som er på desse sidene, forventar ein type åtferd som eg ikkje har. Så dei tipsar ikkje så ofte, meiner ho.

Martina føretrekker å finne kundar sjølv og avtale private shows direkte med kundane. Då planlegg ho og kunden på førehand kva Martina skal gjere framfor kamera.

– Eg synest også at dei kundane som er på dei offentlege nettsidene, ofte er slemmare enn kundane som ein avtalar privat med. Dei som er på desse offentlege chattane, føler at dei kan seie kva som helst til deg, og det synest eg ikkje er greitt.

I enkelte tilfelle kan webcamsex falle innunder norsk prostitusjonslovgiving, då nokon betalar ein person for å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv som kan likne på samleie.

Ubehagelege kundar

Det er ikkje uvanleg at «camgirls» og «camboys» opplever trakassering. I 2012 gjekk eit videoklipp av ei «camgirl» viralt då ho fekk eit samanbrot etter å ha blitt trakassert av 4chan-troll.

Når Martina får spørsmål om ho har opplevd ubehagelege situasjonar, svarar ho raskt:

– Jajaja! Eg har opplevd ubehagelege kundar.

Ho tenker tilbake til ein spesiell episode der ein mann trakasserte ho.

– På enkelte av desse cammingsidene kan du også ha private rom med kundar, og det var ein kunde som inviterte meg til eit privat show, og eg takka ja. Han spurte meg om eg ofte blei knulla, og eg svarte ja. Då sa han til meg at eg var ein «slut», eller hore da, fortel ho.

Martina tek ein pause før ho understrekar at dette var tidleg i cammingkarriera, og at ho var meir tolerant i byrjinga.

– Hadde det vore i dag, hadde eg krenkt han tilbake og så blokkert han, seier ho og flirer av tanken på å vere frekk tilbake.

Ei kvinne med blått hår sitt foran ein skjerm med gamingheadset på hovudet. Ein ser berre bakhovudet på kvinna og ein utydeleg skjerm.
WEBCAMSEX: Sidan Martina allereie hadde publisert pornovideoar av seg sjølv, var ho komfortabel med å begynne med camming.

Trakassering og forfølging

P3.no har vore i kontakt med fleire institusjonar som jobbar med temaet sexarbeid, men få kan seie noko om digitalt sexarbeid og camming.

Prosenteret, som er eit nasjonalt kompetansesenter for sal av seksuelle tenester og sexarbeid, skreiv i fjor i ein rapport at dei er bekymra for personvernet til cammarane.

Ei kvinne med middelslangt hår ser inn i kameraet og smiler. Ho har brune auger.
RISIKOAR: Stine Nygård seier det er spesielle risikoar cammarar må vere klar over. Foto: Katinka Goffin.

Stine Nygård, stipendiat ved Universitet i Oslo, forskar mellom anna på fysisk og digital seksualåtferd og kan bekrefte at det er lite forsking på feltet. Ho skriv i ein e-post til P3.no at det er spesielle risikoar «camgirls» og «camboys» må vere klar over.

– Det synest å vere vanleg blant cammarar å oppleve trakassering frå kundar både før, under og etter livestreaming. I tillegg er det tilsynelatande utbreitt med såkalla «capping», altså at nokon tek video-opptak av livestreamen og seinare gjer opptaket tilgjengeleg på nett, for eksempel på pornosider, skriv Nygård i e-posten.

Ho nemner at «doxing» også er ein stor risiko for dei som cammar. «Doxing» betyr at nokon skaffar privat informasjon som for eksempel bustad og namn til cammarane og deler dette med andre på nett.

– Dette kan naturlegvis bli svært belastande for dei som blir utsett for det. Når det er sagt, finst det per dags dato lite kunnskap om helsa til dei som driv med camming, og det er for tidleg å seie om slikt arbeid utgjer nokon betydeleg risiko for generell velvære, understrekar Nygård.

Forventa fleire stygge meldingar

Martina er klar over at det finst risikoar knytt til camming, og ho tenkte over desse før ho starta med webcamsex.

– Men eg laga ingen plan for korleis eg skulle handtere det. Eg tenkte at eg får sjå kva som skjer. Faktisk har eg fått færre stygge meldingar enn det eg forventa. Eg har ikkje fått truslar enno og eg har ikkje kome i kontakt med menneske som har sagt at dei skal kome og finne meg «in real life», noko eg absolutt forventa skulle skje med ein gong, men det har ikkje skjedd, fortel Martina.

Ho legg likevel raskt til:

– Ikkje enno, i alle fall!

Ho synest ikkje det blir riktig om nokon andre spreier videoar av ho. Martina har ikkje opplevd det, men her har ho ein plan dersom det skulle skje.

– Om nokon tek opp skjermen sin, kan eg ikkje gjere noko med det. Sidan eg har ei pornoside er det veldig lett for meg å seie til folk at dette er den offisielle sida mi og seie til folk at dei ikkje skal sjå på videoane som blir spreidde.

Ein dragedildo står på eit svart bord, den er svart og raud. Vedsiden av ligg det ein lilla vibrator.
SEXFANTASI: Mange av Martina sine kundar førestiller seg at dei har sex med ho.

Kan påverke seksuell tenning

Tore Holte Follestad er spesialist i sexologisk rådgiving og er assisterande dagleg leiar i Sex og samfunn, som er det største senteret i Noreg for seksuell og reproduktiv helse.

Han seier camming, som alt anna av sexarbeid, kan påverke korleis du opplever din eigen seksualitet.

– Det kan vere vanskeleg å gå inn i seksuelle relasjonar etter å ha selt sex over ein periode. Du kan fort hamne i ein transaksjonssituasjon som kan gjere det vanskeleg å vere tydeleg på kva som er ditt behov i ein relasjon og kva du ønsker, seier han.

Dette kan ifølge Follestad gi utslag i utfordringar med tenning i ein seksuell relasjon til ein partnar.

Follestad er oppteken av at det finst både fordelar og ulemper ved å camme.

– Fordelane ved å tilby camming er at du ikkje treng å vere bekymra for å bli smitta av seksuelt overførbare infeksjonar eller bekymra for ein uønskt graviditet. Du kan framstille deg sjølv akkurat slik du vil fordi du sit bak eit kamera. Viss det blir for valdsomt, så kan du berre skru av kameraet og kople deg bort.

Follestad trekker fram at det kan vere ei ulempe å vere avhengig av at andre skal finansiere livet ditt. 

– Det er andre som må synast at du er bra nok til at dei vil inngå ein transaksjon med deg. Slik kan du hamne i ein situasjon der du må gjere ting som du eigentleg ikkje hadde tenkt å gjere.

Komfortabelt

Martina har vore saman med kjærasten sin i seks år, og til no har dei laga 28 pornovideoar. Ho meiner at sexlivet og forholdet deira ikkje har forandra seg etter at ho starta med camming, men ho skjønar at det kan påverke intimitet og sexliv.

– Eg var ikkje nøydd til å gå inn i dette, og eg kunne fint ha prøvd å få meg ein annan jobb, men eg bestemte meg for å begynne med camming fordi det kjennest komfortabelt, seier ho.

Sjølv om det var pengeinntektene som freista Martina til å starte med camming, er ho også tydeleg på at ho er svært glad i å bli sett på og beundra i ein seksuell samanheng. 

– Eg vil ikkje anbefale alle å ta denne jobben. Ein skal føle seg komfortabel med å gjere det.

Håpte på meir pengar

Ein forskingsartikkel frå 2018 påpeiker at konkurransen mellom seljarane er stor. Ifølge New York Times opplevde cammingsida Manyvids ein auke på 69 prosent i nye cammarar i mars 2020, samanlikna med mars året før, medan cammingsida CamSoda opplevde ein auke på 37 prosent.

– Eg må seie at eg ikkje har fått så mykje pengar som eg håpte på, men eg har jo også nettopp starta. Ein skal ha ein ganske stor kundebase før ein kan forvente å ha «camshow» kvar dag. Eg skulle ønske eg hadde fleire kundar, fortel Martina.

Kor mykje Martina får inn på ein kveld, varierer, men på ein god kveld tener ho rundt 800 kroner.

– Det kjem heilt an på kor mange kundar eg får. Dei fleste kundar vil ikkje ha eit langt camshow.

Jente med blått hår og svarte briller. Ho ser alvorlig inn i kamera. Ho har ei nasering og piercringer i begge naseflippane. I underleppa har ho to piercinger.
FRIDOM: Martina meiner camming kan gi ho større fridom til å jobbe med kunsten sin.

Martina skal tilbake til den gamle jobben sin, men veit ikkje kor lenge ho får jobbe.

– Eg tenkte å fortsette med camming på sida av ein «vanleg jobb» fordi eg aldri kan vere sikker på at eg kjem til å behalde den vanlege jobben.

Endring tysdag 31. august kl. 11.06: Me har fjerna tekst som tar for seg Martina sine framtidstankar rundt camming.

LES MEIR:

Siste fra P3.no: