nrk.no

– Medan venninna mi har sex, skal eg synge om ho for dykk

Når Skaar spelar live, vert det av og til kaotisk og keitete. Då kompenserer ho med stand-up.

Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Når Skaar spelar live, vert det av og til kaotisk og keitete.

Då kompenserer ho med stand-up.

– Medan venninna mi har sex, skal eg synge om ho for dykk

– Dei andre ungane høyrde på Jason Derulo og det som var populært, medan eg ville vere like kul som søskena mine og hang att i nittitalet.

P3.no har reist til Stord for å treffe Hilde Skaar (23), som forsøker å gi oss eit fornuftig svar på kvar musikkinteressa hennar stammar frå og korleis ho har utvikla seg. Som så mange andre med eldre, musikkinteresserte søsken, hadde ho andre referansar enn dei jamnaldrande i oppveksten.

I artikkelserien «Festivalstemning» tar P3.no deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Denne gongen er vi på Stord, der vi møter Skaar.

Det var av og til litt flautt, erkjenner ho, men også noko ho var stolt av: å like ting ingen andre hadde høyrt om og forme identiteten sin deretter. Høyre på band ho i barnleg forvirring hadde sett føre seg var heilt ukjende, som Coldplay og Foo Fighters.

– Så veks ein opp og ser at ein ikkje var så spesiell likevel. Dei viste seg å vere to av verdas aller største band, og eg var visst ikkje så aleine om å like dei.

Kompenserer med stand-up

Eit frø var sådd, og då inspirasjonen frå søskena fekk Skaar til å byrje å spele sjølv, markerte det starten på karrieren. Akustiske opptredenar på skuleavslutningar vart til rockeband på vidaregåande.

Rock er kanskje ikkje det ein forbind ho med i dag, men ho har sjølv sterk tru på at det er den erfaringa som har gjort ho til ein sjølvsikker liveartist i dag.

– Når ein får litt edge inn i det, kan ein sleppe seg laus og få ut kjensler på ein annan måte. Eg er veldig glad for at eg har spelt i rockeband, og ikkje berre heldt fram med å synge over akustisk gitar. Eg fekk fleire verder til å møtast og fekk feire referansar på vegen til den eg er no.

Trass i sjølvtillit og erfaring, går ikkje ting alltid som planlagt når ein står på scena, og det er fort gjort å bli sjølvbevisst mellom låtane. Frykta for at publikum skal kjede seg har utvikla seg til at Skaar ofte held improvisert stand-up mellom låtane, med varierande hell.

Ho fortel om ein nyleg konsert, der tekniske problem leia til at bandet måtte gjere endringar på sparket.

VAKKER NATUR: Både Skaar og P3 sine utsende let seg imponere av utsikta. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

– Eg vart keitete, og før eg skulle synge ein song om bestevenninna mi, byrja eg å fortelle at «ho er med kjærasten sin i kveld, og dei ligg sikkert saman nett no, så medan venninna mi har sex, skal eg synge om ho for dykk». Det vart klein stemning i lokalet, og eg klarte ikkje slutte å le. Pianisten måtte spele introen sikkert tjue gonger før eg fekk til å synge. Veldig gøy, men det blir kaotisk til tider.

Ein større samanheng

Då Skaar gjekk på barneskulen på 2000-talet, tok mp3-filer for alvor over som det raffaste formatet å høyre musikk på, og populærmusikk vart stadig meir tilgjengeleg til alle døgnets tider gjennom NRK2 sitt Svisj og TV Norge sin musikkanal The Voice.

KLAR FOR OPPTAK: I Skaar sitt Stord måtte også den lokale skogen med. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Skaar sin oppvekst var likevel farga av nittitalsimpulsar, som eit regjerande CD-format og at lyttarar investerte seg meir i album enn i spelelister, noko som enno heng att i den framleis unge artisten. Når ein gir fans noko som eksisterer over meir enn éin låt, får dei ein unik sjanse til å dukke inn i artisten sitt hovud.

Popbangers og tekstunivers fulle av raude trådar er ikkje motsetningar, meiner ho.

– Det er lett å falle for freistinga å putte mykje informasjon inn i ein låt, men då er det ikkje sjølvsagt at det er så interessant. Eg er veldig glad i historier som går over fleire ledd, som i TV-seriar. Det forsøker eg å ta med meg inn i låtskrivinga, slik at eg spreier det ut. I mitt hovud høyrer alt eg lagar saman.

Ein kan argumentere for at begge dei to utgjevnadene Skaar har slept det siste året, EP-en «The other side of waiting» og akustiske «Waiting», kvalifiserer som fullengdarar, men sjølv meiner ho at ho enno har til gode å servere fans det grandiose debutalbumet sitt.

At dei vart slik, var meir tilfeldig enn først tenkt.

– Det skulle jo eigentleg berre vere ein neve låtar, men så heldt eg fram med å skrive låtar som tilhøyrde det same narrativet, og då verda stod stille i haust, bestemte eg meg for å gjere noko akustisk. Brått sat eg med to utgjevnader som var verken heilt EP eller heilt album.

VESTLANDSKE FJORDAR: Når ein skal lage video på ei øy, er fjordutsikt obligatorisk. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Ho held korta tett til brystet når tema vert kva som er neste steg i planen hennar, men avslører at ho har samla eit team som fungerer godt saman, og at vi kjem til å høyre meir frå ho i tida som kjem.

– Då eg sette saman «The other side of waiting», tenkte eg allereie på neste ledd i historia. Alt er del av ein større samanheng, og eg er ikkje ferdig med det heilt enno.

Møttest på landstreff i russetida

Låten Skaar har henta fram frå katalogen sin og skal framføre for oss, er «You», som ho har skrive saman med Emelie Hollow, som dei siste åra har etablert seg som ein dyktig låtskrivar, og mellom anna var med på å omsette Tix sitt Eurovision-bidrag til engelsk.

Sjølv om dei to i dag er velkjende namn på den norske musikkscena, og i så måte ikkje eit overraskande samarbeid i 2021, går historia deira lenger tilbake.

Som med mange andre musikarar før dei, møttest dei første gongen ein sein og fuktig kveld. Settinga var landstreffet i russetida i 2017.

– Det var før eg hadde gitt ut noko som helst, og ho hadde berre vore på The Stream på det tidspunktet. Eg var sånn «herregud, eg elskar musikken din». Vi var sikkert veldig fulle, men begge hugsa det då vi trefte kvarandre igjen seinare. Vi er jo like gamle og har mange av dei same referansane i livet, så vi fungerer godt saman.

TILSKODAR: Kjærasten Bjarte de Presno Borthen var også med då Skaar viste oss Stord og Fitjar. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3.

Sidan har bonding i fylla blitt til profesjonelt samarbeid. Låten kom til dei under ei av dei første skriveøktene dei to hadde saman, og Skaar skildrar skriveprosessen som eit steg bort frå måten ho hadde skrive på tidlegare i perioden.

Etter å ha blese frå seg av sinne i mange tekstar i løpet av hausten, var det dags for å finne attende til dei mjukare sidene hennar.

Resultatet er ein låt som vitnar om bandet mellom dei to.

– Eg har aldri vore så i sync med nokon før. Vi var berre to låtskrivarar som «morpha» saman og køyrde på med så mykje kjærleik som råd. Det som er veldig fint, er at eg ikkje har så mange andre kjensler knytt til han, utanom at det er vår song. Den er eit veldig handfast og konkret produkt av venskapet mellom Emelie og meg.

I artikkelserien «Festivalstemning» tar P3.no deg med på konsert rundt om i det langstrekte landet vårt, med artistar og band i ulike sjangrar. Sist var vi i Tromsø og møtte Lüt, og neste stopp er Austlandet. Følg med!

Tekst: Sjur Systad Tyssen
Video og foto: Markus Indrebø-Langlo

LES MEIR OM MUSIKK:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: