Menn fortel om utruskap: – Det blir på ein måte ekstra skamfullt

Alle kan oppleve utruskap, også menn. Det blir berre snakka mindre om.

– Eg er ikkje opptatt av å vera matcho, men det er noko med det at for ein mann er det som er ditt, er ditt. Du forsvarar ditt territorium på ein måte.

Dei dialekttunge orda som kjem ut frå andre enden av telefonen, er Leo sine. Leo sitt verkelege namn er bytt ut med eit anna, for det han skal prata om er svært personleg.

Ifølge ei undersøking av Aftenposten i 2019, er det om lag like mange kvinner som er utru, som menn. Spørjeundersøkinga viser òg at heile ein av fire har hatt sex med ein anna, mens dei er i eit forhold.

Då P3 bad følgjarane sine om å senda inn sine historiar om utruskap, fekk me inn mange svar – men berre nokre få av dei var frå menn.

Me har prata med to av desse mennene som meiner at stigmaet rundt utruskap er større for menn, enn det er for kvinner. Dei føler at menn har vanskelegare for å opna seg opp om utruskapen.

Det blir snakka lite om, og dermed blir det ekstra skamfullt.

Snappen

Leo si historie begynner ein roleg søndags kveld, i kollektivet.

Den skarpe fargen frå TV-en lyser opp på det mørke rommet til Leo. Han slappar av med Netflix då han får ei melding frå ei veninna:

Veninne:Hei, går det bra med deg? Har du slått opp med kjærasten din?
Leo:Hei! Det går bra med meg. Nei, me er framleis saman.
Veninne:Åja, så rart, for eg fekk denne snappen her.

Veninna sender han eit skjermbilete av ein snap der kjærasten til Leo ligg i ei seng med ein annan mann. Dei ligg i skei, og den framande mannen held rundt ho.

Leo og Lea møtte kvarandre i militæret. Dei har berre vore saman nokre månadar, og etter at Leo dimma har dei hatt avstandsforhold. Lea er framleis i militæret. Venninna som sender denne snappen kjenner Leo og Lea frå tida i militæret.

– Heile greia med bildet var litt merkeleg. Dei hadde klede på, men eg tenkte at dette ikkje var normal oppførsel. Samtidig var ho jo på fylla, så kanskje ho berre hadde sovna. Det trong ikkje vera eit problem, fortel han.

Leo greier ikkje å slutta å sjå på bildet av kjærasten som ligg i ei seng med ein annan mann

Men Leo blir stressa av snappen. Han får ein dårleg magefølelse, og tankane om kva som er historia bak bildet svirrar. Han sender Lea ei melding, men får ikkje svar.

– Då begynte eg å ringa ho, men eg skjønte med ein gong at ho ikkje kom til å svara.

Til slutt legg Leo seg utan å ha fått tak i kjærasten. Han skal på førelesning neste dag, så han er nøydd til å få seg litt søvn. Det viser seg å vera umogeleg.

– Eg var stressa og tenkte det verste. Eg er ikkje ein sjalu type, så eg pleier ikkje å stressa dersom ein kjærast er på fest utan meg, men akkurat dette syntest eg var merkeleg, seier Leo.

Telefonsamtalen

Det vert berre nokre få timar søvn den natta. Leo duppar av inni mellom, men vaknar panisk gjennom heile natta for å sjekka om Lea har svart på meldinga hans. Måndagsmorgon vaknar han av at det plingar i mobilen. Lea har sendt melding.

– På dette tidspunktet visste ho ikkje at eg hadde fått tilsendt bildet. Eg skreiv ingenting om bildet, i meldinga, eg bad ho berre om å ringa meg, fortel Leo.

Over telefonen forklarar Lea at ho mista mobilen sin på festen.

– Etter litt småprat sa eg: «Men sånn seriøst, du må forklare meg dette bildet her». Så sende eg bildet av ho og den andre fyren, på melding, mens eg framleis hadde ho i telefonen.

Hjarte hans bankar opp i halsen mens han ventar på at Lea skal svara.

– Eg stressa så mykje at eg trudde at eg skulle svima av.

Angstanfallet

Det er stille i fleire sekund før Lea vedgår at ho og fyren frå bildet har kyssa.

– Det var som om alt stoppa opp. Eg vart dritforbanna, rett og slett. Men eg tenkte at det ikkje var verdas ende akkurat der og då – at dette var noko som eg kanskje kunne tilgje.

Lea seier unnskyld gong på gong, samstundes som ho grin.

– Eg trur ikkje ho meinte det eigentleg, det var som om ho berre sa unnskyld for å få problemet til å forsvinna. Det var litt som når mora di spør om du har gjort leksene, men du har ikkje gjort dei så du seier berre: «Unnskyld, unnskyld, unnskyld».

Leo beskriv sitt fyrste angstanfall som å hoppa i eit basseng med kaldt vatn. Til slutt legg Leo på. Han har ikkje tid til å prata meir, for han må rekke førelesinga. Men så fort mobilen er lagt ned begynner han å hyperventilera. Kroppen hans reagerer som om han akkurat har hoppa i eit basseng med kaldt vatn.

– Eg gispa etter luft og vart skjelven i kroppen. Eg skjøna i ettertid at dette var det fyrste angstanfallet, i det som ville bli ein serie med angstanfall, seier han roleg.

Fantasien

Utruskapen skjer midt i eksamenstida til Leo. Han har andre ting å tenke på, enn det at kjærasten har kyssa ein annan mann.

– Eg fekk ikkje tid til å prosessere det, og resten av veka var eigentleg berre eit shitshow. Det gjekk ut over søvnen òg, for ein kan jo ikkje velje kva ein drøymer om, seier Leo.

Det er ikkje berre i draumane at fantasien får springa fritt. Kvar gong han lukkar augo ser han for seg kva som kan ha skjedd mellom Lea og den andre fyren. Dette fører til at han får eit nytt angstanfall, midt i ei førelesing.

– Eg sona ut og begynte å visualisera akta i hovudet mitt.

– Plutseleg var det som om førelesaren snakka drithøgt, og kviskringa på bakarste rad vart overveldande. Det var mange slike rare situasjonar. Eg trudde eg berre var stressa eller at det kom av kjærleikssorg, men eg skjønar no at det var eit angstanfall det òg.

Kontrasten

Leo har det tøft i denne veka som går etter telefonsamtalen der Lea hadde innrømt kysset. Han er usikker på vegen vidare, og han og Lea har lite kontakt, for ho er ute i felt.

Utruskapen er alt Leo greier å tenka på, men han har ikkje lyst til å snakka med så mange om det. Han vil ikkje at kompisane skal vita at dama hans har kyssa ein annan fyr.

– Det blir fort til at du tenker at dette var di eiga feil, at du har latt nokon ta dama di fordi du ikkje forsvarte ditt territorium godt nok. Då føler ein seg utilstrekkeleg og håplaus, forklarar Leo.

Etter nokre dagar fortel han to personar om kva som har skjedd. Fyrste personen han ringer, er mora. Han grin og hikstar om ein annan mens han forklarar ho kva som har skjedd.

– Eg ringde for å spørja mamma om eg kunne tilgje Lea for kysset. Mamma sa at dersom eg greidde å tilgje Lea, då skulle ho greia å tilgje Lea, og då ville sikkert vennane mine greia det og, seier Leo.

Etterpå ringer han ein kompis. Då Leo fortel at han vurderer å tilgje Lea, er reaksjonen til kompisen ein heilt annan enn den mora hadde.

Det var vanskeleg for Leo å vita kva han burde gjera. Mora hans meinte at ein kunne tilgje, men kompisen meinte at han ikkje hadde anna val enn å slå opp.

– Det var ein stor kontrast. Han sa: «Ikkje faen, ho der må du dumpe», men eg sa at eg måtte sjå det litt an.

Leo meiner at dette er den fyrste reaksjonen til dei fleste menn. Dersom dama har vore utru, må ein slå opp.

– Det går berre ikkje. Utruskap går på stoltheita til menn, det blir berre fundamentalt gale, seier Leo kontant.

Tomheten

Leo føler at han ikkje har fått vita heile sanninga. Det er noko Lea ikkje har fortalt. Etter over ei veke med sporadisk kontakt ringer Leo til kjærasten sin, og forlanger at ho fortel nøyaktig kva som skjedde på den festen.

– Då seier ho endeleg at dei hadde sex. Reaksjonen min var mykje den same som fyrste gongen, berre at ho fekk enda meir kjeft.

– Eg hadde ikkje lyst til å vita detaljane, for det hadde berre gjort mareritta mine enda meir realistiske. Det einaste eg spurte om, var om ho hadde samtykka til sexen, ettersom ho var så drita. Det hadde ho, fortel Leo.

Leo legg på. Han sit på toalettet på det tronge badet i kollektivet. Han smell dusjkabinettet så hardt att, at det knekk. Angsten fyller kvar krok av kroppen.

– Heile den veka fram til det punktet hadde eigentleg vore ei sørgeveka for meg, så då ho endeleg innrømma at dei hadde hatt sex var eg heilt tom. Eg hadde ikkje fleire følelsar igjen å føla.

No har ikkje Leo lyst til bli i forholdet lenger.

– I starten hadde eg ikkje lyst til å gje slepp på det me hadde, og eg følte at det var litt dumt å kasta vekk alt på grunn av ein feil. Men etter at eg hadde funne ut at dei hadde hatt sex, så var det ikkje sjanse.

Dagen etterpå ringer han Lea, og dei slår opp.

– Det var ingen veg tilbake etter det. Det var heilt umogeleg. Det at kompisane dine veit at dama di var utru mot deg … Det er liksom så skammeleg og ynkeleg, seier han.

Redd for kva andre vil tru

Og det er kva andre tenker når dei får vita om utruskapen, som bekymrar Leo mest. Han føler at folk reagerer annleis når det er ein mann som har blitt bedratt, og ikkje ei kvinne.

– Om du fortel meg om ei jente som har ein utru kjærast, så vil eg synast synd på den jenta. Men om ein gut blir bli bedratt av ei jenta, så tenker eg at det sikkert er fortent. Det er lettare å tenka «ja ja, han var sikkert ein dritsekk mot ho».

For Leo var det viktig å eiga situasjonen for å unngå dette. Han ville ikkje at andre skulle tru at det var hans feil at dama var utru. Derfor valde han å fortelja alle om utruskapen, før dei ein gong rakk å spørja.

– Om eg hadde halde det skjult hadde dei trudd at eg skamma meg, og då hadde dei kanskje tenkt at eg burde skamma meg.

– No ser dei på meg som ein meir sjølvsikker person, fordi eg kan seia at ho var utru mot meg, men det har ingenting med meg å gjera. Det var ikkje min feil.

– Maskuliniteten får ein knekk

Assisterande dagleg leiar ved Sex og Samfunn, Tore Holte Follestad, veit at det er eit stigma rundt det å bli bedratt.

– Uansett om du er mann eller kvinne, blir du valt bort til fordel for ein annan person. Det er vondt og vanskeleg uansett, men ein mann kan kanskje oppleva at manndommen eller maskuliniteten får ein knekk, fortel Follestad.

Foto: Kai Myhre

Han meiner at dei tradisjonelle kjønnsrollene framleis påverkar korleis menn og kvinner takler tunge ting på, slik som utruskap.

– Menn skal tradisjonelt sett vera sterke og staute. Dei skal stå i vanskelege ting og fiksa ting sjølve, mens kvinner skal ha snakkerolla, der dei pratar om det som er tøft. Men me ser at menn i større grad opnar seg opp om det som er vanskeleg og komplisert, så mannsrolla er i utvikling.

Han fortel at det også er gamle, tradisjonelle kjønnsroller som gjer at menn kan kjenna på ekstra mykje skam når dei har blitt bedratt av ei kvinne.

– Kvinner har historisk sett ikkje hatt si eiga seksualitet. Den har alltid blir bekrefta gjennom mannen og det var forventa at mannen hadde hatt sex med fleire partnarar, mens kvinna skulle venta til bryllaupsnatta.

– Men i eit likestilt samfunn blir folk forvirra av at kvinner har seksualitet på lik linje med menn, så når kvinner vil ha fleire partnarar blir det ikkje likestilt med at menn vil ha fleire partnarar, forklarar Follestad.

Ei liknande historie

Leo er ikkje den einaste som kjenner på skam for å vera ein mann som har blitt bedratt. Sebastian er tidleg i tjueåra, men trass i hans unge alder har også han opplevd utruskap. Historia hans er ganske lik Leo si. Namnet hans er blitt endra til Sebastian i denne artikkelen.

– Dette er ikkje noko eg pratar med kven som helst om, men det er viktig å snakka om at slik skjer – også med menn, seier Sebastian roleg.

Sebastian meiner det er viktig å prata om at det er mange menn som opplever utruskap.

Slik som Leo, var også Sebastian i eit avstandsforhold. Ein dag vert han ringt opp av kjærasten sin, la oss kalla ho Silje. Ho grin så mykje at Sebastian så vidt greier å forstå kva ho seier, men han skjønar at Silje har klina med ein annan mann på fest.

– Eg vart sur, men eg vart ikkje sint med ein gong. Det at ho var så lei seg, og verka som om ho angra, gjorde at eg ikkje reagerte så sterkt.

Sebastian og Silje held fram avstandsforholdet i fleire månadar etter dette. Dei pratar ikkje så mykje om det som har skjedd, og Sebastian er optimistisk på at dei kan komma seg vidare frå denne tøffe perioden – men så kjem bomba.

Ein kveld mens dei sitt i bilen, fortel Silje at det har skjedd meir. Ho har hatt sex med ein annan på fest. Det skjedde nyleg, og det er han same mannen som ho klinte med for fleire månadar sidan. Ho seier det roleg, men nervøst. Denne gongen grin ho ikkje.

– Eg såg ikkje den komma, ikkje i det heile. Det var ingen indikasjonar på det. Eg gjekk inn i ein ny sjokkfase, slik som då ho fortalde det fyrste gongen, men dette var verre.

Det viste seg at Silje hadde heldt kontakten med denne fyren i mange månadar. Sebastian og Silje glir frå kvarandre. Dei slår ikkje offisielt opp, men forholdet ebbar berre ut.

– I mine auge er utruskap så meiningslaust. Eit brot er alltid tungt og stygt, men det blir så mykje styggare ved at det skjer på denne måten her. Det var heilt surrealistisk og vanskeleg å forstå, seier han.

Vanskeleg tema å snakka med kompisane om

Det går omtrent eit halvt år frå Silje fortel om kysset, til dei går frå kvarandre. I alle desse månadane fortel ikkje Sebastian nokon om utruskapen. Han har det tungt, men prøver å lata som ingenting.

– Eg følte ikkje at dette var noko eg kunne dela med kompisane mine. Det var vanskeleg å skulle snakka med dei om det, seier Sebastian.

I fleire månadar etter det fyrste kysset, er det berre mora som veit kva som har skjedd.

– Eg veit ikkje kor lang tid det tok før eg fortalde det til mor mi, på telefonen. Det var vanskeleg å skulle seia det, men ho kjenner meg ganske godt, så eg trengde ikkje seie så mykje før ho skjønte kva som hadde skjedd.

Sebastian går i parken omgitt av duerSebastian meiner at menn ofte kan føla at det er tyngre å skulle opna seg opp om utruskap, enn det er for kvinner.

– Eg føler at det er ein tanke eller ein stereotypi om at menn pratar mindre om kjenslene sine frå før av, så det å skulle snakka om noko slikt … det blir hakket vanskelegare igjen. Då pratar ein i alle fall ikkje om det, seier han.

Det er ikkje berre menn som er utru

Sebastian føler at stereotypien rundt utruskap er at det vanlegvis er menn som bedrar damer. Ikkje omvendt. Det bidrar til å auka stigmaet på eit allereie tabubelagt tema.

– Det er ei vanleg oppfatning at det er alltid menn som er utru mot kvinner. Men dette skjer sikkert med ganske mange menn. Me veit det berre ikkje, fordi me snakkar ikkje om det.

– Det blir på ein måte ekstra skamfullt.

Ei stund etter at forholdet har ebba ut skjønar Sebastian at det er på tide å fortelja kompisane sine om utruskapen. Dei må få vita kvifor han og Silje ikkje er saman lenger.

– Eg følte meg liten då eg fortalde det til dei – redusert til ein person som nokon var utru mot. Det er ikkje så vanleg for oss i gutegjengen å snakka om slike ting, og dei sa ikkje så mykje utanom at det var kjipt gjort av Silje.

– Eg skulle ønska eg kunne sete meg ned og sagt alt saman til dei, men eg fortalde eigentleg lite detaljar om kva som hadde skjedd, seier Sebastian.

Viktig å opne seg opp

Både Sebastian og Leo er i byrjinga av tjueåra – og ifølge Follestad spelar alder ei rolle i forhold til korleis ein taklar utruskap, og kor opent ein greier å snakka om det.

– Mykje av identiteten din er ikkje utvikla ferdig, og når du får ein knekk i livet vil du ikkje visa fram den svake sida di. Særleg for dei som er unge i dag, er det eit press om å vera perfekt, og det er høge forventningar til korleis du skal vera som menneske. Så når kjærasten valde å ha sex med nokon andre, bryt det forventingane til korleis du skal vera som person, og då blir det vanskeleg å snakka om, forklarar han.

Uansett om ein er mann eller kvinne er det viktig å tora å opna seg opp når ein har det vanskeleg.

– Har du ein klump i magen, er deprimert, nedstemt eller er livet generelt dårleg, er løysinga å snakka om det som er vanskeleg. Snakkar du om det, blir det lettare å handtera, og du vil føla deg betre.

Det er det same om det er ein kompis, helsesjukepleiar, familiemedlem eller ein profesjonell ein vel å prata med, så lenge ein gjer det.

– Det er viktig å vera i stand til å prata om dei vonde tinga. Då vil ein forstå seg sjølv betre og det vil bli lettare å få nye relasjonar seinare i livet, meiner Follestad.

Journalist og fotograf: Marit Eide
Illustratør: Mari Grafsrønningen

LES MEIR: