Mens «Eline» sat i andre enden av telefonen, hadde kjærasten sex med ei anna jente

Utruskap er eit tabu mange ikkje snakkar om. Det å bli i eit forhold etter å ha blitt bedratt er, for mange, eit enda større tabu.

– Eg var heilt bestemt på at dersom nokon var utru, så var det slutt med det same. Utruskap var ikkje akseptabelt.

Dette er orda til Eline. Me møter ho i ein park på ein solrik sommardag. «Eline» er ikkje hennar ekte namn, men P3 kjenner identiteten hennar. Ho er i midten av 20-åra, har mørkt hår og lange augevipper utan maskara. Ikledd retro Adidas-joggesko, går ho bort til ein grøn parkbenk. På denne benken skal ho fortelja om si erfaring med utruskap.

Mange opplever å bli bedratt. Ei undersøking om nordmenns sexliv av Aftenposten, viser at omlag ein fjerdedel har vore utru – men korleis er det for dei som vel å bli i forholdet?

Eline har ein rar følelse

Historia startar ein søndag. Denne helga er Eline på besøk hjå foreldra, og i denne bygda bur også Eirik, kjærasten hennar. Dei siste åra har dei hatt avstandsforhold, fordi ho studerer i ein storby.

Dei siste dagane har dei krangla ein del. Eline liker ikkje at Eirik chattar så mykje med ei anna jente.

– Det begynte å bli heilt ekstremt. Han haldt sikkert ein del av chattinga skjult, men han snakka opent om kor mange snaps han fekk av ho. Det verka som om han sjølv syntest at han hadde latt det gå altfor langt, fortel Eline. 

Eirik reiser heim til si eiga leilegheit søndags morgon. Krangelen har dei lagt bak seg, og stemninga er god. 

– Eg ringde han på kvelden slik me alltid gjer, men han tok ikkje telefonen. Eg hadde ein rar følelse, så eg ringde sikkert to, tre gonger. 

Lite visste Eline om kvifor Eirik ikkje kunne ta telefonen denne kvelden.

Turid ler

Den andre historia her, er Turid si – og den startar ein desemberdag i 2015. Snøen ligg som eit teppe over byen. Det varme lyset frå gatelampane får snøfnugga som daler ned til å sjå gylne ut. Adventsstaken er plassert i karmen på vindauga.

Det er fem år sidan, men sviket er framleis ferskt i minnet. Under telefonintervjuet må ho tørka tårene fleire gonger. Ekteparet ynskjer å vere anonyme, så dei ekte namna er erstatta med «Turid» og «Torbjørn». Torbjørn er ikkje med i dette intervjuet, men han har godkjent at Turid får dele historia med P3.no.

Over telefonen står Turid fram som ei sjølvsikker og omgjengeleg kvinne. Når ho ler, ler ho høgt. Når ho blir trist, er det lett å høyra det på stemma hennar. Både ho og ektemannen er vane med å vera festens midtpunkt. Slik har det alltid vore, også på den tida då denne historia tek til. På dette tidspunktet er dei nygifte, i midten av 20-åra.

Heilt sidan Torbjørn var på julebord for ei veke sidan, har stemninga vore merkeleg. Turid fant han dauddrukken på sofaen, morgonen etter julebordet. Det er ikkje eit ukjent problem, at Torbjørn drikk for mykje på fest. Men denne gongen er det ikkje tømmermenn som plagar Torbjørn, for ei veke etter julebordet oppfører han seg framleis rart. 

– Det var som om noko låg i bakgrunnen og murra, forklarer Turid.

Denne fredagen i desember får Turid vite kva som er i vegen. Lyset i leilegheita er dempa, og stearinlysa er tende. 

– Den dagen var eg lykkeleg. Eg pynta til jul og hadde det koseleg, sjølv om stemninga hadde vore litt rar i det siste, fortel Turid.

Turid sit med beina oppi sofaen mens ho ser på TV, med ektemannen ved sida av seg. Ho legg merke til at Torbjørn gnir seg nervøst i hendene. Han kremtar og hostar, før han seier: «Turid, eg har gjort noko veldig gale».

– Det var då han fortalde meg at han hadde hatt sex med ei dame på julebordet.

Torbjørn begynner å grina, og hovudet heng.

– Fyrste reaksjonen var å le fordi heile situasjonen var så absurd! Eg forstod liksom ikkje heilt kva som skjedde, så eg lo i sikkert eit minutt. Etter det sa eg at eg ikkje skjønte kva han hadde gjort.

– Eg hadde aldri i min villaste fantasi tenkt at han ville gjera noko slikt. Å gi eit kyss til ei jente er noko eg kunne ha sett for meg at han kunne ha gjort, men eg hadde aldri trudd at han kunne ha sex med ei anna.

Eline brølar inn i telefonen

Me er tilbake i heimbygda til Eline. Det er framleis søndagskveld, og Eline prøver febrilsk å få tak i Eirik. På siste forsøk tar han telefonen. Eline seier hei, men ingen seier hei tilbake. Ho høyrer to stemmer som pratar.

– Han tok sikkert telefonen ved eit uhell. Han må ha komme borti feil knapp då han prøvde å skru den av, eg veit ikkje.

Eline høyrer Eirik si stemme, og ei kvinnestemme. Ho skjønar at han har besøk av denne jenta som dei har krangla om. Eirik veit framleis ikkje at Eline er i andre enden av telefonen, trass gjentatte forsøk på å få kontakt med han.

– Det vart plutseleg stille, så høyrde eg at Eirik sa: «Me burde kanskje ikkje gjera dette», etterfylgt av noko slikt som: «Men du gjer meg så kåt». Det vart stille, så gjekk det over i stønning. 

– Eg høyrde at dei hadde sex.

Eline får eit søkk i magen, som om ein stein tynger ned.

– Eg skjønte med ein gong kva som skjedde. Eg prøvde å seia «hallo», for å visa at eg var i andre enden av telefonen, men dei høyrde ingenting. Eg lytta ei stund, og eg vart stadig meir stressa. Til slutt skreik og brøla eg inn i telefonen, alt eg kunne!

Eline har vore på telefonen i minst eit kvarter, då systera kjem inn på rommet hennar. På det tidspunktet skrik Eline inn i telefonen for full hals. 

Dei høyrer på lydane som kjem frå andre enden av telefonen i minst ti minutt, før systera tar telefonen frå Eline, og legg på. Dei har høyrt nok til å skjønna kva som skjer.

– Me sat der saman ganske lenge etterpå, og gjekk igjennom kva som hadde skjedd. Ho lét meg seia det eg trengde å seia, og ho lét meg få vera sint.

Eline sit på senga med systera. Ho grin, men for det meste er ho sett ut og sint. Etter ein time eller to ringer Eirik opp att. Ifølge Eline høyrest han heilt normal ut, og seier:

– Hei, skjer?

– Hei, har besøket ditt gått? Eller har ho sovna?

– Hæ? Besøket mitt?

– Me har høyrt alt saman. Til og med systera mi høyrde det.

– …

– Du treng ikkje å seia noko. Eg kjem til deg i morgon for å slå opp, face to face.

Eline er skjelven i stemma. Ho er sint. Eirik svarar kort, og gret litt. Etter at dei har avtalt å møtast neste dag, legg ho på. 

– Det var ikkje ein tynga person som svara, det var ein person som var innstilt på å lata som ingenting, seier Eline medtatt. 

Turid er forbanna

Tilbake til Turid sin uverkelege desemberkveld, der Torbjørn akkurat har innrømt at han har vore utru. Latteren til Turid har stilna, og stemninga er trykka. Sinne og tårer tar over, når ho innser kva som har skjedd.

– Det gjekk tusen tankar gjennom hovudet, og eg stilte han tusenvis av spørsmål. Dei same om att og om att. Eg hadde eit enormt behov for å få vita kven ho var, kva som hadde skjedd, kor det skjedde, om det var godt, om han kom, kva stillingar dei hadde sex i.

– Sjølv om det var utruleg smertefullt, måtte eg vite det. Eg trur det er betre å vite kva som har skjedd, enn å sjå det for seg. 

Heile livet har Turid vore tydeleg på at ho har nulltoleranse for utruskap. Ho har alltid sagt til Torbjørn at om han er utru, så vil ho gå frå han.

– Torbjørn var førebudd på at eg ville forlata han. Så han sa med ein gong at han ville ordna med alt det praktiske rundt samlivsbrotet, slik at eg kunne fokusera på å ta vare på meg sjølv.

Turid reiser seg opp frå sofaen dei sit i. Ho går bort til kjøkkenvindauget for å ta seg ein røyk. Ho tilbyr ein til Torbjørn, som overraska tek imot tilbodet. Dei røyker i det stille, før dei går tilbake til sofaen. Her held han rundt ho, mens dei begge gret. 

Trass det ho har sagt til Torbjørn tidlegare, veit Turid allereie at ho vil gi ekteskapet ein sjanse til. Utruskap er ikkje så svart-kvitt som ho hadde trudd.

– Eg kjente ganske tidleg at eg ikkje kunne gå frå han, fordi eg elska han så utruleg høgt. Det var den fyrste tanken, etter at eg hadde fått grina litt. Men eg sa det ikkje til han med ein gong, for eg ville at han i ei lita stund skulle tru at eg ville gå frå han. 

Turid grin og ler om ein annan, mens ho detaljert fortel om den tunge dagen, over telefonen. Stemma er skjelven, men sterk. 

– Eg var så forbanna over at han kunne gjera dette mot meg at eg hadde lyst til å knivstikka han. Men eg tenkte at uansett kor vondt dette gjer, så kan eg ikkje gå frå han.

Dagen etterpå fortel Turid ektemannen at ho vil gje forholdet ein sjanse til. Torbjørn reagerer med sjokk og glede. 

– Då eg kom med alle mine krav om kva som måtte skje, sa han «klart det, eg gjer alt du vil».

Eline skal slå opp

Eline har akkurat lagt på, etter telefonsamtalen med Eirik denne seine søndagskvelden. Adrenalinet herjar framleis i kroppen hennar, og etter alt som har skjedd, slit ho med å få sova. Ho har bestemt seg for å slå opp med Eirik, og ho skal gjera det neste morgon.

– På turen bort til han var eg på gråten heile tida, men samstundes prøvde eg å halda kampviljen oppe. Eg prata med ei veninne på telefonen, for å mote meg opp.

Heime hjå Eirik konfronterer ho han med det som har skjedd.

– Han insisterte på at ingenting hadde skjedd, at dei berre hadde sett på ein film. Han sa at ho hadde prøvd seg, men at han avviste ho.

– Ein vart jo freista til å tru på det, men eg hadde memorert setningane eg høyrde. Eg er glad for at systera mi hadde høyrt det, så eg kunne vere sikker på kva eg hadde høyrt. 

Men Eirik er flink til å snakka for seg. Eline byrjar å tvile på kva som faktisk har skjedd.

– Han nekta for det, og påstod at ingenting hadde skjedd. Han sa han var lei seg, men han nekta å innrømma at dei hadde hatt sex. Eg veit jo ikkje kva som skjedde sidan eg ikkje såg det, men me høyrde mange lydar som var deskriptive.

– Ein stønner ikkje så mykje når ein ser film, og eg trur dei gjorde meir enn å kyssa. Det var ganske tydeleg ut frå lydbildet.

Eirik greier å snu situasjonen. 

– Dermed gjekk det frå at eg var klar til å gå frå han, til at eg følte at han trengde trøyst. Då eg drog derifrå sa eg at eg trengde tid til å tenka, og at han ikkje skulle kontakte meg på ei stund.

Ein trend at fleire vel å bli

Ifølgje familieterapeut og sexolog, Thomas J. Winther, er det ein trend i samfunnet, at fleire vel å gje forholdet ein ny sjanse etter utruskap. Han har merka ein aukande pågang i par som søkjer hjelp til å komma seg vidare.

– For 20 år sida betydde utruskap som oftast kroken på døra, men me ser at detta har forandra seg dei siste åra. No vel folk oftare å bli. Eg trur det handlar litt om at ein blir påverka av andre, for det er fleire og fleire som vel å prøva på nytt, forklarar han.

TREND: Thomas J. Winther meiner at det er ein trend at fleire vel å bli etter utruskap. Foto: Privat

Winther trur at denne utviklinga i stor grad skuldast at familie, vener og offentlege personar har opna opp om eigen erfaring med utruskap. Beyoncé gav i 2016 ut albumet Lemonade, der fleire låtar hinta om ektemannens utruskap.

Komikar Lisa Tønne fortalde opent i podkasten «Tusvik og Tønne», om då ektemannen Kyrre Holm Johannessen var utru, i 2017. Begge desse kvinnene er framleis saman med ektefellane sine.

– Me blir påverka av det me ser, les og høyrer. Det at kjendisar står fram, påverkar oss heilt klart. Det er ein trend i tida. Når me ser at fleire gjer det, er det ein tanke som slår oss – at me kan vurdere det sjølv også.

– Snart er me komme til eit punkt i samfunnet der det er meir sannsynleg at ein vel å bli, enn at ein vel å gå, meiner Winther.

Trass i trenden er utruskap framleis eit tabubelagt tema, noko som fører til at dei involverte ofte kjenner mykje på skam.

– Det er eit tabu over utruskap sånn generelt, i tillegg føler du deg som den bedratte parten. Du er den som mange forventar at burde gå. Utruskap er ei krenking mot deg som person, så at du då vel å bli i forholdet, kan følast stigmatiserande.

Eline blir

Dette stigmaet har Eline følt mykje på. For sjølv om Eline var bestemt på å slå opp etter å ha ferska han i å vera utru, blir ho i forholdet med Eirik. Det er ikkje ei bevisst handling, det er noko som berre skjer.

– Me hadde det alltid veldig fint saman, så det berre fada litt ut. Eg kvidde meg til å slå opp, så eg utsette det og drog det ut. Etter kvart kom det litt på avstand, og eg let meg overtyda om at det ikkje var så farleg.

Den einaste personen i familien som veit kva som har skjedd, er systera.

– Eg la det fram for familien som om me hadde det veldig bra saman, for eg hadde ikkje lyst til å seia kva som hadde skjedd. Det er skamfullt å vera saman med nokon som har vore utru. Eg hadde ikkje lyst at dei skulle sjå på mitt val av å vera saman med nokon, som eit dårleg val.

Eline fortel om utruskapen til vennane sine. Dei har mange sterke meiningar om kva ho burde gjera. 

Veninne:Okei
Veninne:What happened i går?
Veninne:Du har ikkje blitt overtalt til å bli i forholdet med Eirik igjen? Har igla sugd seg fast igjen??
Eline:Nei, eg gjorde ikkje det, men det var kjipt og eg orkar ikkje å snakka om det akkurat no.

– Det var lett å seia til dei kva som hadde skjedd, men det var vanskeleg å prata om det i etterkant, sidan eg valde å bli i forholdet. Vennene mine var veldig bestemte på at eg måtte slå opp. Dei var veldig strenge på akkurat det, seier ho alvorleg.

Eline føler at det å bli i eit forhold etter utruskap, ikkje samsvarar med å vere ei sterk, sjølvstendig kvinne.

– Eg trur det er samfunnspålagt at ein skal gå når partnaren er utru. Ein skal liksom ikkje finna seg i sånt. Vennane mine sa: «Du kan ikkje vera saman med denne fyren». Så eg følte eg gjekk imot det alle andre ville at eg skulle gjera. Det var ein tung kamp.

Turid føler på skam

Dette har også Turid kjent på kroppen. Det tek ikkje mange timane frå Turid får vita om utruskapen, til ho fortel om det til sine aller nærmaste. Men fem år seinare, er det berre eit fåtal som veit om hendinga.

– Eg føler eit press frå samfunnet når eg les om utruskap og høyrer kva folk seier. Det er skambelagt, og det har mykje med stoltheit å gjera. «Korleis kan du fortsetja å vera saman med nokon som har vore utru? Korleis kan du tillata deg sjølv å vera i forholdet når han har svike deg på den måten?»

– Det er lite rom for tilgjeving i slike situasjonar.

Turid er redd for å føla seg dømt dersom ho skulle ha vore meir open om utruskapen.

– Eg trur eg har valt å halde det skjult fordi eg ville kjent på skam, grunna stoltheita mi. Eg vil ikkje vera ho stakkarslege som valde å bli i eit forhold. Derfor ville eg ikkje seia det til nokon.

Turid innrømmer at trass i at ho har opplevd det sjølv, kan ho tenka «stakkars ho», om andre kvinner som ho veit har opplevd utruskap. Denne tankegang meiner ho er øydeleggande.

– Det er ikkje bra at det er slike haldningar i samfunnet. Kanskje fleire ville vald å løysa problema sine dersom desse haldningane ikkje hadde eksistert.

– Støtt vennane i den slutninga dei tar

Sexolog, Thomas J. Winther, meiner at sjansen for at den bedratte praten skal bli i forholdet, ofte kjem an på korleis utruskapen skjedde, og om den som var utru fortalde det uoppfordra til partnaren.

– Det er svært individuelt og opp til kvar enkelt, når ein bør gje forholdet ein ny sjanse. Nokon føler at dersom ein fyrst har tråkka over, så er tilliten brote. Då vil ein alltid vera usikker på om partnaren vil gjera det igjen.

– Om personen kjem til deg som ein angrande syndar, og du føler at dette er noko du kan legga bak deg, då tenkjer eg at ein i aller høgaste grad kan gje personen den sjansen.

Dersom du har vener som opplever utruskap, har Winther nokre råd til deg. 

– Eg tenkjer at venner skal vere støttande, så lenge du ser at personen ikkje gjer openlyse feil. Dersom ein venn vel å bli hjå partnaren, og det er noko ein sjølv hadde hatt vanskar med det å gjere, så må ein sjå det frå deira perspektiv og støtte vennen i den slutninga dei tar.

Men dersom ein venn er hovudstups forelska, og vedkommande blir såra gong på gong, meiner Winther at ein må tora å seia ifrå om kva ein meiner.

– Nokon gonger må ein vere tydeleg, for sterke emosjonar, gjer det vanskeleg å tenka klart. Då kan det vera lurt å vera ein venn som gir gode råd, og ikkje alltid seier at «det ordnar seg sikkert denne gongen òg», forklarar Winther.

Eline har lært

Eline og Eirik var saman i nokre år til, etter den søndagskvelden med telefonsamtalen. Til slutt vart det for mange meldingar frå ukjente jenter – for mange rykte om kva Eirik gjorde på fest i heimbygda, mens Eline budde på andre sida av landet.

Den kvelden ho slo opp, gjorde ho det som ho tidlegare hadde sagt til seg sjølv, at ho aldri skulle gjera. Ho snoka på Snapchatten hans. 

– Skjermen lyste opp med nye Snaps frå jentenamn eg ikkje kjende til, så eg gjekk inn på mobilen hans. Det var ein flørtande tone med alle jentene, så eg skjønte at han hadde hatt mykje rart på gang. Det var liksom så mange ting som var så shady.

Det vart dropen som gjorde at begeret rant over, for Eline. 

– Eg sende ei melding der det stod noko sånt som: «Eg har sett Snapchatten din. No er det heilt slutt. Eg gidd ikkje dette meir.»

I dag, eit halvt år seinare sit Eline på parkbenken med sola i andletet. Lange, mørke hårstrå dansar forsiktig i vinden. Ho er glad for at ho til slutt valde å avslutta forholdet.

– Når eg pratar om det no, så ser eg meg sjølv utanfrå og tenker «herregud kven er det som har vore med på dette i fire år?»

I løpet av forholdet følte Eline ofte at ho burde ha gått frå Eirik. Mykje på grunn av presset frå vennane.

– Eg har tenkt at eg burde slå opp, men eg har ikkje hatt lyst til det. Eg har hatt det fint, men eg har konstant følt eit press utanfrå om at eg burde slå opp. Det presset har tært på sjølvrespekten min.

– Eg er glad for at eg greidde å komme ut av det til slutt, men angrar ikkje på at det vara så lenge som det gjorde.

Eline har lært mykje av alt som har skjedd. Ho har lært seg å ikkje dømma andre for deira val, at utruskap ikkje er svart-kvitt, og at kvar situasjon er unik.

– No prøver eg å ikkje vera så bastant i kva som er rett og gale, for eg har jo vore i det sjølv og følt på at det er veldig mange sider av ei sak. Eg prøver alltid å tenka at det som er riktig for meg, ikkje nødvendigvis er riktig for andre.

Turid angrar ikkje

Torbjørn og Turid er framleis gift, men etter desemberkvelden for fem år sidan har forholdet endra seg drastisk. Hjå ein terapeut fekk dei verktøya dei trong for å komma seg vidare i ekteskapet. 

– Angrar du på at du valde å tilgje han?

– Nei, ikkje i det heile tatt. Han er svana mi. Svaner lever saman heile livet, og dersom den eine svana døyr, kan den andre svana døy av sorg. Slik er det med oss. Han er min livspartnar og store kjærleik, seier ho med grumsete stemme. 

Fem år etter utruskapen føler Turid at den tøffe tida har gjort forholdet deira betre.

– Kommunikasjonen på alle plan i forholdet har eigentleg blitt betre. Me er meir opne med kvarandre, også seksuelt.

Når det kjem til haldningar rundt utruskapen har Turid nokre råd:

– Det er ikkje så greitt å uttala seg om noko, før ein har opplevd det sjølv. Ein kan seia så mangt, men ein har ikkje peiling før ein er i situasjonen sjølv. Ha forståing dersom nokon vel å bli, og ikkje ver for bastant på at dei må gå. 

Journalist og fotograf: Marit Eide
Illustratør: Mari Grafsrønningen og Veronica Falsen Hiis

LES FLERE: