Mush (28) sitt vondaste minne er frå då han fann bamsen skoten i fillebitar

I nesten to år vart fotballspelar Mushagalusa Bakenga og familien jakta på av terroristar i Kongo. Den opplevinga ville han aldri ha vore forutan.

Lord Mushagalusa Bakenga Joar Namugunga (28) er kanskje best kjend som Noregs hyggelegaste fotballspelar.

– Det er ein grunn til at folk flest, kanskje med unntak av motstandarane på banen, ser på meg som ein glad fyr. Alt det eg har gått gjennom, gjer at eg ser på livet litt annleis. Eg føler meg heldig som er her, fortel han. 

Og det er det ein spesiell grunn til, for då han var berre ein liten gut, levde han og familien på flukt i Den demokratiske republikken Kongo.

– Ein kan mildt sagt seia at ting ikkje gjekk som planlagt, men utruleg nok klarte me oss alle saman, utanom bamsen min då, fortel Mushagalusa og ler forsiktig.

Den dramatiske skjebnen til bamsen er til dags dato det vondaste minnet han har her i livet.

Uheldig val av feriedato

Men før me går nærmare inn på den historia, må me ha ein kjapp introduksjon av fotballspelaren dei fleste kallar for «Mush».

Mush er på veg av fotballbanen. Han har på seg ei kvit Odd-drakt. Han held ei hand opp mot publikum, mens den andre handa er bandasjert og han held den over hjartet, som for å takka for støtta. Han ser ydmykt ned i bakken. I bakgrunnen står lagkameratane hans.
TALENTFULL: Mushaga Bakenga har spelt i ei rekke utanlandske og norske klubbar. No spelar han i eliteserien for Odd. Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Trønderen har blant anna spelt for lag som Rosenborg, Bodø/Glimt, Molde, Club Brugge og Tromsø, og no spelar han for Odd. Angrepsspelaren har òg spelt for ein heil drøss med u-landslag, og han har vore med på å vinna fleire meisterskap.

Tidlegare i vår var Mush gjest i podkasten «Heia fotball», der han snakka mest om livet som fotballproff, men også om livet på flukt i Kongo.

Og den historia starta med eit uheldig val av feriedato.

Øvst på alle svartelistene

Mush vart fødd på Rikshospitalet i Trondheim 8. august 1992. Foreldra hans, Bahati og Fiffi, kom til Noreg for å studera på midten av 1980-talet.

Bilete tatt av eit gammalt bilete frå 90-talet. Mush er berre ein liten baby. Han ser rett i kamera mens han sit på fanget til far sin. Ved sida av dei sit mamma Fiffi, som ser rett inn i kamera og smiler. Dei har alle på seg mønstrete klede med sterke fargar.
KJÆRT BARN MED MANGE NAMN: Vetle Mushaba fekk mellomnamnet Joar, etter farens bestekompis som redda livet hans i Kongo. Her saman med mamma Fiffi og pappa Bahati. Foto: Privat

– Då eg var rundt fire år gammal, tenkte mamma og pappa at «no må Mush få sjå landet og helsa på familien», så då planla dei ein liten ferietur til Kongo, fortel Mush i P3-podkasten.

Sommaren 1996 reiste dei nedover.

– Planen var å vera der i tre månadar, men så vart det forlenga ein månad til, for mamma og pappa hadde nokre jobbprosjekt gåande. Like før me skulle dra tilbake braut krigen ut, fortel Mush til P3.no i etterkant av podkasten.

Eit statssamanbrot i Kongo, som på den tida heitte Zaïre, og ringverknadar frå folkemordet i Rwanda, førte til at det braut ut borgarkrig i 1996.

Folkemordet i nabolandet i 1994 hadde hatt store konsekvensar for Kongo, då over ein million flyktningar kom til landet. Sidan landet hadde vore vanstyrt i fleire tiår og diktator Mobutu Sese Seko hadde stole store summar frå statskassa, greidde ikkje Kongo å handtera krisa.

Krigen braut ut, og dette vart starten på ei ekstra farleg tid for familien Mukwege.

– Eg er frå ein familie som er politisk engasjert. Me har sterke stemmer som ikkje sit i ro når urett skjer.

Mush har på seg ein litt for stor, svart dress, og han har på seg ei kvit krone laga av papir som har malt på eit femtal. Ved sida av han sit onkelen hans, med to babyar på fanget.
FØR KRIGEN: Mushaga med familien då han feira femårsdagen i Kongo, før krigen braut ut. Foto: Privat

I 2018 vann onkelen Denis Mukwege Nobels fredspris for arbeidet sitt mot menneskehandel og valdtekt som våpen. Dette arbeidet gjorde han lenge til mål for terroristar.

– Eg hadde ein annan onkel som kjempa for å bli statsminister og mamma som jobba for FN og Unicef. Så me vart plassert øvst på svartelista, fortel Mush.

Fødselen og kidnappinga

Familien hadde ikkje noko anna val enn å flykta frå dei som jakta på dei. Saman med besteforeldre, onklar, tanter og søskenbarn, var dei 74 personar som levde på flukt saman.

Som om ikkje det var nok, fekk familien eit nytt medlem under flukta, på same dag som dei mista eit anna medlem.

– Systera mi vart fødd midt oppi dette her. Pappa skulle ta ut pengar for å betala sjukehuset, og då vart han kidnappa.

Oppstilt bilde av Mush saman med foreldra i fine klede. Mush står mellom foreldra. Han og faren ser alvorleg ut til sida, mens mora ser ned i bakken og smiler.
FERIEN: Mushaba og foreldra i Kongo, før dei måtte flykta. Foto: Privat.

Mennene brukte kloroform på Bahati, kasta han inn i ein bil og køyrde djupt inn i ein skog. Kidnapparane kravde pengar, men han hadde ikkje noko å gje dei.

– Eg veit ikkje om dei skulle drepa han, men dei var veldig aggressive. Så var det tilfeldigvis nokon som gjekk forbi og som begynte å ropa til dei. Då fekk mennene heldigvis panikk og køyrde vekk, fortel Mush til P3.no. 

Bahati stod att aleine i skogen, men det skulle visa seg å verta vanskeleg å finna tilbake til familien sin. For samstundes som dette skjedde, var Mush, mamma Fiffi, tanta og nyfødde Neema på sjukehuset.

– Onkelen min ringde og sa at me måtte komma oss vekk, fordi sjukehuset ville bli angripe, så me fann ein bil og kom oss vekk. Sjukehuset vart angripe rett etter det.

Mirakelet

Familien måtte fortsetja å bevega seg. Vart dei for lenge på same staden, risikerte dei at terrorgruppene kunne finna dei. I åtte-ni månadar visste dei ikkje om Bahati levde, eller kvar han var.

Men med eit mirakel fann dei han att.

– Onkelen min fann han tilfeldigvis i ein flyktningleir. Han kjende nett så vidt att pappa, for han hadde gått ned så mykje i vekt.

Mush hugsar godt dagen faren kom gåande inn porten.

– Me hadde funne eit forlate hus som me var i. Plutseleg kom pappa og to av onklane mine gåande inn porten, og alle barna spring jo til pappaane sine, mens eg vart att i bassengkanten og skjønte ikkje heilt kven det der var. Eg kjende han nesten ikkje att.

Fotball og dansekonkurransar

Under krigen skjønte Mush og søskenbarna at kvardagen ikkje var heilt som han skulle vera, men dei var så unge at dei ikkje heilt forstod kva som føregjekk.

– Foreldra våre var så fantastiske, for me fokuserte på å ha det artig. Me spelte fotball med ein ball laga av plastposar og tau, me laga mål av noko murstein me fann, og så spelte me berre fotball heile dagen lang og hadde dansekonkurranse på kvelden. Alt vart gjort ein leik ut av.

Oppstilt bilde av Mush saman med 20 søskenbarn på omtrent same alder. Mush står i midten med den litt for store dressen. Alle barna har festklede på og smiler fint til kamera.
SØSKENBARNA: Mush og søskenbarna i bursdagsselskapet før krigen braut ut. Ikkje lenge etter var dei alle saman på flukt. Foto: Privat

Dersom familien var så heldige at dei fann ei ballong, vart det full jubel.

– For då var det sprett i ballen! Det var heilt nydeleg. Så minna frå krigen er eigentleg berre positive, og det er takk vere foreldra våre, som gjorde ein heilt utruleg jobb. Me hadde jo nesten ikkje mat, men det tenkte eg ikkje over.

Mamma Fiffi fortel at krigen kom brått på familien, men at dei var heldige som hadde nok ressursar til å flykta som ein flokk.

– Me var organiserte slik at dei små ikkje kunne merka stresset frå krigen, og me hadde med oss ungdommar som hjelpte mykje med å organisera aktivitetar til dei yngste. Det var ikkje enkelt for oss vaksne, men me greidde det i fellesskap, fortel ho til P3.no.

Det vondaste minnet

Men det er eit minne frå krigen som har sett eit støkk i Mush. Det var den kvelden familien kom heim frå ein dag med fotballspeling og han fann bamsen skoten i fillebitar av terroristar.

– Det var masse kuler rundt omkring bamsen, og det var heilt forferdeleg. Det er faktisk, utan å kødda, det vondaste minnet mitt frå den krigen og eigentleg heile livet. Eg berre hugsar den følelsen – at han var så tung, seier Mush alvorleg i podkasten. 

Etter nesten to år på flukt vart familien henta ut av Kongo. Dei starta som ein familie på 74 på flukt, men enda med 77. Alle overlevde, og tre nye medlemmer kom til.

5 år gamle Mush har på seg grå vest og dressbukse, han held søskenbarnet sitt i handa, som berre er ein liten baby. Ved sida av dei sit bestemora til Mush på ein stol medan ho har ein baby på fanget. Alle har på seg fine klede.
STOR FAMILIE: Mushaga med to søskenbarn og bestemora. Foto: Privat

– Heldigvis hadde mamma den jobben i Unicef og FN, så til slutt klarte me å få eit fly sendt ned, som flaug ut familien.

Nokre reiste til Belgia, mens Mush og familien reiste tilbake til Byåsen i Trondheim. Seksåringen hugsar godt korleis det var då dei landa på Værnes. Han var kledd i shorts og t-skjorte, midt på vinteren.

– Eg gløymer aldri den følelsen. Me hadde ikkje noko bagasje, og eg hugsar berre den kulda som slo mot meg. Dæven, det var kaldt!

Ville ikkje ha vore forutan

I løpet av eitt år lærte Mush seg norsk, eller rettare sagt trøndersk, på nytt.

Han fortsette der han slapp før familien hadde reist til Kongo – eit bekymringsfritt liv fylt med skule og fotball. Fyrst mange år etterpå fekk han høyra dei dramatiske historiene om kva som faktisk føregjekk dei åra i Kongo.

– Det raraste er at framleis er minna mine at eg hadde det artig med søskenbarna, og det er ganske absurd.

Mush fortel alvorleg at sjølv om det kanskje høyrest rart ut, så ville han ikkje vore desse åra forutan.

– Alt eg har gått gjennom, gjer at eg ser på livet litt annleis. For når ein har gått gjennom alt det der, då er livet til for å nytast når ein fyrst har det. Eg er glad for at eg har gått gjennom det, og det er det som gjer at eg set sånn pris på familien min òg, seier han på klingande trøndersk.

Dette stiller mamma Fiffi seg bak:

– Barndommen hans har forma han til å kunna setja pris på alt det han har, og til å sjå på livet med positive augo.

Smittande velgjerd

Det er noko anna som òg har vore med på å forma Mush, og det er familiens lidenskap for å hjelpa andre.

– Både foreldra og svigerforeldra mine er opptatte av velgjerd, noko som eg er sikker på at har smitta over på oss og barna våre, deriblant Mush, seier Fiffi.

For saman med bestefaren har Mush starta ein skule for heimlause og foreldrelause barn i ein fattig landsby i Kongo. Deira mål er at utdanninga skal vera barnas veg ut av fattigdommen og inn i eit betre liv. No går det 1000 elevar på skulen.

Mush og systera Neema står i eit klasserom fullt av barn som held opp heilt nye, kvite skuleskjorter.
HJELPER ANDRE: Mushaga og systera Neema Bahati hjelper til med å driva familien sin humanitære organisasjon, «Jabez Verden». Her har dei delt ut skuleskjorter til 1000 elevar på skulen dei driv. Foto: Privat.

I P3-podkasten legg ikkje Mush skjul på at det er eit krevjande arbeid, og at mykje av hans eigne pengar går med til den humanitære organisasjonen.

– Me må ha donasjonar, og det er det som har vore tøffast. For eg trudde jo det var lett å samle inn, men det er tydelegvis ikkje det.

Men for han er det verdt alt slitet.

– Det er eigentleg ingenting eg bryr meg meir om enn akkurat det, for det er det eg kan gjera som endrar flest liv i ein positiv forstand, seier fotballspelaren roleg. 

Etter alt dette er det vel ikkje rart at Mush har den uoffisielle tittelen «Noregs hyggelegaste fotballspelar».

LES MEIR: