nrk.no

Artistkarrieren byr på uventa utfordringar for Ea Othilde (17): – Eg har litt identitetskrise

Skal det vere forskjell på artisten og mennesket Ea Othilde?

– Det har jo alltid vore berre gitaren og eg, så no veit eg ikkje kva eg skal gjere.

Debutsingelen «Back to you» var knapt komen ut før den gjorde Ea Othilde Heimdal Baklund (17) frå Nordstrand i Oslo til «Månadens Urørt» for mars. Allereie byr artistkarrieren på utfordringar.

­– Eg har litt identitetskrise no, ler ho når P3.no slår på tråden.

Det var annleis då musikken ikkje var å finne «der ute» og eksisterte berre for ho, for no må ho brått tenke på alt anna: Sørge for at musikken er presentabel for omverda, at songtitlar er på plass og korleis omslag skal sjå ut.

Vil ikkje inngå kompromiss

Ei av dei største utfordringane den aspirerande indiefolk-artisten møter, er å finne ut kor mykje av seg sjølv ho skal legge i artisten.

– Eg anar ikkje om eg skal sette ei grense mellom meg og artisten Ea. Ikkje at eg vil spele ein karakter, men kanskje kan eit image formidle musikken betre enn om eg berre er meg sjølv. Det er sånt eg aldri har tenkt på.

Éin ting er ho i alle fall heilt sikker på: Ho ynskjer ikkje å inngå kompromiss for å gjere musikken eller tekstane meir tilgjengelege for andre.

Ea sitter i en blå trapp. Hun har på seg en hvit strikket topp. Hun ser seriøst inn i kameraet.
MYKJE NYTT: Å vere artist er visst ikkje berre det å skrive låtar, har Ea Othilde fått erfare. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

­– Det er kanskje litt sjølvsentrert, men eg vil at folk skal forstå kva tekstane handlar om og forstå kva tankar eg hadde då eg skreiv dei. «Back to you» er inspirert av ein familiekrangel, men den handlar ikkje om å heve seg over ting eller ein generell vond situasjon. Den handlar om den spesifikke krangelen.

Sjølv om ho skriv musikken for sin eigen del, har ikkje det stått i vegen for at andre allereie har lagt merke til den. Mellom anna har den fått internasjonale medium til å trekke linjer til storheiter som Snail Mail og Clairo.

Ea erkjenner at det slettes ikkje er dei verste namna å bli samanlikna med, men for ho er det ein annan indie-helt som har vore avgjerande for både interessa og måten ho uttrykker seg på.

– Det er eigentleg ikkje så lenge sidan eg verkeleg begynte å bry meg om musikk. Eg berre høyrde på ting utan å tenke så mykje på det, men ein dag kom eg over «Between the bars» av Elliott Smith. Det var så fascinerande kor ekte det høyrdest ut. Den songen rørte noko ved meg, kan ein seie.

Røffe og eksperimentelle poplåtar

I barndommen lærte Ea å spele gitar og piano av musikalske familiemedlemmar, og i 11-årsalderen byrja ho å skrive sine eigne songar. Samstundes byrja ho å spele i band gjennom Bekkelaget Bandskole.

Oppdaginga av Elliott Smith og eigarskap til eigen musikksmak, og særleg gledene ved å sjå bandet hennar tolke og spele låtane ho hadde skrive, gjorde at interessa for å skape musikk verkeleg fekk bein å gå på.

– Det var ei oppvakning. Det var då eg gjekk frå at musikken berre var gøy til at eg ville gjere meir med den.

Et svart-hvitt bilde. Ea går oppover en trapp. I bakgrunnen er det et vindu som står oppe. Hun har på seg en svart jumpsuit.
SKAPANDE SJEL: Ea Othilde er ikkje heilt sikker på kva det endelege artistiske målet hennar er, men veit det inneber å skape store mengder musikk. Foto: Andrea Wold, promo.

Då Ea gjekk i tiande klasse, byrja ho å ta timar ved songskulen POPrommet. Læraren ho fekk der, er framleis er ein viktig støttespelar.

– Vi arbeidde ikkje så mykje med songteknikk. Eg tok med meg låtane mine, slik at vi kunne arbeide med å gjere meg til ein betre låtskrivar. Læraren min, Hans Olav Settem, fortalde meg at han arbeidde som frilansprodusent.

Hans Olav er multiinstrumentalist og kjend frå gruppene Benedikt og Jouska. Han let seg imponere av låtane til Ea og tok ho med seg i studio for å arbeide vidare med dei.

– Eg merka raskt at Ea ikkje laga låtar for gøy, eller for å bli kjend og populær, men fordi det var ei utruleg viktig uttrykksform for ho.

– Den delen har ikkje endra seg i det heile tatt, men sjølve låtskrivinga har hatt ei enorm utvikling frå enkle og bittersøte pianoballadar til dei røffe og eksperimentelle poplåtane ho lagar no, fortel han når P3.no tar kontakt.

Han hugsar godt då Ea viste han «Back to you».

Hans Olav Settem står utendørs, med skog i bakgrunnen. Han har på seg en hvit skjorte.
STØTTESPELAR: Hans Olav Settem skildrar Ea som ein svært sjølvstendig artist. Foto: Marit Thorvik, promo.

– Ea hadde allereie vist meg fleire låtar då ho viste meg «Back to you», men det var noko heilstøypt og unikt med denne, ulikt noko eg hadde høyrt før. Det var som om ho hadde absorbert ulike element frå låtar vi hadde spelt av mellom anna The Beatles og Lana del Rey, og berre miksa det saman til eit lite, kompakt kunststykke av ein låt.

Full kreativ kontroll

Det er ikkje berre for låtskrivinga møtet med Settem har vore positivt for Ea. Det gjorde også at ho fekk innpass i plateselskapet Koke Plate, der prosjekta til Settem er signert.

Plateselskapet spesialiserer seg nærast i kreativ, organisk musikk i indie-segmentet, og har gitt ut norske namn som Simen Midtlid og Whales & This Lake. Ea skildrar eit miljø som forstår ho, og som gir ho rom til å utvikle den artisten ho ynskjer å vere.

Ea har på seg en hvit strikketopp og et svart skjørt og svarte støvletter. Hun sitter i en stol ved et piano. Bak hun er det flere blå møbler. Teppet på bakken er rødt/oransje/grønt i et arabisk mønster.
I GODE HENDER: Ea skildrar Koke Plate som ein trygg stad å vekse som artist. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

­– Eg har kjent meg veldig trygg i denne gjengen. Dei gir meg tillit og tid. Det er jo to år sidan eg byrja å arbeide med dette miljøet, men dei har gitt både meg og musikken tid til å modne. Eg er ikkje redd for å kome med noko dårleg eller forsøke ting.

Mange unge artistar kan oppleve eit press for å produsere musikken sin med sal og utlandet i tankane, men Ea er gitt bortimot full kreativ kontroll.

– Det er viktig for meg å vere involvert i alle ledd av prosessen, heilt frå idé til mix og produksjon. At det endelege produktet er like ekte som den opphavlege idéen og at vi ikkje mistar noko på vegen. Då kan eg stå for det, ta eigarskap og seie at «dette har eg laga».

 

Kan gå heile vegen til «P3 Gull»

«Urørt» er P3 sin plattform for uoppdaga norske artistar og band, der dei kan laste opp sin eigen musikk. Kvar månad plukkar Urørt-redaksjonen ut eit band eller ein artist som fortener meir merksemd, og kårar dei til «Månadens Urørt».

Programleiar i «Urørt» på P3, Nina Gjertsen, skildrar Ea Othilde som ein spanande og uanstrengt artist, og er ikkje i tvil om kvifor dei valde akkurat Ea denne månaden.

– Ea er både sjølvsikker og trygg i uttrykket sitt og er heilt klart eit ungt låtskrivartalent som eg trur vi kan vente mykje godt frå framover. «Back to you» fungerer som ein ekstremt god forrett for kva vi har i vente, så det er berre å sjå fram til at resten av menyen blir servert.

Kvart år blir éin av alle årets «Månadens Urørt» stemt fram som «Årets Urørt». Attmed all heider og ære inneber det å få framføre låten sin på «P3 Gull» ved slutten av året. Ea er i første omgang nøgd med responsen ho så langt har fått for «Back to you», men legg ikkje skjul på at siger og spelejobb vil vere ein nyttigare bonus.

– Først og fremst er det heilt utruleg at songen er blitt tatt så godt imot. At folk faktisk likar den og set pris på den. Det er nesten surrealistisk, og eg hadde ikkje forventa det i det heile tatt. Berre det å få vist fram låten er supergøy i seg sjølv, men å gå heile vegen, vinne og få spelt den framfor eit slikt publikum og i ein slik setting ville jo vore ei store ære, avsluttar Ea.

LES FLEIRE SAKER FRÅ URØRT:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: