nrk.no

Du såg han på Barne-TV. No vil Makosir bli blant landets største artistar.

«Månadens urørt» i februar har laga ei låt om å klatre oppover.

– Det er miiiin dag i dag, syng Patrick Makosir (20), eller berre Makosir, over telefonen.

Når P3.no slår på tråden til «Månadens Urørt» for februar, forsøker vi å gå heilt attende til dei første musikalske minna hans. Den lovande rap- og r&b-artisten landar på at det må vere Åge Aleksandersen sin eviggrøne slager frå 1993, «Min dag».

– Eg song den mykje i bilen, har eg blitt fortalt. Ein gong vart eg tatt opp og beden om å synge ein song i kyrkja. Då song eg den. Eg song, og alle lo.

Kjent ansikt

Den observante lesar og TV-tittar drar kanskje allereie kjensel på Makosir frå eigen barndom. Å vere kåra til «Månadens Urørt» er nemleg ikkje første gong han stikk seg ut i NRK-samanheng.

I 2016 var han å sjå som karakteren Aslak i den suksessfulle julekalenderen «Snøfall». Der spelte han saman med kameraten Filip Bargee, som han ofte lagar musikk saman med den dag i dag.

Patrick Makosir og Filip Bargee som karakterane Aslak og Ishaan i serien "Snøfall" frå 2016. Dei er oppkledd i kostymer og pels.
DYNAMITTDUO: Patrick Makosir (til venstre) og Filip Bargee i rolle som karakterane Aslak og Ishaan i TV-serien «Snøfall».

Då han gjekk i femte klasse, byrja Patrick å synge i barne- og ungdomskoret Oslo Soul Children. Der såg dirigent Ragnhild Hiis Ånestad fleire talent i gutungen.

– Ho fekk meg inn i NRK som skodespelar. Eg vart programleiar på Julemorgen rundt 2011, og sidan har NRK kontakta meg frå tid til annan. Mest småting, men eg var med i den «gratulerer med dagen»-videoen, fortel han og syng litt av den for P3.no sin journalist.

Seinast i sommar spelte han rolla som Knotas i ei teateroppsetting av «Ronja Røverdatter». Skodespelaren bur med andre ord framleis i han, men det er musikk som er førsteprioritet.

– Det er veldig gøy å drive med det, men nett no har eg veldig fokus på musikken.

Og det er kanskje innan musikken han er i ferd med å gjere størst inntrykk. Sjølv om Patrick er nokså fersk som artist, har han allereie opparbeidd seg fans i norsk rap-elite.

Ein av dei er «Verden er min»-aktuelle Lars Vaular.

– Makosir har ein musikalitet i seg. Han shiner skikkeleg i dei Instagram-videoane sine, seier Lars og siktar til videoar Patrick har lagt ut av at han spelar ulike instrument og syng.

Et bilete av Lars Vaular som står på scenen med mikrofon i handa
FAN AV MAKOSIR: Lars Vaular, her fotografert i samband med VG-lista Topp 20 på Rådhusplassen i 2019. Foto: Tom Overlie, NRK P3

Lars var sjølv leiande innan å gjere norsk rap meir melodiøs på 2000-talet og set pris på å sjå desse kvalitetane vidareført blant ferske artistar. Særleg det at Patrick kan traktere fleire instrument, ser Vaular som ein styrke.

– Det gjer han ti gonger meir interessant, og det er slike ting som gjer at ein kan vare som artist. Eg legg merke til slikt og tenker «ah, kanskje du har meir å by på».

Musikalsk bakgrunn

Attmed TV-rollene fekk artisten frå Holmlia ein musikalsk barndom, som tok han heile vegen frå Åge til den melodiøse rap/r&b-musikken han lagar i dag. Så lenge han kan hugse, har han drive med musikk, spelt på det han kan spele på og hatt ein lidenskap for det.

Gjennom Oslo Soul Children fekk han gå i studio og spele på store scener, og då han seinare skulle søke seg inn på vidaregåande, valde han musikklinja. Der vart han introdusert for piano og gitar.

Makosir står fremfor en graffitivegg på Sagene i Oslo, mens bakken under han er dekket med delvis smeltet snø.
SONGFUGL: Makosir har kontakt med Oslo Soul Children den dag i dag og syng solo på fleire av låtane deira. Foto: Håvard Sandvik, NRK P3.

I tillegg hadde kompisen Filip Bargee innspelingsutstyr på soverommet. Det opna nye dører for den musikalske tenåringen.

– Eg hadde skrive tekstar på mobilen sidan åttande klasse og laga melodiar, men tanken om å spele inn mine eigne greier hadde aldri slått meg.

Patrick vart etter kvart fast inventar i heimen til kameraten. Først berre i helgene, og seinare var han der kvar dag.

– Det var berre bråk, det vi laga, men det var gøy, og eg vart biten av basillen. Så då eg var ferdig med vidaregåande, var eg sånn «eg skal ikkje drive med noko anna enn musikk i livet!» og gjekk all in.

Klarer endeleg å fullføre idéane sine

I dag bur Patrick på Lillehammer, der han studerer ved Lillehammer Institute of Music Production and Industries (Limpi). Eit eittårig studium, i eit internasjonalt miljø, der bøker og pensum er bytt ut med studiosessions og input frå erfarne produsentar.

Som fersk artist i Oslo var det vrient å bli lagt merke til og finne dei riktige samarbeidspartnarane for å ta det neste steget. Patrick augna sjansen til å finne likesinna.

– Eg tenkte at eit år på Limpi måtte vere verdt eit forsøk. Her er det 30 andre svoltne produsentar, så eg er veldig glad for at eg kom hit.

Et bilete tett på Makosirs fjes. Han smiler
FRAMGANG: Makosir er eit halvt år ut i musikkutdanninga. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

Skuleløpet er intensivt, og elevane lagar to til tre låtar i veka. Det blir ofte lange dagar i studio, frå morgon til midnatt, og lite rom for å vente på inspirasjon.

Sjølv om han enno har dei dagane der det tar mange timar å knekke koden, merkar han framgangen studieløpet har på han som låtskrivar. Han er meir effektiv.

– All skriving og musikk er jo øving. Før kunne vi levere låten like før fristen, men no finn vi meir rom for å loke rundt og gjere andre ting. Arbeidsmetoden er lik, men eg har blitt meir dedikert og effektiv.

Når det langsiktige målet er å leve av musikk og bli eit namn sjølv besteforeldre og barnebarn kjenner att, er det ein fordel faktisk å gjere ferdig dei låtane ein arbeider med.

Tidlegare kunne Patrick slite med å fullføre låtar, sjølv om han var i studio ofte.

– Om eg sit i studio kvar dag i eit år og berre lagar halvferdige idéar, er ikkje det verd noko. No er det viktig for meg å ha eit resultat å vise til, og eg har fått mentaliteten der eg får ting gjort.

Mange venetenester

Låten Makosir er aktuell som «Månadens Urørt» med, heiter «Klatre». I den lågmælte og melodiøse r&b-låten syng han om å halde fokus, utvikle seg og få namnet sitt på kartet.

Sjølv om det er ein sololåt, var det ein lang veg frå idé til eit ferdig produkt, og Patrick fekk fleire hjelpande hender på vegen.

– Bargee og eg gav ut ein låt som heiter «Mute» i starten av 2021, som fekk ålreit respons, og eg tenkte eigentleg at eg ville lage endå ein låt med den viben.

Makosir står trikser med en liten ball på en delvis snødekket lekeplass på Holmlia.
HELL I UHELL: Ei uventa hending la grunnlaget for låten «Klatre». Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3.

Som mange unge artistar har gjort før han, tydde Patrick til YouTube for å finne ein passande beat. Så snart det var i boks, laga han ein melodi og ringde ein kompis for å få eit ord han kunne bygge teksten rundt.

– Han sa berre klatre og la på. Då tenkte eg greitt, kult, og begynte å skrive til beaten. På det tidspunktet tenkte eg eigentleg ikkje noko meir over han.

Låten vart liggande i nokre månader, før han dukka opp att.

– Eg tenkte det ville vore kult å sleppe han, men då eg sende han til mix, fekk eg til svar at han som skulle mixe låten akkurat hadde motteke ein annan låt med den same YouTube-beaten.

Makosir står fremfor inngangen til barndomshjemmet på Holmlia i Oslo.
HEIMEBANE: Patrick møtte P3.no sin fotograf på heimlege trakter. Her er han framfor barndomsheimen på Holmlia i Oslo. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3.

For Makosir er det eit poeng å lage noko han ikkje har høyrt før, og det går ikkje så godt overeins med å bruke beats andre allereie har brukt. Han byrja i staden å lefle med å lage ein akustisk versjon og tok med seg det han hadde tenkt på for å vise det til veslebroren og kompisen hans, Tarjei, som er produsent.

­– Eg skulle eigentleg berre vise dei kva eg hadde laga, men då eg begynte å spele det på gitar, tok dei opptak av det på telefonen. Vi la det inn i Logic (program for musikkproduksjon), og det lét fett. Det er framleis det opptaket som blir brukt i låten.

Dei la på vokal, spelte inn litt perkusjon ved å slå seg på låra, og byrja å ringe rundt for å skaffe live instrumentering i tråd med gitarsporet dei starta med.

– Gitaren utviste så mange kjensler og var så levande, så då vart det rart å legge på ein 808-bass (populær basslyd ofte brukt i rap). Då ringde vi ein kompis av broren min og fekk han til å legge bass på låten. Etter det fekk vi naboen til Tarjei, ei godt vaksen dame, til å spele fiolin, og ein kompis til å kore.

Kan få spelejobb på P3 Gull

Urørt er NRK P3 si plattform for ukjende og usignerte artistar, der dei kan laste opp sin eigen musikk. Kvar månad vert ein ny artist, som redaksjonen meiner det norske folket burde stifte nærare kjennskap til, kåra til «Månadens Urørt».

Et bilete tett på Makosirs fjes. Han vender seg bort fra kamera
SIKTAR MOT STJERNENE: Patrick kan ende opp på P3 Gull i november. Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3

– Det er veldig gøy å ha blitt kåra til «Månandens Urørt», og at musikken har nådd ut til nokon som har tenkt at han er god nok til det, seier Patrick.

I tillegg er alle «Månadens Urørt» med i konkurransen om å bli «Årets Urørt» og få spele på «P3 Gull» ved slutten av året. Patrick håpar at det er han som vert den heldige, og har allereie nokre idéar for korleis det skal bli.

– Det høyrest heilt fantastisk ut å spele på «P3 Gull», så eg satsar på at det skjer! Då skal det bli noko crazy lysshow, dansarar, live trommis, live bass, live fiolin, live alt!

LES FLEIRE SAKER FRÅ URØRT:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: