– Eg er så nervøs, eg må berre gå av meg litt nervar.
Ole Benjamin Thomassen (21), bassist i hardcore-bandet Hammok, vandrar kvilelaust rundt på konsertstaden Vaterland i Oslo. Bandet har på kort varsel blitt booka inn for eit anna band som måtte kansellere.
– Gjekk litt hardt ut i intervjuet, så no har eg jo plutseleg ein del å bevise i kveld, ler han.
Tidlegare på dagen har Hammok møtt P3.no for intervju i samband med at dei er kåra til «Månadens Urørt» for april. Trioen lét det ikkje vere tvil om korleis dei ser på seg sjølve, og ikkje minst at det er på tide at eit band vert kåra til «Månadens Urørt» igjen!
– Treng eit band som oss
For å finne sist gong eit band var «Månadens Urørt», må ein attende til då This Daze fekk tittelen i mai 2020. Ein må til då Daufødt fekk tittelen i januar same år for å finne noko i Hammok sitt musikalske landskap.
Derfor kom utmerkinga mildt sagt uventa, for trioen frå Horten og Tønsberg.
– Det er på ingen måte sjølvsagt at vi skal bli «Månadens Urørt», men det er dritkult at vi er det. Eg forventa det ikkje, fortel gitarist og vokalist Tobias Osland (23).
Hammok hadde sin spede start i Horten då Tobias og trommis Ferdinand Aasheim (24) starta band i barndommen, men dagens utgåve såg ikkje dagens lys før for to år sidan. Trass i den lange totale levetida til bandet, har det store gjennombrotet latt vente på seg.
Dei håpar det å bli kåra til «Månadens Urørt» kan vere til hjelp, ikkje berre for deira eigen del, men også for alle andre.
– Eg trur det er bra for alle partar at P3 gir oss dette!, slår Ole fast. Folk har blitt så skjerma for andre inntrykk, meiner han.
– Dei treng eit band som oss, som utfordrar og pusher grensene. Som pustar andre band i nakken sånn «lagar du ikkje betre musikk no, så …!»
Dei er kanskje «berre» eit band i startgropa med fem låtar ute, men det skal absolutt ikkje stå på sjølvtilliten blant dei tre.
– Vi er jo ferske, og berre i ferd med å bli lagt merke til i miljøet, så vi må verkeleg vise oss og gjere inntrykk. Vi må overkompensere, ha all verdas sjølvtillit og gå inn sånn: «Ingen her veit kven vi er, men etter showet skal alle ville kjøpe merch», forklarar Tobias, før Ole skyt frå hofta:
– Ja, og så hjelp det jo å vite at vi er best. Og det er det ikkje nokon tvil om. Eg måtte berre seie det, først som sist.
– Oi! Der har vi overskrifta!
– Ja, men det er ikkje kødd. Vi er best, og det kan du sitere meg på! Heilt til nokon har bevist noko anna, er det slik det er.
Målet er å gjere som Kanye
Sjølv om Hammok presiserer at dei utnemner seg sjølve som best mest for deira eigen del og for å halde på sjølvtilliten, erkjenner Tobias at kombinasjonen av nettopp dei tre er noko unikt. Dei er ikkje eit band der ein berre kan byte ut medlem vilkårleg utan at det påverkar musikken.
– Ikkje for å samanlikne oss med The Beatles, men …
–. men for å samanlikne dykk med The Beatles …
– Ja, så har alle dei klassiske banda den faktoren der alle medlemmene har si stemme og sin karakter. Eg trur vi har funne våre stemmer og eit særpreg i samspelet vårt.
Det er Tobias som i hovudsak tar seg av låtskrivinga i bandet, men han har klokkartru på at det er nettopp samspelet mellom dei tre som gjer låtane deira til det dei er, og at «happy accidents» kan gi ein ekstra dimensjon til det dei lagar.
– Eg skriv som regel eit skjelett eller ein struktur, men ting hadde aldri høyrdest ut som oss om eg tok full kontroll over alt. Av og til har eg alt klart, men eg likar å gi litt dårlege instruksjonar til dei eg spelar med. Om Ole misforstår korleis han skal kome inn i eit parti, må han handle etter sitt instinkt, og det kan fungere utruleg bra.
– Du er skjelettet, så bygger vi resten saman og får kjøtt på beinet, slår Ole fast.
Om ein likar det dei har gjort til no, kan ein berre glede seg til å høyre alle låtane dei berre ventar på å sleppe, fortel Tobias.
– Vi skal ligge framfor resten. Om nokon gjer ein ting, skal vi gjere det motsette eller deira ting gonger ti. Vi går inn for å gjere som Kanye og revolusjonere musikk åtte gonger. Det er eit mål!
Blør bokstavleg talt for musikken
Hammok oppgir Honningbarna som årsaka til at dei byrja med punk. Honningbarna-trommis Nils Jørgen Nilsen hugsar sjølv ei historie frå då dei spelte i Horten i 2012 med ei tidleg utgåve av Hammok som oppvarmingsband.
Honningbarna la raskt merke til korleis den om lag 13 år gamle Tobias spelte gitar utan plekter og at gitaren vart meir og meir dekka med blod etter kvart i konserten. Dei forsøkte å gi han eit plekter, men det putta han berre i lomma og heldt fram med å spele i stykkar fingrane sine.
– Eg er ikkje så glad i metaforar, så det er friskt å sjå nokon bokstavleg talt blø for musikken, fortel Nils.
– Det er mange som kan spele riff eller trakke fire flate på basstromma, men Hammok er eit sånt band som har skjønt kva energien i formidlinga har å seie. Det er ein vilje i konsertane og musikken som fortel oss at dei ikkje er i tvil.
Låten «Perfectly Aware» er ein melodiøs og hardtslåande punk-låt med klare linjer til amerikansk vestkyst-punk og band som Touché Amoré.
Låten gjer at «Urørt»-programleiar Nina Gjertsen heller ikkje er i tvil om at Hammok er eit band som har noko å kome med.
– Hammok er ein uredd gjeng som leikar seg med sjangeren og som gjer at det er gøy å høyre på dei. Ikkje minst vert eg nysgjerrig på kva som er det neste dei finn på, for med eit slikt samspel og ønske om å pushe grenser kan alt skje!
«Urørt» er P3 sin portal for ukjende og ferske artistar og band, der dei kan laste opp sin eigen musikk. Kvar månad vert ein av dei plukka ut som «Månadens Urørt» og løfta fram som nokon ein burde bli nærare kjend med. Til hausten vert éin av dei kåra til «Årets Urørt» og får spele på «P3 Gull» i november.
Gjer nervøsiteten til skamme
Attende på Vaterland gjer Ole nervøsiteten til skamme når bandet går på scena, og stadfestar Honningbarna-trommisen sitt synspunkt om at dei er eit band som tar formidlinga av energi på alvor.
Ein konsert er eit samarbeid mellom publikum og band, meiner Hammok, og med solid samspel og hyppige besøk ut i publikum, innfrir dei si side av kontrakten for fullt.
Hammok vil ikkje tenke for mykje på kva show dei skal stille med om det er dei som får spele på «P3 Gull», men Tobias lovar at dei i så fall vil ta den heilt ut.
– Vi må gå full At the Drive-in. Ta alt vi kan gjere på ein halvtime, og berre pakke det inn på to og eit halvt minutt.
LES FLEIRE SAKER FRÅ URØRT:
LES MEIR FRÅ P3.NO: