Bitch på britisk

I vurderingssekken til Christine sitt låtpanel denne veka finn me ein Idol-vinnar, eit comeback og to store puppar.

Ein ny fredag betyr eit nytt låtpanel i studioet til Christine. I dag var det Marte Stokstad som kom innom, i tillegg til fast paneldeltakar Mats Borch Bugge.

Marte er sikkert kjend frå TV-skjermen for dei aller fleste, men ho har og hatt ei fortid som P3-programleiar. Difor var ho på kjend territorie denne fredagen.

I låtsamlinga denne veka finn me ein idol-vinnar, eit comeback og to store puppar. Det er Siri Vølstad Jensen, Lily Allen og Mariah Carey som har dei viktigaste låtene denne veka.

Artikkelen held fram under biletet

IMG_1136
Låtpanelet denne veka er Mats Borch Bugge og Marte Stokstad

 

Siri Vølstad Jensen – Coming Home

Idol-vinnaren Siri Vø Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Idol-vinnaren Siri Vø
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Medan Eirik Søfteland, som kom på andreplass i Idol i år, svingar seg på dansegolvet, har Siri Vølstad Jensen vore i studio. Her er den første singelen frå 17-åringen, «Coming Home».

Marte: Eg tenkjer at ho kunne sunge på si eiga dialekt.

For å demonstrera, byrjar både Mats og Marte å synga på refrenget til «Coming Home» på Stavanger-dialekt – eit teikn på at låta i det minste gjorde eit inntrykk.

Marte: Slik sett sit den. Men det er ikkje ei låt eg ville sett på for å framkalla ei spesiell kjensle. Men på veg heim i bilen til dømes kan den vera fin.

Mats: Det er lyden av E6, det her. Blodåra til Noreg. Nordmenn elskar dette, men det er nok siste gong me høyrer låta på P3. Den går rett heim i P1 sitt univers.

Marte: Veldig fin til køkøyring, for den er ganske roleg. Det tek si tid, men eg kjem heim til slutt.

Mats:

christinehjerte3

Marte:

christinehjerte4

Få med deg alt som skjer i studioet til Christine her! 

Lily Allen – Hard Out Here

Lily Allen har varsla at gir seg fleire gonger, men her er ho igjen. Sidan sist har ho til og med fått barn, og er tilbake med singelen «Hard Out Here». Etter første gjennomlytt kjem første negative tilbakemelding frå lyttarane – Fredrik skriv: «Synd ho ikkje ga seg – 0 av 10 hjerter»

Mats: Det var gøy å høyra ho igjen. Ho har den reinaste stemma i mitt bibliotek, kombinert med «The Queens English» – når ho då kjem med «bitch» og andre skitne ord blir det ein interessant kombinasjon.

Marte: Eg tykkjer den er tipp topp! Eg køyrer vel litt fortare og gøyare til denne, om det er eit mål i trafikken.

Mats: Det er mykje snakk om videoen, men det er og bra tekst! Ho tek avstand frå seksualiseringa i populærkulturen. Men eg tykkjer låta er ganske keisam.

Det dei diskuterte mest med denne låta var likevel musikkvideoen, ein parodi på det omdiskuterte sex-fokuset i musikkvideoar om dagen.

Men det vart likevel delt ut hjarter – og her var panelet ueinige.

Mats:

christinehjerte4

Marte:

christinehjerte8

Videoen til Lily Allen, den kan du sjå her.

Mariah Carey – The Art Of Letting Go

mariah-carey-the-art-of-letting-go-single-artwork
Mariah Carey får meir merksemd for kroppen enn for musikken. (Foto: Promo)

Dama som inspirerte eit hopetal av unge sangerinner til å prøva seg på dei verkeleg svingande O-ane er Mariah Carey. I det siste har ho vore dommar i American Idol og krangla med Nicki Minaj – men ho har og fått gitt ut singelen «The Art Of Letting Go»

Marte: Eg merkar eg blir litt irritert. Både av stemma, og av singelcoveret.

Men det er ikkje berre det visuelle som plagar – for både lyttarar og panel er det rett og slett for mykje tekst.

Mats: Eg er veldig einig – det er eit sammensurium av mange ting som ikkje er interessant.

Marte: Det får deg ikkje til å føla noko som helst. Hjertet mitt har rett og slett stoppa. Eg gir ho ikkje noko, for ho gir ikkje meg noko. Såpass barnsleg er eg.

Difor blir vurderinga slik – eit heilt fråvêr av hjarte frå Marte Stokstad.

Marte:

 

Mats:

christinehjerte1

 

Her kan du høyre heile sendinga til Christine frå fredagen.