Festivalen og musikkonferansen Bylarm vert i år arrangert frå 2. – 5. mars med mange foredrag og artistar spreidd utover Oslo sine mange konsertlokale. NRK P3 er som vanleg på plass og inviterer deg til å ta del i opplevinga.
Stem på din Urørtfavoritt
Urørtfinalen feirar 15 år og er tilbake i Oslo under Bylarm og laurdag 5. mars blir det festivalfinale på NRK P3 Sentrum Scene. Der skal me hylle nokon av dei mest spanande, nye artistane og banda Noreg har å by på og kåre Årets Urørt.
Til no har 10 nominerte blitt til fem, men det er berre plass til tre finalistar som får stå på scenen på laurdag for å kjempe om tittelen Årets Urørt 2016. Kven vinnaren blir er opp til deg.
Her kan du stemme fra dine favorittar.
Fredag 4. mars vert dei tre finalistane avslørt på lufta i Christine live frå Kulturhuset.
Få med deg Urørtfinalen
I år kan du følge Urørtfinalen direkte på radio og i sosiale medium frå kl 20:00, då finalen startar.
Før det varmar me opp med Urørtvorspiel når National Rap Show tek over NRK P3 Sentrum Scene frå kl 19:00.
Før konfettien har lagt seg spelar vinnaren konsert frå kl. 22:00, og feiringa fortset utover kvelden når Gundelach, Kaveh og Izabell entrar scenen.
Alle med pass til Bylarm kan ta del i feiringa (så lenge det er plass), så følg med på P3 dei neste dagane for å vinne festivalpass!
Som oppvarming til sjølve Urørtfinalen kan du sjå alle dei ti nominerte spele på ulike scener i Oslo under Bylarm.
ONSDAG
Pokalen
Vulkan Arena
Pokalen
Vulkan Arena
Vulkan Arena
TORSDAG
NRK P3 Sentrum Scene
NRK P3 Sentrum Scene
NRK P3 Sentrum Scene
John Dee
NRK P3 Sentrum Scene
LAURDAG
NRK P3 Sentrum Scene
NRK P3 Sentrum Scene
NRK P3 Sentrum Scene
NRK P3 Sentrum Scene
NRK P3 Sentrum Scene
NRK P3 Sentrum Scene
Her finn du det fullstendige Bylarm-programmet.
Christine live frå Youngstorget
Christine sendar live frå Kulturhuset på Youngstorget. Foto: Tom Øverlie
Under Bylarm flytter Christine Dancke som vanleg sitt musikkprogram på P3 frå Marienlyst til Kulturhuset på Youngstorget. Frå torsdag til laurdag er programmet fylt med mykje livemusikk, overraskande coverlåtar og morosame samtaler med både norske og internasjonale artistar.
Alt er gratis og du som lyttar er hjarteleg velkommen. Du kan også høyre sendinga direkte på P3.