Bob Dylan i kultureliten

Som første rockemusikar nokon gong, er Bob Dylan no eit medlem av «American Academy of Arts and Letters», som anerkjenner klassisk musikk og lyrikk.

«American Academy of Arts and Letters» vart i si tid oppretta som høgkulturens friplass, ein stad der bråkemusikk som jazz og etter kvart rock n’ roll skulle haldast langt unda. Tidene har endra seg, men likevel var steget stort for akademiet som no har opna dørene for den gamle rockepoeten Bob Dylan, melder Rolling Stone.

Han er likevel ikkje eit ordinært medlem, som dei klassiske komponistane og forfattarane i akademiet er.

Dylan vart innlemma som æresmedlem, på same måte som Martin Scorcese, Meryl Streep og Woody Allen har blitt før han.

Les meir: Bob Dylan

Multitalent

Årsaka til at Bob Dylan vart æresmedlem, er at akademiet ikkje klarde å bli einige om dei ville innlemma han på grunn av musikken eller tekstane han skriv. Grunnen til at det kun er Scorscese, Streep, Allen og no Dylan som har fått medlemskapet utan å vera aktive innan dei klassiske felta, er ifølgje akademiet at det finst nok av institusjonar for desse frå før. Oscar-akademiet, Rock N’ Roll Hall Of Fame, Grammy og Golden Globe – lista er lang.

Likevel fekk Dylan sin plass for sitt multitalent og sin posisjon som eit amerikansk ikon, seier juryen.

Møter kanskje ikkje opp

Bob Dylan blir hylla på ein middag for medlemma i «American Academy of Arts and Letters» i april, og medlemskapet blir offisielt i mai. Men om han dukkar opp på nokon av desse hendingane, er mindre truleg.

Manageren til Dylan, Jeff Rosen, har endå ikkje kommentert medlemskapet, men Bob Dylan har godtatt innlemminga.

Bob Dylan gav ut sitt førebels siste album, Tempest, i fjor haust. Høyr det her: