– Litt desperat og masete

Låtpanelet til Christine – denne veka med musikksjef Mats Borch Bugge og politikar Sandra Borch – vurderer ferskvare frå Eminem, Katy Perry og Envy.

Kvar fredag samlar Christine eit låtpanel for å  gjera ei uhøgtideleg vurdering av dei tre viktigaste låtene gjennom veka. Musikksjef Mats Borch Bugge er fast inventar, og denne fredagen var politikar Sandra Borch gjest.

Dei to paneldeltakarane deler meir enn Borch-namnet – musikkinteressen hjå Sandra Borch er veletablert, med ei tidlegare bandkarriere som saksofonist. Det var difor to kvalifiserte gjester som skulle gå laus på ny musikk frå Eminem, Katy Perry og Envy.

Eminem – «Rap God»

Høyr heile praten her:

Eminem blir anmeldt – Christine

Det var med ein viss skepsis Borch og Borch gjekk laus på Eminem sin siste singel, «Rap God».

Rapperen Eminem er for tiden den tredje mest populære når det kommer til sosiale medier. Foto: NTB Scanpix / Matt Sayles, AP Photo.
Eminem er ute med den nye låta «Rap God», som får lunken kritikk frå Christine sitt låtpanel. Foto: NTB Scanpix / Matt Sayles, AP Photo.

– Kanskje han lanserer seg som Rap God no fordi ingen trur på han lenger, startar Mats Borch Bugge.

Sandra Borch på si side er ingen stor fan av rap generelt.

– Eg føler det blir litt desperat og masete.

– Det virkar litt som ei oppvising i kor flink Eminem er til å rappe fort, legg Mats til.

Terningkastet på Eminem sitt siste verk er difor ikkje det høgaste.

Her kan du høyra låta, via Youtube.

Terning frå Mats: 

terning_musikk_3

– Han er flink til å vera kvit, så enkelt er det. Og han var blant dei beste for ti år sidan, men no er han ikkje like interessant lenger.

Terning frå Sandra:

terning_musikk_2

Sandra kastar seg på vurderinga til Mats, men er endå strengare i sitt terningkast.

Katy Perry – «Unconditionally»

Høyr heile praten her:

Katy Perry blir anmeldt – Christine

Sandra Borch er Katy Perry-fan frå før, og er ikkje framand for å dra fram California-jenta på vorspiel og fest. Men den nyaste låta, «Unconditionally», er ikkje den Katy Perry som Sandra Borch har blitt kjend med.

22. oktober kommer Katy Perry-albumet Prism. Foto: Promo.
22. oktober kjem Katy Perry-albumet Prism, der «Unconditionally» er henta frå. Foto: Promo.

– Det er absolutt ei låt mange vil kunne synga med til. Men den er ikkje så typisk Katy Perry, kanskje litt rolegare?

– Eg følte det var det irske bidraget i MGP, fordi Irland står ofte for dei mest sofistikerte låtene. Det er meir sofistikert enn kva ho har gjort før. No er ho litt som ein deltakar på Charter-feber som skal inn på Theaterkaféen i Oslo, legg Mats til.

– Men ho kler det! Det er ikkje så vulgært lenger, held han fram, og konluderer med eit veldig godt inntrykk av Katy Perry si nyaste låt.

Terning frå Mats: 

terning_musikk_5

– Det refrenget satt seg umiddelbart, så eg gir terningkast fem!

Terning frå Sandra:

terning_musikk_4

– Ei veldig vaksen låt. Terningkast fire.

Katy Perry sin nyaste sang kan du høyra her, via Youtube.

Envy – «In Your Arms» (Premiere hjå Christine!)

Høyr heile praten her:

Envy blir anmeldt – Christine

Den nyaste singelen til Envy hadde premiere hjå Christine denne fredagen. Den P3 Gull-aktuelle duoen som har toppa lister over heile norden med «Am I Wrong» vil no prøva å gjenta suksessen med «In Your Arms».

Envy har et godt live-rykte. 21. juni ser du dem gratis på Rådhusplassen og NRK1 (Foto: NRK P3)
Envy har gjort suksess med «Am I Wrong». På fredag hadde den nyaste singelen, «In Your Arms», premiere hjå Christine. (Foto: NRK P3)

Umiddelbart gav låta ei god sommarkjensle til både Sandra og Mats.

– Eg får litt lyst til å sitja med ei bongotromme mellom beina. Den gir assosiasjonar til surfing og skyfri himmel.

Mats meiner og tidspunktet for å sleppa låta kanskje er litt rart, men at det er godt med ei påminning om at sommaren aldri er langt unna.

– Dette var ein skikkeleg gladsang! Eg likte dette veldig godt, seier Sandra, som jamnt over likar det Envy leverer.

Terningkast frå Mats:

terning_musikk_5

– Det er ei kjempelåt. Den er veldig umiddelbar, men virkar heller ikkje blaut når du høyrer den igjen. Eg gir terningkast fem, og angrar no litt på femmaren eg gav til Katy Perry.

Terningkast frå Sandra:

terning_musikk_5

Sandra er endå meir imponert, og gir ein knallsterk femmar, på grensa til terningkast seks.

Singelen til Envy kjem først på måndag, og før det kan me ikkje legga den ut.

Vil du høyra heile sendinga til Christine, der Jaa9&OnklP og Oslo Ess spelar live og blir utfordra i aktteikning? Klikk her.