Brennheite og trassige

UKAS URØRT: Rockeduoen «brenn.» frå Lillehammer kranglar som brør – det blir det god musikk av.

– Du kan seie at Edvard er han rockefyren, og eg er han popfyren, og samarbeidet vårt er litt som ei gruppeoppgåve på ungdomsskulen der ein må jobbe saman og har litt for dårleg tid.

Slik karakteriserer trommis Rémy Malchère Pettersen dynamikken med vokalist Edvard Smith. Saman utgjer dei duoen brenn., som er Ukas Urørt med den superfengande låta «juli».

– Låta handlar om at eg blir sur på Rémy når han får til ting som eg ikkje kan, og han tilbyr meg hjelp. Eg skal vere så sjukt sjølvstendig og fikse ting sjølv, og så blir eg sur, bitter og sjalu. Så det er nok litt sjølvkritikk i teksten, seier Edvard.

– For meg er denne låta biletet av Edvard som ligg på golvet og er trassig som ein treåring. Og han låg jo på golvet heile tida medan vi skreiv den, meddeler Rémy.

Urørt meiner:

Med eit leikent og energisk uttrykk tar brenn. oss med inn i eit univers prega av støyande gitarar, fengande melodiliner og refreng som set seg momentant på hjernen. Uhøgtideleg skranglerock med popmusikk som inspirasjonskilde, blir til musikk som gir eit skikkeleg energiboost!

Black Sabbath i barnehagen

Trass i musikalske ulikskapar og ein hissig Edvard på golvet ser dei to 21-åringane ut til å fungere godt saman. Ifølge Rémy har dei alt eit vennskap skal ha – gode stunder, dårlege stunder, krangling og det meste imellom.

Promoter musikken din på Urørt
Promoter musikken din på Urørt

Dei blir inspirerte av sjølvopplevde vanskelege situasjonar, i tillegg til andre musikarar som skapar nye, kule uttrykk med musikken sin. Sjølv vil dei gjerne formidle at rock ikkje trenger vere dølt, men «festbart, gøy og useriøst». Og med ein barndom der dei begge vart oppfostra på rockemusikk, er det lett å sjå kor dei får sitt musikalske uttrykk frå.

– Pappa sette på Jeff Beck og Black Sabbath i bilen på veg til barnehagen då eg var 3 år. Sidan den gong har eg alltid hatt sans for rock, og samtidig superkommersiell pop, seier Edvard.

– Mamma og pappa vart kjent gjennom ein felles lidenskap for rock og metal på 80-tallet, så det låg vel litt i korta at eg hadde rockestjerner som førebilete då eg var liten. No om dagen går det jo mindre i rock og meir i pop for min del, men innflytelsen mamma og pappa har hatt på meg skal jo ikkje undervurderast, fortel Rémy.

– Korleis går de fram når de lagar eigen musikk?

– Vi prokrastinerer og blir sinte på kvarandre, for så å løyse det med å lage ei låt. Men ofte også det motsette, så vi har vel ingen fast framgangsmåte, fortel dei to.

Den fengande skranglerocken Lillehammer-duoen kranglar seg fram til, gjer seg også godt på konsert. Kjenneteikn er høgt energinivå, humor og spontanitet på scenen. I år speler dei på Fjellparkfestivalen og P3-scenen på Slottsfjell. I tillegg kan vi forvente oss eit debutalbum neste år.

Jålete, sensitive og nakne

Bandnamnet til dei to har skapt litt hovudbry for oss i P3. Brenn + punktum. Heiter dei eigentleg «brennpunkt»? Diskusjonen har gått i redaksjonen, og endeleg fekk vi svar.

– Nei, vi heiter brenn. Då vi laga namnet tenkte vi ikkje ein gong på det, og då vi innsåg det tenkte vi «Shit, det er jo ein moglegheit. Skal vi heller heite det?». Men det var ikkje så kult likevel, så vi slo det frå oss, seier Rémy.

– Det som er litt gøy er at det ordet er ein ganske slem kommando: BRENN! Men viss vi gjer det litt ufarleg med å fjerne store bokstavar og legge på ein punktum blir det berre «brenn.» Og vi har jo eit ganske ufarleg uttrykk generelt.

I det siste har dei gått litt vekk frå å berre vere rockete òg, kan dei fortelje oss.

– Eg har byrja synge med mykje meir sensitiv og jålete stemme i det siste. Og så syng vi på norsk no, det gjorde vi ikkje før. Eg trur det vi lagar frå no av vil ha litt fleire popelement i seg, seier Edvard.

Dei kan kalle det jålete, men det dei lagar er framleis ganske tøft. I musikkvideoen til låta som vi har plukka ut til Ukas Urørt, dundrar dei laus i ein gymsal, for så å avslutte heile greia med litt god gamaldags nakenrock i dusjen.

– Eg veit ikkje kor ideen kom frå, men i alle fall endte vi opp i ein gymsal. Kanskje fordi denne låta vart laga på slutten av vidaregåande, så eg assosierte ho med ein litt kjip periode mot slutten der du ikkje heilt skjønner kva du driv med. Og så ville vi ha litt sjokkfaktor, litt nakenheit, seier Edvard.

Sjekk ut musikkvideoen til «juli» her:

Høyr spelelista brenn.-gutane laga til oss: