by:Songs-konkurranse!

No kan du få din musikk vurdert av Kanye West sin musikksjef. Delta i vår by:Songs-konkurranse!

KONKURRANSEN ER AVSLUTTET. VINNEREN ER KONTAKTET

No jaktar vi etter eit nytt produsent- og låtskrivartalent. Last opp 60 sekund av det som definerer deg og din musikk via Urørt, så kan den ende opp med å bli vurdert av Kanye West sin musikksjef.

Nytt opplegg hos by:Larm

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge, synes ikke "ID" er en radiolåt. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)
Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge. (Foto: Kim Erlandsen, NRK P3)

by:Larm er ein musikkonferanse og -festival som har vore arrangert årleg for bransjefolk sidan 1998. Det har med åra blitt Skandinavias viktegaste arena for nordisk musikk.

Årets by:Larm arrangerast 4. – 7. mars i Oslo. by:Songs er ein «song camp» i forkant og under by:Larm. Hit kjem fleire av dei største internasjonale namna i musikkbransjen for å jobbe intensivt med norske låtskrivarar/produsentar.

Rundt 40 dyktige fagfolk, som blant andre Thomas Eriksen og Amanda Warner (MNDR), kjem for å delta på by:Songs. Dei har laga utgitt musikk for alt frå musikkgigantar som Sam Smith, Rihanna, Rita Ora, Charli XCX, Justin Bieber og Celine Dion til norske Emilie Nicolas og Nico & Vinz.

Utvalde songar frå by:Songs vil bli presentert for Kanye West sin musikksjef frå Good Music og andre store namn i bransjen.

– I takt med at norsk musikk stadig markerar seg sterkare internasjonalt, er også viktigheita av folka bak artistane aukande. Vi ønsker derfor å vere med på å bidra til at dei kan bli oppdaga og følgt opp av dei beste, seier P3s musikksjef Mats Borch Bugge.

Last opp hos P3 Urørt

Christine Dancke. (Foto: Hilde Holta-Lysell)
Jurymedlem Christine Dancke. (Foto: Hilde Holta-Lysell)

Fyll ut skjemaet heilt nede i saka og last opp 60 sekund av musikken din på Urørt sin nettsider. Hugs å gi opplastinga namnet «bysongs2015».

Siste frist for å delta er onsdag den 25. februar kl. 00.00, altså natt til torsdag. Juryen vil kåre vinnaren fredag den 27. februar.

Juryen består av følgande bransjefolk:

  • P3 (Christine Dancke)
  • by:Larm (Vegard Waske)
  • Warner Chappel (Stine Lieng)
  • Toothfairy (Martin Schilde)
  • Music Norway (Gisle G. Stokland)
  • NOPA (Arvid Solvang)
  • Coucheron (produsent)

– Eg er på jakt etter noko som ikkje høyrast ut som noko eg har høyrt tidlegare. Eg håper at folk tør å ta steget ut frå soverommet – vise fram musikken sin, og treffe andre låtskrivarar som kan stimulere og inspirere til vidare arbeid, seier jurymedlem Christine Dancke.