Christine live: Abel Trost

Abel Trost, 23-åringen frå Sandnes som kom ut av ingenting med «We Are (The Wanderers)» besøkte Christine for å spela live – du får med deg alt her.

«– Når alle kampsangene er sunget, når vi sitter her i velferdsstaten Norge og flesker oss, hva kan vi gjøre? Hva har vi å kjempe for?»

Dette sitatet dukkar opp når du søker på Abel Trost på nettet. Han er ein ung folk-musikar som droppa ut frå musikklinja heime i Sandnes, og som no bur i Oslo for å satsa på musikken. Og så meiner han me bør bli flinkare til å bry oss.

Vil du høyra heile sendinga, med blant anna ein gjennomgang av dei viktigaste låtene denne veka? Trykk her!

Ut av ingenting

Du har kanskje ikkje høyrt om Abel Trost før, og har du høyrt noko er det kanskje ikkje så mykje. Han er nemleg rimeleg fersk, og traff gull med si aller første låt «We Are (The Wanderers)».

– For meg var det viktig å finna eit uttrykk eg var komfortabel med, reint musikalsk. Eg var innom mange sjangrar, blant anna litt industriell electronica. Etter kvart kom eg tilbake til folk-musikken, som eg vaks opp med.

Om det er ein one-hit-wonder eller starten på ei større karriere gjenstår å sjå, men akkurat no er innhaldet i tekstane noko av det viktigaste for Abel Trost.

Musikken som inspirerer er mykje frå dei gamle folk-heltane, som Bob Dylan. Men det er og nokre nye og lovande artistar Abel Trost let seg insirera av.

Den doble spellemann-vinnaren Monica Heldal er så dyktig at Abel Trost blir litt sjalu. (Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix)
Den doble spellemann-vinnaren Monica Heldal er så dyktig at Abel Trost blir litt sjalu. (Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix)

– Monica Heldal er så dyktig at eg blir litt sjalu. Både på gitaren og til å laga dei melodiane, det har vore veldig inspirerande.

Overpriviligert vandrar

Det er ei meining bak stemma som syng «We Are (The Wanderers)». Han er litt lei av at me har blitt så apatiske i dette landet, og meiner me kanskje har det for godt.

– Me gidd ikkje å bry oss om noko, det er ikkje kult å bry seg nok til å protestera eller å stå opp mot noko. Eg trur velferda vår kan vera mykje av årsaka.

Abel Trost tenkjer at me kanskje tek rikdommen litt for gitt, og har blitt litt apatiske.

– Eg blir så irritert når folk snakkar om arbeidsinnvandring og slikt. Dei gløymer heilt at det berre er 80 år sidan mange nordmenn var i same situasjon og reiste til USA for å jobba.

Få med deg alt frå Christine her!

Utdriting

Sjølv om Abel Trost, som er døypt Kim Abel Eitland, ikkje har ein lang diskografi bak seg, har han alltids litt bakgrunn innan musikken.

Han gjekk nokon år på musikklinja i Sandnes, men droppa ut undervegs.

– Det virka som ein smart ting å gjera då. Eg var skulelei, og det var ikkje så kult å læra dirigering, komponering og noter. Det var ikkje det eg meldte meg på.

– Eg vart etter kvart kjend som den som brydde meg minst om dirigering, så læraren min starta med å trekka meg fram i starten av timen og sa: «No skal alle sjå på Abel og læra korleis det ikkje skal gjerast». God gamaldags utdriting.

Etter at han droppa ut, holdt han på med småjobbar medan han ville fokusera på musikken. Grunnen til at han ikkje satsa tidlegare, var at han ikkje hadde noko å melda.

Med «We Are (The Wanderers)» hadde han det. Video av live-versjonen han ga deg hos Christine ser du øvst i saka.

I tillegg til si eiga låt, ga Abel Trost deg ein nedpå versjon av Arctic Monkeys sin «R U Mine?» hos Christine

Sjå den her!