Christine live: Bendik

Sjå Bendik framføre den vakre låta «Mørket føles mørkere» live på P3.

– Eg blir så rusa av å spele på TV. Eg trur eg er verdas mest lykkelege menneske rett etterpå, seier Silje Halstensen.

Tysdag fekk ho spele på nett-TV, og ikkje minst live til alle lyttarane til NRK P3s Christine.

Kontrastanes dronning

Silje Halstensen frå Bendik var gjest hos Christine og framførte låta Mørket føles mørkere frå debutalbumet «No går det over».

Bergensjenta stilte aleine. Ein treng strengt tatt ikkje så mange fleire å støtte seg på når ein har ein så sterk vokal. Tilbakemeldingane frå lytterane strøymde inn under den direktesendte sendinga:

«Jeg vil grine. For en stemme! Stor takk!», var ein av fleire SMS-ar som kom inn under framføringa av låta.

Folk kallar ofte Silje Halstensen «kontrastanes dronning». Det kjenner ho seg godt igjen i:

– Ja, vi er jo innom absolutt alle følelsar i følelsesregisteret under ein Bendik-konsert, ler ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bendik framfører "Mørket føles mørkere" live på P3. (Foto:  Gard Brox Jensen, NRK P3)
Bendik framfører «Mørket føles mørkere» live på P3. (Foto: Gard Brox Jensen, NRK P3)

Spellemann-nominert

«Bendik er et møte mellom pop og ambiens, varm melankoli og iskald støy», skreiv P3 Urørt om gruppa i haust.

Det er ei skildring som også passar godt til låta Mørket føles mørkere.

Bendik deltok sjølv i Urørt-finalen i 2012. Sidan den gong har Bendik også vore Spellemann-nominert for albumet «No går det over».

– Ja, plata var nominert til beste indie-album, men det var Thea Hjelmeland som vant. Forhåpentlegvis kjem det fleire moglegheiter i framtida, smiler ho.