Christine Live: Casa Murilo

Casa Murilo, med britiske Chris Winfield og Dan Hesketh, er snart ferdig med sin sjette norgesturné. Hos Christine fortel dei turnéhistoriar og spelar live for deg.

No om dagen er Casa Murilo på ein akustisk turné over heile landet, sist i Bodø før helga. Britane Chris Winfield og Dan Hesketh starta bandet i 2009, og etter fleire låter på P3-listene ligg tredjealbumet klart i september.

Hos Christine denne litt grå tysdagen spelte dei sin siste singel “Sleeping With The Lights On” og dei ga deg ein nydeleg versjon av Kwabs sin “Wrong or Right”. Sjå video i toppen og nedst i saka!

Svett og intimt.

Fram til albumet kjem, er det konsertar som tek opp tida til Casa Murilo, som fekk bandnavnet frå husverten til Chris og Dan frå tida dei budde i Brasil.

– Me er ganske opptekne om dagen, for me er på turné og spelar inn plate med nye bandmedlem. Snart kjem det ny singel og, så me er veldig travle om dagen.

Casa Murilo er på ein turné som strekk seg frå Mandal i sør til Bodø i Nord, før den vert avslutta i Volda 31.mai.

– Det har alltid vore kult med slike små konsertar, og me har gjort det mykje før. No hadde me sjansen til å reisa til mange småstader me ikkje har vore på før. Då er det vanskeleg å møta med fullt band, så me prøvde oss fram på denne måten, fortel Chris.

Høyr heile sendinga her!

Ny inspirasjon

På turnéane over heile landet har bandet tatt med seg gode historiar tilbake i studio, og i nokre tilfelle blir det faktisk laga heilt ny musikk på scena.

– Me skreiv eit refreng til ei låt på scena for eit par veker sidan, i Voss. Og det gjekk faktisk ganske bra. Så då kom me tilbake til studio med ein god idé der, seier Chris.

– Me hadde ei låt, som mangla ein bit. Då me spelte den konserten hadde me eit par idéar, og tenkte me skulle prøva oss fram. Og det funka, så den versjonen blir faktisk med på plata, legg Dan til.

Vil du sjå fleire live-opptak frå Christine? Trykk her!

Dan Hesketh (på bildet) frå Casa Murilo fortel om turnéhistoriar saman med bandmakker Chris Winfield (Foto: Jonas Lisether/NRKP3)
Dan Hesketh (på bildet) frå Casa Murilo fortel om turnéhistoriar saman med bandmakker Chris Winfield (Foto: Jonas Lisether/NRKP3)

Noko i Nord

Bandet tok ei oppteljing nyleg, og kom fram til at dette er sjette norgesturnéen dei er på sidan starten. I løpet av den tida har dei funne nokre favorittstader, og lagt merke til det særeigne med ulike landsdeler.

– Etter å ha vore så mykje rundt i landet, har de lagt merke til at det er noko spesielt med nordlendingar?

– Vil du ta denne, Dan? Spørsmålet kjem frå ein høfleg Chris Winfield.

– Dei kan vera veldig entusiastiske, skal me sei det? Dei snakkar høgare enn vanlege menneskjer, eller folk flest. Dei drikk veldig aggresivt, og volumet er alltid mykje høgare. Eg veit ikkje, men eg likar det. Dei er alltid så hyggelege med oss.

– Har de nokon ritual før de går på scena?

– Me har ein ting me gjer, men ikkje på alle konsertar. Det er ei låt som heiter “The City”, som Chris tek åleine på piano. Det er ein slags psykologisk krig, for eg likar å stå ved sidan av han i dei seks minutta og stirra folk i augene, fortel Dan.

Øvst i saka kan du sjå Casa Murilo gi deg ein strålande versjon av Kwabs sin “Wrong or Right”, og her får du ein ny versjon av bandet sin siste, catchy singel – “Sleeping With The Lights On”: