Christine Live: Frk. Fryd

Dei unge jentene kom rett frå oppvarmingskonsert for sjølvaste Primal Scream for å spela i studioet til Christine. Høyr «Blod og Honning» og ein Wombats-cover her.

Frk. Fryd skaut inn på listene, og inn i mange rockeøyrer, med «Blod og Honning» tidlegare i år. Etter at dei vart Ukas Urørt har det eigentleg berre gått oppover for Stavanger-bandet, som består av Caroline Ekeli på vokal, Embla Heskestad Jagdum på bass, Elise Andersen på gitar og Julie Enger Børresen på trommer.

Vil du høyra heile sendinga? Trykk her.

Primalbrøl

Frk. Fryd var på besøk til Christine tysdag. (Foto: Beate Grøndahl)
Frk. Fryd var på besøk til Christine tysdag. (Foto: Beate Grøndahl)

Grunnen til at Frk. Fryd var i Oslo i det heile denne tysdagen, var at dei varma opp for legendane i Primal Scream måndag kveld.

– Det var ei sjuk oppleving. Mykje me hadde høyrt frå før, men det var først då me såg konserten etterpå at me skjønte at dette var skikkelege rockestjerner. Det var veldig kult, fortel Embla.

– Det er eigentleg vanskeleg å varma opp eit publikum som er der for å sjå eit verdskjend band. Men det gjekk til slutt. Det var jo fire jenter på 20 år som skulle varma opp for eit publikum med snittalder på 50-60.

Alt eg nynnar på

«Blod og honning har fått tung rotasjon på P3, og jentene har fått høyra den omskrivne tekstlinja «Jeg hater denne sangen nå, for den er alt jeg nynner på».

– Var det nokon som kjende igjen sangen då de spelte for Primal Scream?

– Det var to stykk som hadde stått med armane i kors under heile konserten. Men då refrenget til «Blod og honning» kom, såg eg at dei starta med eit lite nikk før dei sang med. Då jubla eg litt, seier Embla.

Vil du sjå fleire live-opptak frå Christine? Trykk her.

Wombats

I tillegg til å bli spelt mykje på P3, har Frk. Fryd høyrt såpass mykje på sangane me spelar at dei kan dei fleste utanat.

Coverlåta dei bestemde seg for å gjera, vart The Wombats sin siste hit, «Your Body Is A Weapon».

Kvifor akkurat den? Først og fremst fordi The Wombats er eit kult band.

– Dei spelar omtrent same sjanger som oss, så me tenkte det hadde vore kult å gjera ein Frk. Fryd-vri på den. Og det er ei kul låt som set seg i hovudet, fortel Embla.

Korleis resultatet vart kan du både høyra og sjå i toppen av saka.

Her på botnen, derimot, kan du sjå Frk. Fryd spela sin eigen hit – Blod og Honning: