Christine live: Kwabs

Høyr singelen «Walk» og den sterke coverversjonen av «Thinking Out Loud» live i studio.

Nokre kjenner kanskje igjen Kwabs og låta Walk frå fotballspelet FIFA 15. Mest truleg kjem vi alle til å bli betre kjend med han i vår. Då skal 24-åringen gi ut debutalbumet «Love and War».

Høyr heile sendinga frå då Kwabs besøkte NRK P3s Christine her!

Jobbar seg mot toppen

Kwabs, eller Kwabena Sarkodee Adjepong som han eigentleg heiter, er fødd i Gambia og oppvaksen i London. Han vart tidleg plukka opp som vokalist av Storbritannias National Youth Orchestra og har studert jazz på sjølvaste Royal Academy of Music.

No skal han stå på eigne bein, og er veldig spent på korleis debutalbumet blir mottatt når det skal sleppast den 18. mai.

– Kjenner du på presset? Du er den dei som betyr noko i musikkbransjen har tru på no, spør Christine.

– Det føles ganske rart, spesielt no som eg har sagt til alle at albumet kjem. Ein kan liksom ikkje trekke seg no, ler han.

Singelen Walk tok aldri heilt av i England, men toppa listene i Tyskland. No er det stor spenning rundt om det kommande albumet vil gje han det verkeleg store internasjonale gjennombrotet.

Walk handlar om å være sterk og det å heile tida gå framover. For meg handlar det alltid om å gå framover, så eg ser litt på dette som mitt personlege anthem, fortel Kwabs.

(Artikkelen held fram under videoen)

https://www.youtube.com/watch?v=W0jTaMF4BDo&feature=youtu.be

Thinking Out Loud

Som alltid blir artistane utfordra av Christine til å framføre ei coverlåt. Kwabs valde å framføre sin eigen versjon av Ed Sheerans monsterhit Thinking Out Loud. Det gjorde han med stort hell.

– Du har ei slik stemme alle snakkar om, seier Christine.

Ho fekk inn massevis av SMS-ar under opptendenen frå norske fans:

«Kwabs er herleg! Høyrer på han heile tida på FIFA 15. Diggar han!», skreiv Thomas, og helsa til den britiske songaren som nettopp har kjøpt sin førte heim:

– Eg kjøpte ei fin lita leilighet i Sør-London. Eg har budd dei ei stund som leigebuar, men no er den endeleg mi. Når eg kjem heim i kveld er det første gang eg kjem heim til mi eiga leilighet, seier Kwabs glad.

– No blir det leopardmønster og bling over alt, ler han.