Christine Live: Skambankt

Med låge skuldrar, alternativ gitarlyd og trommemaskin gir Skambankt deg ein versjon av «Wrecking Ball» du aldri har høyrt før.

– Me var veldig usikre på kva me skulle spela, så me lot det eigentleg vera opp til dykk, seier Skambankt-frontmann Terje Winterstø Røthing. Christine nytta sjansen – ho klødde i fingrane etter å høyra Miley Cyrus-hiten i ny drakt.

Det fekk ho – men Skambankt stilte krav.

Christine sjølv måtte vera med og synga, noko som enda med tilnærma hjarteinfarkt for programleiaren. Sjå video i toppen av saka.

Vil du høyra heile sendinga? Klikk her.

Blodig alvor

Men den unike versjonen av «Wrecking Ball» var ikkje det einaste Skambankt serverte av dramatikk i Christine-studioet.

Trommeslagar Børge Sageng Henriksen slo hovudet under lydsjekk. Det enda med blodig panne og blitzregn.

– Det humoristiske er at då det skjedde kom kamera opp først, så tørkepapir og tilbod om hjelp.

Korleis panna såg ut, ser du under – gjennom sosiale media, sjølvsagt.

 

Kaizers-pause

Det har gått tre år sidan sist gong Skambankt gav livsteikn frå seg. Tida har blitt brukt i all hovudsak på Kaizers Orchestra, der Terje Winterstø Røthing spelar/spelte gitar.

– Blir de andre litt irritert over Terje forsvinn til Kaizers?

– Nei, eigentleg ikkje. Slik har det vore sidan starten. No har me og fått veldig god tid til å jobba fram ei plate me er veldig nøgde med, fortel Tollak Friestad.

Og Terje kan fortelja at sjølv om han har vore oppteken med Kaizers Orchestra, har det blitt jobba mykje med Skambankt på sida.

– Me har hatt mange demosessions, og fått laga mange låter. Og frå dette har det blitt ei plate.

IMG_1207

Frå denne plata er «Voodoo» første smakebit. Den har allereie gått sine rundar på P3 – og i botnen av saka kan du sjå og høyra ein ny versjon.

Vil du høyra – og sjå – fleire liveinnslag frå studioet til Christine? Klikk her.

Plastpromo

Skambankt sin siste singel er "Voodoo". (Foto: Promo)
Skambankt sin siste singel er «Voodoo». (Foto: Promo)

For å promotera den nye singelen, kom Skambankt med ein ny idé. Då dei var i studio, fann dei ein gamal kontroll til Guitar Hero – eit spel som mest av alt irriterer bandet.

– Spesielt når ein kan spela gitar, så blir det spelet veldig vanskeleg. Ingen av oss er gode på det. Difor bestemte me oss for å starta eit gjenvinningsprosjekt.

Du kan levera inn din gamle plastgitar, og få ein vinylsingel med «Voodoo» tilbake – smelta om frå din gitar.

Etter at Skambankt kom med sin idé, har fleire kasta seg på. Både Raga Rockers, Rumble In Rhodos og Bigband har kasta seg på bølga.

– Me tykkjer mest av alt det er kjekt å hjelpa folk å bli kvitt dei gamle plastgitarane sine, seier Terje.

Sjå Skambankt spela Voodo her – med trommemaskin og alternativ gitarlyd.