Christine live: Years & Years

Sjå electronica-bandet som verkeleg kan levere live – også med tradisjonelle instrument.

Britisk-australske Years & Years er ein electronica-trio som vart danna London. Dei vart nyleg kåra til «Sound of 2015» av BBC.

Sam Smith vant for 2014 og vart raskt ei av dei største internasjonale musikkstjernene. No ventar det spenning rundt om dette også Years & Years si skjebne.

Høyr heile intervjuet med Years & Years her!

Gråt av glede

Christine var sjølvsagt nysgjerrig på korleis bandet reagerte på å vinne ein så gjev tittel:

– Kvar var dokker då det vart klart at dokker hadde vunne BBCs «Sound of 2015»?

– Vi var i ein hotell-lobby i Los Angeles då vi fekk vite det. Først haldt eg på å svime av, så byrja eg berre å gråte, seier Olly Alexander.

Dei andre bandmedlemmane sleit med jet-lagen, og vart berre ståande å kikke på ein gråtande Olly Alexander.

– Eg er ein veldig følsam person. Det er heldigvis sunt å gråte. Gråt ein gong om dagen! Eller… det held vel kanskje med ein gong i veka, ler han.

(Artikkelen held fram under videoen)

https://www.youtube.com/watch?v=ROFPsa8ZyrU&feature=youtu.be

Love Me Harder

Christine utfordrar alltid gjestane sine til å framføre ei coverlåt live. Years & Years tok utfordringa og valde Love Me Harder av Ariana Grande og The Weekend som si låt.

– Eg tok ein sjefsavgjersle og trente litt på songen ved pianoet aleine. Vi fekk ikkje tid til øve den inn saman heile gjengen, seier Alexander.

Det skulle vise seg å verkeleg vere ein song som gjer seg godt i piano- og vokalversjon. Spesielt når det er unge, lovande Olly Alexander som sit på pianokrakken.