Christines jul: Kid Astray

Kid Astray rullar innom Christine for å snakka om året som var, året som kjem – og ikkje minst spela live for deg. Få med deg alt her!

Kid Astray ga deg ein heilt ny versjon av hitlåta “The Mess” hos Christine, og ein nydeleg a cappella-versjon av Nat King Cole sin “The Christmas Song”.

Utanom spelinga konkurrerte og bandet om å laga julepynt, og tok ein godprat om året som gjekk.

Vil du få med deg meir frå Christine, blant anna alle julelåtene? Trykk her!

Kid Astray live hos Christine. Foto: Aron Eskeland.
Kid Astray live hos Christine. Foto: Aron Eskeland.

Favorittstempel

Kid Astray er ein gjeng med unge, talentfulle folk frå Oslo. I fjor kom “The Mess”, ei låt dei snekra saman til by:Larm på knappe seks timar. Etter den fekk alle som følger med på musikk i Norge ein beskjed: Følg med på Kid Astray.

Pianist Elizabeth Wu pyntet seg med nisselue for anledningen. Foto: Aron Eskeland.
Pianist Elizabeth Wu pyntet seg med nisselue for anledningen. Foto: Aron Eskeland.

Det ga bandet eit godt år i 2013 – med mange høgdepunkt.

– Slottsfjell var i alle fall høgdepunktet gjennom sommaren. Det snakkar me om endå. I overkant av 5000 menneskjer som var veldig gira og sang med, det var utruleg gøy, fortel gitarist og vokalist Alex Meek.

Med slike opplevingar i bagasjen er det kanskje lett å bli litt kjepphøg for unge pop-stjerner.

– Me er ganske flinke til å halda kvarandre i sjakk, er svaret frå Alex etter noko nøling. – Me vil ikkje lata kvarandre bli ekle menneskje.

– Det hender me må jekka kvarandre ned, men det er i så fall mest på tull.

Låtverkstad med The Wombats

Eit anna høgdepunkt gjennom året var i Liverpool, då Kid Astray møtte The Wombats for ein liten runde med låtskriving og innspeling av nye låter.

– Det blir ei Kid Astray-låt, seier Alex. – Dei har ein tendens til å laga store hits, me håpar på å kasta oss på den, held han fram.

Kid Astray synger "The Christmas Song" live hos Christine. Foto: Aron Eskeland.
Kid Astray synger “The Christmas Song” live hos Christine. Foto: Aron Eskeland.

Julepynt i fart

Alex og Benjamin vart og utfordra i å visa sine talent innan kunst- og handverkfaget. På under tre minutt skulle dei, med hjelp frå resten av bandet, fletta kvart sitt julehjerte til å henga på juletreet i studio.

Tre stressande minutt seinare var resultatet klart.

Vil du høyra korleis det gjekk? Høyr heile sendinga til Christine her!

Det mest imponerande Kid Astray gjorde i studioet denne onsdagen, var å stilla med ein a cappella-versjon av Nat King Cole sin klassiske “The Christmas Song”. Videoen kan du sjå øvst i saka.
I tillegg får du ein ny og nedstrippa versjon av “The Mess”. Sjå video her!