Christines jul: Maria Mena

Maria Mena gir deg julegåvetips, fortel om sine ambisjonar som spinning-instruktør, og serverer den nydelege “Home for Christmas”.

Om du er av typen som ikkje heilt har samla kreativiteten, finansane eller energien til å gå gjennom ønskelistene til vener og kjende endå, stiller tysdagens adventsgjest Maria Mena opp for å hjelpa, saman med programleiar Christine Dancke.

I tillegg får du juleklassikaren til Maria Mena, “Home For Christmas”, servert. Sjå video øvst i saka!

Om du vil få med deg fleire juleopplevingar frå Christine, trykk her!

Oppleving under treet

Maria Mena spelte "Home For Christmas" hos Christine. (Foto: Beate Grøndahl/NRKP3)
Maria Mena spelte “Home For Christmas” og ga deg julegåvetips hos Christine. (Foto: Beate Grøndahl/NRKP3)

Julegåver var tema i adventspraten til Maria Mena og Christine. Sjølv har Maria Mena fått det ho verkeleg ønska seg berre ein gong. Og det var heilt grusomt.

– Eg fekk ei litt for dyr veske frå mannen min i fjor. Det var faktisk grusomt, for det var så dyrt. Eg har ikkje noko imot å bruka så mykje pengar på meg sjølv, men det er framleis litt vondt at eg fekk den frå han.

Planen er å gjera årets julegåve til mannen til ei utlikning – og planen er å gi han noko skikkeleg dyrt tilbake i år.

Og kva ønskjer Maria Mena seg til jul? Ein shoppingtur til London under januarsalget havnar fort på toppen av lista etter tips frå ein lyttar.

– Salg? Ja takk, er den klare beskjeden.

Det ultimate tipset

Sjølv er Maria Mena glad i å gi vekk opplevingar til jul, og har fått ein forkjærligheit for gåvekort.

– Det ein ikkje tenker over, er kor mykje ein kan kjøpa gåvekort til. Eg tykkjer til dømes det er veldig gøy med gåvekort frå Oslo kino, og har ei lang remse med det heime. Og i vennegjengen vår pleier me å spandera middag på kvarandre.

Ho trekk og fram reiser – ein god unnskyldning for å vera med dei du kanskje ikkje får så god tid til resten av året.

Christine laga og si eiga liste med julegåvetips. Sjå her!

Heim til jul

“Home For Christmas” har allereie fått status som ein juleklassikar, sjølv om den kom ut for berre nokre år sidan.

Sangen kom til verda då ho fekk i oppdrag å skriva ei låt til filmen “Hjem til jul”. Tittelen kom difor ganske automatisk.

– Eg skreiv om det eg trur folk opplever som fint med å komma heim til jul. At ein kjem heim til noko trygt og godt, og til menneskjer som veit kven du eigentleg er.

Då Maria var på besøk, spelte ho sjølvsagt klassikaren live. “Home For Christmas” er ei låt ho skulle ønska ho kunne spela heile året.

– Det er ei låt som er kjempefin å synga, men så får eg ikkje lov heile tida. Kanskje det er litt forbudt kjærleik.

I adventstida får ho lov til å spela “Home For Christmas” så ofte ho berre vil. Korleis det var då ho spelte den hos Christine, kan du sjå øvst i saka.

Høyr heile sendinga her, der du og får høyra historia om kvifor Maria Mena har bestemt seg for å bli spinninginstruktør!