Då to vart til tre

Dei har ikkje barn saman, men det føltes som ein tredje person dukka opp då Mona & Maria laga musikk saman.

– Me er to nervøse, nevrotiske jenter som hadde veldig lyst til å synga saman. Ingen av oss er erfarne som vokalistar, så då sang me fleirstemt for at ingen skulle sleppa å vera åleine. Då me sang, føltes det som om me vart til ein person, og bitane falt på plass, fortel Mona & Maria på Lydverket.

Mørkare enn du trur

Då Mona og Maria byrja å synga saman, dukka det opp ein tredje person i harmonien. På ein måte. (Foto: Presse, Kaja Bruskeland)
Då Mona og Maria byrja å synga saman, dukka det opp ein tredje person i harmonien. På ein måte. (Foto: Presse, Kaja Bruskeland)

Duoen spelte på by:Larm, og besøkte Lydverket tidlegare denne månaden med sin lettfatta og luftige pop med mørke undertonar.

– Fleirstemte harmoniar kan gi positive vibbar, men for oss er musikken ganske mørk. Det er kult at det ikkje er så mange andre som tykkjer det, seier Maria.

Vanlegvis har dei med seg ei stor gruppe musikarar, og spelar stor og orkestrert musikk. I Lydverket fekk du anledning til å høyra Mona & Maria så akustisk som dei aldri har vore før.

Mona & Maria slepp debutalbumet sitt i april, men singelen Silent Summer er allereie ute. Den kan du høyra her:

Høyr første del av intervjuet med Mona & Maria her:

Mona & Maria på Lydverket – del 1

Hektisk Bazooka

Både Mona og Maria spelte tidlegare i soulrock-bandet Bazooka Boppers, og mange av låtene vart skrive medan Bazooka Boppers framleis var aktive. Sangane handla om det som skjedde i livet som måtte ut på eit vis. Dei kallar det “Bazooka Boppers på bakrommet”

– Sidan Mona vart med i Bazooka Boppers har vennskapet vårt vore basert på at me sit saman og syng, og sangane me skreiv då høyrdes ut som dei gjer i dag.

Høyr Mona & Maria spela “Healing Song” live på Lydverket her:

Healing Song (Live på Lydverket P3)

 

– Med Bazooka Boppers kunne me berre snu rumpa til og skru opp lyden

Nedstrippa, men ikkje åleine

Då jentene starta opp som Mona & Maria, framførte dei sangane sitjande på scena. Det føltes tryggare

– Det er ganske annleis å vera i front. Med Bazooka Boppers kunne me berre snu rumpa til som ABBA og skru opp lyden. No er det meir nakent, og meir viktig at det sit riktig.

Høyr andre del av intervjuet med Mona & Maria her:

Mona & Maria på Lydverket – del 2