Effektboks-effekten

Det er mykje som gøymer seg i dei små boksane gitaristen trakkar på under konserten.

Det byrja med ein liten, blå boks som eigentleg ikkje dugde til noko som helst. Hans Jørgen Undelstvedt vart lurt til å kjøpa den lille firkanten som ikkje var særleg nyttig, men det starta ei ivrig jakt på «den perfekte lyden».

Vreng, ekko, delay, reverb. Dette er berre stikkord for havet av gitareffektar som har påverka korleis gitarbasert musikk høyres ut. Sjå Hans Jørgen gå gjennom sine viktigaste effektar i videoen under

– Ein trengde ikkje vera The Beatles i Abbey Road for å laga kul musikk lenger

Artikkelen held fram under videoen.

 

Falt av lastebilen

Hans Jørgen Undelstvedt spelar i Heroes & Zeros, eit band med mykje inspirasjon i effektboksane.
Hans Jørgen Undelstvedt spelar i Heroes & Zeros, eit band med mykje inspirasjon i effektboksane.

Historien til gitareffektane går tilbake til 50-talet. Medan nokon oppdaga at gitaren fekk litt vreng og høyrdes tøffare ut når volumet var på fullt, var det ved eit uhell at «fuzz»-effekten kom til verda. Fuzz, eller distortion, blir framleis brukt i mykje musikk, for å laga ein tjukkare og varmare lyd frå gitaren.

Blant dei første som nytta seg av dette, var Willie Kizart, som spelte gitar for Ike Turner and the Kings of Rythm. Forsterkaren han nytta hadde blitt småskada i transporten til studio, og gitarlyden fekk derfor ein ufrivillig fuzz-effekt på seg.

Låta, «Rocket 88» har sidan då blitt rekna som ein av dei første rockelåtene. Sidan då vart fuzz meir populært, og nytta av til dømes Dave Davies frå The Kinks på «You Really Got Me», der han med vilje gjekk inn i forsterkaren og kutta opp elementa, slik at lyden skulle bli råare.

Høyr nokre få døme på utviklinga i gitareffektar i spelelista under:

Bruk og misbruk

Oliver Ackermann i A Place To Bury Strangers (Foto: Flickr Creative Commons, Decodrama Visual)
Oliver Ackermann i A Place To Bury Strangers (Foto: Flickr Creative Commons, Decodrama Visual)

Gjennom åra har det blitt lagt på nye effektar, og eksperimentert med korleis ein gitar skal høyrast ut. Men det er ikkje eit prinsipp om at «more is better» som dominerer bruken, meiner Hans Jørgen.

– Ein vil jo ha så mykje verktøy som mogleg, men du kan enda opp i at det blir utstyrsonani om du brukar alt heile tida. Det handlar om å legga vekk nokre boksar og bruka dei med smak.

Sjølv tenkjer Hans Jørgen at han sikkert hadde vore ein bedre gitarist utan alle boksane, men berre reint teknisk.

– Eg skjønte etter kvart at det er meir til å spela gitar enn å pugga lange, keisame gitarsoloar.

– Det gjer at fleire artistar kan gjenskapa den lyden som berre dei med aller mest kapital kunne før. Ein trengde ikkje vera The Beatles i Abbey Road for å laga kul musikk lenger.

Lyden av rommet

Hans Jørgen fortel meir om effektboksar og korleis dei kan brukast i Lydverket, der du og møter Oliver Ackermann frå New York-bandet A Place To Bury Strangers. Støyrock-gitaristen er ein anna effekt-entusiast, og lagar sjølv sine eigne effektboksar under namnet Death By Audio.

Høyr Lydverket sine sendingar i reprise – med musikk.

– Eg brukar øyrene meir enn teknisk dyktigheit, det er meir lidenskap og svette som styrer gitarlyden enn kva eg har øvd på, seier Ackermann om sin bruk av effektboksar.

Høyr saka her:

Kva betyr effektboksen til nett