Eit friskt elektronisk pust

UKAS URØRT: Froskelydar, barnelatter og YouTube-predikantar som preikar om Gud og Satan. Elektroduoen Jouska plukkar lydar frå overalt.

– Vi var heilt øre. Vi hadde gått i åtte timar og rota oss bort i nokre åsar utanfor Firenze då vi var der på studioutflukt.

Hans Olav Settem (24), den eine halvdelen av duoen Jouska, fortel om korleis låta Conversations vart til.

– Og så såg vi på ein sånn litt galen YouTube-predikant som snakka om livsval, slik galne YouTube-predikantar ofte gjer. Vi vart inspirert av han, og det er hans stemme vi har sampla (låne lyd frå andre verk, journ. anm.) på låta, fortel andre Jouska-halvdel, Marit Othilie Thorvik (23).

«You decide who you want to be, who you want to become. Right here is a battlefield in your life – Satan’s voice to pull you one way, God the other». Predikanten har fått æra av å vere det første vi høyrer i Conversations, før Marit sin nydelege vokal tar over.

Den særeigne låta, som handlar om overflatisk kvardagsprat og triviell angst, har gitt elektroduoen tittelen Ukas Urørt denne veka.

Urørt meiner:

Eit spennande uttrykk med eigenart der eksperimentell sample-bruk står i sentrum! Jouska balanserar lyse og fine melodiliner perfekt opp mot mørke og litt mystiske element i musikken. Eit friskt pust i den norske elektroniske musikken!

Søt musikk på NISS

Ikkje berre er dei to ein spennande elektroduo. Dei er også kjærastar, og møttest medan dei studerte på Nordisk Institutt for Scene og Studio (NISS). Hans Olav speler i tillegg i elektropop-trioen Whales & This Lake, som var Urørt-finalistar i 2016.

Jouska-prosjektet var det Marit som starta.

– Det er eit resultat av at eg berre leika meg litt i studio, tok opp ulike lydar og byrja produsere ting sjølv, seier ho.

Etter kvart vart Hans Olav med, og dei to fann tonen på meir enn eitt vis.

https://www.instagram.com/p/BgLlbZ3AaPj/

Korleis er dynamikken dykk imellom?

Hans Olav: – Det er mykje krangling, og litt jobbing innimellom.

Marit: – Ja, veldig mykje krangling. Vi kan vere veldig, veldig ueinige om ting.

Promoter musikken din på Urørt
Promoter musikken din på Urørt

Hans Olav: – Men det er vel mest på grunn av ytre faktorar som svolt, trøyttleik og at eg er klumsete.

Marit: – Hans Olav kan bli litt intens når vi jobbar. Han blir veldig ivrig.

Hans Olav: – Ja, eg skjønner det ikkje der og då, men alltid i ettertid. Eg blir alltid jaga ut av studio viss Marit treng litt ro og fred, til dømes viss ho skal ta opp vokal.

Hans Olav fortel at han ikkje alltid veit kva som skjer når tekstane blir til. Han får ikkje vere med.

– Eg anar ikkje kva som skjer der inne, men når eg kjem tilbake er det gjerne masse vokal på låta. Det er eigentleg ganske chill.

– Tekst og vokal er som regel det siste som kjem på plass, og blir spelt inn i all hast etter at vi har sampla lydar og nerda med resten av låta alt for lenge, seier Marit.

– Men nettopp det er litt gøy, for da får det kanskje eit litt uperfekt og intuitivt preg?

Vakkert, mørkt og dystert

Forutan teksten, er namna på låtane deira noko som tek tid å få på plass.

– Namn er det absolutt siste det går an å kome på. Det er så vidt det er bestemt på dei låtane vi gir ut. Av og til blir dei rare arbeidstitlane våre berre verande, seier Hans Olav.

– Det er grunnen til at både EP-en vår og den eine låta på den heiter «Frog Fiction». Det var ein eller annan assosiasjon som dukka opp då vi dreiv og laga ei låt som var litt rar og froskeaktig.

Froskeaktige lydar, klipp frå YouTube-predikantar, og lydar frå naturen. Ein gong sat Hans Olav i ein time og tok opp lyden av barnelatter på ein leikeplass i Italia. Musikken til Jouska er sett saman av litt av kvart, og det er overraskande kult. Korleis kom dei fram til uttrykket sitt?

– Det er ei blanding av fine og vakre element i mørke og dystre settingar, og med ein rein, fin vokal på toppen. Vi liker den kontrasten veldig godt. Det er litt hiphop-inspirert òg, med tunge beats. Og det blir nok endå meir av i den musikken vi skal lage framover, seier Hans Olav.

Marit kan avsløre at dei to er i studio for tida, og planlegg å sleppe ny musikk til hausten. Då får vi også sjå meir av dei på konsertfronten.

– Men vi slepp ein remix av Simen Mitlid sin låt «Competition» allereie 20. juni, og så speler vi på Oslo Pride 27. juni, seier ho.

Sjekk ut kva Jouska høyrer på og blir inspirert av: