Forelska i Tone

Tone syng om hjertesorg, MØ vil ikkje dansa og Den Svenska Björnstammen hatar alt. Dette er vekas viktigaste låter.

Kaveh og Urørt-sjef Mari Garås Monsson stakk innom Christine på fredag for å diskutera dei viktigaste låtene gjennom veka. På menyen sto Tone Damli, Den svenska Björnstammen og den danske pop-yndlingen MØ.

Få med deg alt frå Christine her!

Den Svenska Björnstammen – Hatar Allt

Det har vore stille rundt Den Svenska Björnstammen ei stund, men no er dei tilbake med "Hatar Allt" (Foto: Promo)
Det har vore stille rundt Den Svenska Björnstammen ei stund, men no er dei tilbake med «Hatar Allt» (Foto: Promo)

– Det kom nokon gjøglarar for nokre år sidan, og eg var aldri heilt sikker på om eg likte det, seier Mari Garås Monsson om svenskane med den gigantiske hiten «Vart jag mig i världen vänder».

Med «Hatar Allt» er dei tilbake – her er den første dommen.

Mari: Eg hadde sett for meg ein eksplosjon av noko rart, og så er den heilt nedpå. Vil dei kasta vekk særpreget sitt fullstendig? Dette var litt keisamt.

Kaveh: Dette var førsteinntrykket mitt av Björnstammen, og eg vart eigentleg positivt overraska. Likar den organiske produksjonen, og det var lett å hugsa melodilinja.

Mari: Det er nok ei typisk låt som treff deg avhengig av korleis du har det sjølv. Har du ein litt tung fredag er det kanskje ekstra fint? Men eg har ikkje noko behov for å høyra den igjen.

Her er dommen!

Kaveh:

hjerte7

Mari:

hjerte4

MØ – Don’t Wanna Dance

MØ er spådd til å bli det nye store frå Danmark. Er den nye singelen god nok til det? (Foto: Promo)
MØ er spådd til å bli det nye store frå Danmark. Er den nye singelen god nok til det? (Foto: Promo)

Ho var nyleg på besøk hos Christine, den nye, danske stjerna MØ. Ho er inspirert av Spice Girls og elska av Internett, og kom denne veka med sin nye singel «Don’t Wanna Dance».

Kaveh: Eg sit med ferske øyrer her og, og eg likte det på eit eller anna nivå. Er ikkje min preferanse, men eg ser verdien av det.

Mari: Eg likte det, men det var kanskje ikkje så originalt? Er det Whitney Houston som har stått opp i ny drakt? Refrenget er ganske likt «I Wanna Dance With Somebody». Eg likte det, men eg trur eg har høyrt MØ kulare før.

Kaveh: Eg vart ikkje bergtatt! Men ho har potensiale.

Her er dommen!

Kaveh:

hjerte5

Mari:

hjerte6

Tone Damli – HeartkillTone-Damli-Heartkill-EP

Den siste låta som skulle vurderast denne veka kom frå Tone Damli, som drog ein Beyoncé og slapp ein EP over natta utan noko forvarsel.

Kaveh: Folk har lyst til å hata på Tone, men det er eigentleg ikkje ei dårleg poplåt på nokon måte.

Mari: Eg tykkjer du har eit poeng der, den har eit fint driv. Men det er veldig intetsigande, og manglar nerve og personlegheit.

Kaveh erklærer sin kjærleik for Tone Damli på direkte radio, medan Mari er meir nøytral. Her er dommen!

Kaveh:

hjerte10

Mari:

hjerte5