Frå sjåfør til Passenger

Mannen bak hitlåta «Let Her Go» spelte live hjå Christine. Høyr den fantastiske versjonen her.

For ti år sidan brukte ein fattig Michael Rosenberg, betre kjend som Passenger, sine siste kroner på ein flybillett til Noreg saman med kjærasten.

– Me hadde ingen aning om kor dyrt det var her. Me reiste til ein campingplass og hadde det eigentleg ikkje så moro, for me hadde ikkje pengar. Men eg elskar Norge.

Og det er passande, med tanke på at han deler bursdag med Norge. Michael Rosenberg vart fødd 17. mai 1984.

Høyr heile sendinga her!

Den lange, tunge vegen

Passenger (Mike Rosenberg) er mest spilte artist i Spotify av norske brukere siste uke. Foto: Promo.
Passenger (Mike Rosenberg) stakk innom Christine og spelte live. Foto: Promo.

Passenger var i utgangspunktet eit band, med Michael Rosenberg i spissen. Dei starta i 2003, gav ut ei plate, og braut opp i 2009. Då heldt Michael fram åleine under same namn.

Vegen som soloartist var lang og tung, før han endeleg traff blink med «Let Her Go» frå i fjor.

– I starten lurde eg litt på kvifor det berre var ti stykk på konserten min. Men kvifor skulle dei det? Dei visste jo ikkje kven eg var. Difor gjekk eg til gatene og spelte.

Vil du oppleva meir frå Christine? Trykk her.

Christine skildrar historia som noko ein ser på film. Passenger jobba hardt med mykje motstand, og så kom ein lukkeleg slutt.

Og den lukkelege slutten, det var «Let Her Go» . Hitlåta du garantert har høyrt.

– Dei siste fem åra har eg spelt på gatene. Eg reiste til ein ny by, spelte på gata i to dagar, og så hadde eg konserten. Eg ville visa meg til folk, sjølv om eg ikkje hadde ein hit endå.

Livsendring

Med ein så stor hit som «Let Her Go»  er det fort at livet tek ei brå vending.

– På mange måtar er det likt. Eg spelar med dei same folka, og er med dei same folka. Middagane har blitt litt finare, men elles er mykje likt.

– Det er viktig å hugsa på kvifor eg byrja med dette. Det var ikkje for fine middagar, det var for å kommunisera med folk.

Høyr heile praten mellom Christine og Passenger her:

Christine og Passenger: Om livet og vegen

I tillegg til ein ekstra fin versjon av «Let Her Go»  spelte sjølvsagt Passenger ei coverlåt til deg. Han valde ein av sine favorittartistar, Bruce Springsteen.

– Eg er redd han ikkje blir veldig beæra av dette, eg øydelegg nok sangen hans, seier ein beskjeden Passenger før han går til mikrofonen.

Sjå Passenger spela «Dancing In The Dark»  her: