– Han er jævla stygg, derfor likar eg han

Sam Smith haustar stor applaus for albumet sitt, men likte dårleg «komplementa» han fekk frå radiogiganten Howard Stern.

I fjor fekk britiske Sam Smith sitt store gjennombrot. No har også den amerikanske radioprogramleiaren Howard Stern har oppdaga songaren, og gjekk til verbalt angrep i kjend stil.

Lei av å bli samanlikna med Adele

– Veit du kva eg liker med denne karen? Han er jævla stygg, sa Stern under The Howard Stern Show, som har millionar av lyttarar.

– Han er feit. Er han homo også? Det ser slik ut. Ikkje at folk kan sjå homofile ut, men han er veldig feminin, sa den kjende radioprofilen.

Stern avslutta med å gratulere Smith med suksessen og stempla han som ein mannleg versjon av Adele.

I eit nyleg intervju med musikkmagasinet Rolling Stone fortel Smith at han blir skikkeleg irritert når han blir samanlikna med sin kvinnelege kollega.

Det plagar meg når folk seier vi er så like. Det er kun fordi vi syng skikkeleg personlege songar og ikkje ser ut som det ein forventar at ei popstjerne skal gjere.

– Vi er veldig forskjellige, og eg er redd for at samanlikninga kjem til å gjere Adele rasande til slutt, fortel Smith.

(Artikkelen held fram under biletet)

Adele vann seks Grammy-prisar i 2011. (Foto: AFP Photo/ Frederic J. Brown)
Adele vann seks Grammy-prisar i 2011. (Foto: AFP Photo/ Frederic J. Brown)

Ei annleis popstjerne

Sam Smith skal opptre under den storslagne Grammy-utdelinga i Los Angeles den 8. februar. Han er også nominert til heile seks prisar, og kan dermed vinne like mange som Adele gjorde i 2011.

Han seier til Rolling Stone at han liker å skilje seg ut frå glattpolerte artistar, med vaskebrettmage og fersk spray tan. Likevel fortel han at det ikkje er kvar dag han er like nøgd med korleis han ser ut.

– Nokre gonger er eg veldig stolt over at eg ikkje ser ut som andre popstjerner. Andre gonger skulle eg ønske at eg hadde magemusklane til Justin Bieber.

For tida er han på ein heftig cayennepepper-slankekur for å komme i form til Grammy-showet, som forhåpentlegvis blir eit nytt høgdepunkt i karrieren.

– Etter showet skal eg trykke ned 10 burgerar. Mat er viktig! Viktigare enn musikk, sex og… familien min, ler han.

 Sjå musikkvideoen til låta som kan få Grammy-statuett for årets song: