– Han var som ein farsfigur

Backstreet Boys fortel om brotet med sin no fengsla manager i ein ny dokumentar.

Lou Pearlman bak murane i USA. (Foto: AP Photo/US Marshall Office)
Lou Pearlman bak murane i USA. (Foto: AP Photo/US Marshall Office)

Det er meir enn tjue år sidan Nick, Kevin, Brian, Howie and A.J vart oppdaga av Lou Pearlman. Han hjelpte dei med å få det store gjennombrotet og vart kalla «det sjette BSB-medlemmet».

Han var også mannen som sveik dei på det grovaste då salspilene peika feil veg. Slikt blir det dokumentarfilm av.

Backstreet’s back, alright!

Sjølv om det no er lenge sidan Backstreet Boys var på topp, er dei eit av få boyband frå 90-talet som fortsatt held saman.

I eit intervju med musikkmagasinet Rolling Stone fortalte A.J. McLean at den kommande filmen er eit resultat av at gjengen møttest heime hos Kevin for å idémyldre litt til det kommande albumet deira.

– Kva om vi filmar at vi lagar albumet? Så kan vi også filme framføringane under turneen vår, foreslo Nick Carter.

Slik vart det ikkje. «Backstreet Boys: Show ‘Em What You’re Made Of» viser dei mange høgdepunkta og nedturane dei har opplevd saman. Ikkje minst det som må kunne kallast den største nedturen av dei alle – då dei fant ut av Lou Pearlman stal enorme summar frå dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Backstreet Boys. Frå venstre: Nick Carter, Howie Dorough, Brien Littrell, Kevin Richardson og A.J. Maclean. (Foto: NTB Scanpix, Reuters, Danny Moloshok)
Backstreet Boys. Frå venstre: Nick Carter, Howie Dorough, Brien Littrell, Kevin Richardson og A.J. McLean. (Foto: NTB Scanpix, Reuters, Danny Moloshok)

Økonomisk utruskap

Alt i 1997 fatta Brien Littrell mistanke om at Lou Pearlman haldt igjen pengar frå bandet. Året etter kasta resten av medlemane seg på søksmålet.

Seinare kom det fram at Pearlman var delaktig i ei stor svindelsak der bedrifter og enkeltpersonar hadde blitt svindla for over 300 millionar dollar.

– Han var som ein farsfigur for mange av oss i bandet. Spesielt for Kevin som ikkje hadde ein eigen far sjølv, seier A.J. McLean til Rolling Stone.

Mclean samanliknar opplevinga med utruskap i ein familie:

– Det er som at faren din plutseleg kjem heim ein dag og seier han har vore utru med mora di i 20 år. Det er verkeleg ein tøff ting å svelge. Det blir ikkje betre av at han verkeleg ikkje trong pengane heller.

Lou Pearlman vart tatt på rømmen i Indonesia i 2007. Han er no blitt 60 år gamal, men skal fortsatt sone heilt fram til den 24. mars 2029.