Ho er berre 19 år. Likevel ønsker Babylucifa å starte med blanke ark

For Babylucifa (19) er «Ya Baby» berre første steg på vegen til eit omfattande, kreativt uttrykk.

– For mange er musikken berre ein hobby og noko dei tar lett på. Det er heilt greitt, men for meg er det viktig at det er skikkeleg gjennomført. Det må gi meining og ha ein bodskap.

Trass i ein ung alder, har Babylucifa allereie blikket festa på målet. I ein alder der mange kanskje framleis leitar etter uttrykket sitt, har ho ein klar filosofi: kvalitet over kvantitet.

– Eg har alltid hatt ein drive for å lukkast, så eg er ekstremt sjølvkritisk og stiller høge krav til det eg produserer. Ting kan ikkje vere venstrehandsarbeid eller ligge ugjort. Eg er veldig «compulsive».

Isabell Røren Hannevig, eller Babylucifa, er kåra til «Månedens Urørt» for mars med singelen «Ya Baby», som handlar om å jakte ein kar som speler hard to get.

Låten er ein hybrid mellom rap og r&b, og den introduserer oss for ein ung artist som evner å uttrykke seg på fleire vis.

Musikken vart ein fristad frå verda

Sjølv om Isabell i dag utviser sjølvtillit og ein teft for kreative uttrykk, var ikkje vegen dit alltid så lett å takle. I oppveksten kjende ho seg utanfor blant jamaldrande, og vart gåande mykje aleine og einsam.

Eit bilete tatt av eit gammalt bilete i eit album. Isabell er om lag 6-7 år. Ho har langt, brunt hår og pannelugg. Ho smiler breitt til kamera. Ho er ute, og bak ho er det grøn skog. Ho har på seg ein raud hettegensar og ein stor refleksvest.
FORMA: Isabell fortel at oppveksten hennar har forma kven ho er i dag. Foto: Privat

Heime var faren aleineforsørgjar og arbeidde mykje, medan mor budde i ein annan by.

Utan nokon å gå til, kjende Isabell seg usynleg og tvungen til å konfrontere utfordringar på eiga hand frå ein tidleg alder.

– Som liten er det lett å få eit inntrykk av at verda er lett og perfekt, men eg har alltid sett ting for det dei er. Når ting er vanskeleg, må du anten krige eller gi opp. Eg valde å krige, og det har gjort meg sterk. Dårlege val rundt meg har også gitt meg motivasjon til å vere målretta og ville gjere ting riktig.

I musikken fann ho ein fristad når ting vart tungt, og ho kunne sitte i timevis og sjå på amerikanske artistar på Youtube.

Særleg let Isabell seg imponere av Chris Brown, som både kunne rappe, synge og danse. Då ho fekk ein gitar til 12-årsdagen, byrja ho sjølv å skrive og sette ord på kjenslene sine.

– Eg skreiv og skreiv. Det var ein måte å få ut tankane mine på, fortel ho.

Med tida vart poesi og andre tekstar til rap. I rap fann nemleg Isabell noko ho kunne relatere til. Ein kultur for å eige både seg sjølv og historia si, og bygge karakter på det ein har vore gjennom.

– Det kan vere ein del fiendskap i hip hop, men det ligg ikkje for meg å roaste andre eller spreie ein fiendtleg vibe. Altså, eg er ikkje soft, og det er viktig å vere «raw» og ærleg, men eg vil jo at alle skal vere vener. Folk skal søke til musikken min når dei vil føle seg bra og sjølvsikre.

Isabell har på seg ei oversized lilla jakke. Håret er satt opp i 80-tals-stil. Ho ser alvorleg inn i kamera medan ho tek seg til håret.
LITE FIENDTLEG: Babylucifa vil eigentleg berre at alle skal vera vener. Foto: Yannick De Brito

Måtte ut av heimbyen

Du kan tilgjevast om du ikkje kjenner Babylucifa frå før, men du har kanskje høyrt ho under hennar tidlegare artistnamn, Issa. Kanskje på fjorårets YLTV-promoterte «Van Damme», eller på ein av singlane ho har slept jamleg sidan 2017.

Heime i Tønsberg opplevde ikkje Isabell at det var eit særleg miljø for å drive med hip hop, og ingen såg heller ut til å ville prøve seg eller etablere ein slik kultur.

Men i nabobyen Horten kom ho i kontakt med Benoit Zalo, bror til Sebastian Zalo. Han introduserte ho for miljøet hans og kunne stille med studio. Brått hadde Isabell fått ein arena for å dele musikken sin med andre.

Tekstane hennar fekk bein å gå på, og vart til singlar, features og «freestyles». Medan musikken vaks, merka den elles så jordnære Isabell at folk la merke til ho. Det kan ikkje stemme, tenkte ho, men ordet om den lovande rapparen spreidde seg likevel.

Bilete viser to menn i bar overkropp, som står tett saman og danser. Pimp-Lotion har på seg ei kvit joggebukse, fleire rumpetasker rundt maget, eit stort gullkjede, solbriller og ein kaps det står «Lotion» på. Han held opp mikrofonen mens han framfører. Matoma står ved sida av og danser. Han har på seg ei mørk bukse, og held t-skjorta i handa.
ENDRA ALT: Mr. Pimp-Lotion på scenen saman med Matoma, under «P3aksjonen» i 2018. Foto: Rashid Akrim / NRK P3

Då ringreven Mr. Pimp-Lotion samla eit lag av kvinnelege artistar og rapparar til albumet «Lotion’s 8» i 2020, ville han nemleg at Issa skulle bidra. Mr. Pimp-Lotion står bak tidlegare krumspring som å få Magnus Carlsen og Lilli Bendriss til å legge sine første rapvers, og hadde sjølvsagt ei utfordring til Isabell også.

– Han ville eg skulle rappe på norsk. Det hadde eg ikkje gjort før. Det var sårbart og eg kjende meg usikker. Likevel kunne eg jo ikkje seie nei til Pimp, seier Isabell.

Det vart ikkje siste gong.

Nytt språk, nytt namn og ny start

Talentet hadde fanga fleire si interesse. Yannick de Brito, kjend som DJ Soulshock, tok også kontakt, og vart raskt manager for Isabell.

Samarbeidet gjorde at ho augna sjansen for å kunne utrette meir. Det innebar å skifte språk frå engelsk til norsk på permanent basis, eit val som hovudsakleg var taktisk motivert, men ikkje berre enkelt kreativt sett.

Isabell sitt på eit golv som lyser opp i orange og rosa. Ho sit med beina rett ut, hendene ned og ser opp til kamera. Ho har på seg ein retro joggedress og har håret i ei lang fletta.
SPRÅKSKIFTET: Det var utfordrande i starten, då Babylucifa skulle gå frå å synge på engelsk til norsk. Foto: Yannick De Brito

For Isabell var det eit steg ut av komfortsona å skulle skifte til morsmålet.

Ho hadde alltid vore sterk språkleg, og sidan storparten av inspirasjonen kom frå amerikanske artistar, hadde engelsk blitt det naturlege språket. Men mange hadde sagt ho burde forsøke seg på norsk, og til slutt gav ho etter.

– Ting vert nærare på norsk. Eg sleit litt med skrivesperre, men eg måtte gå i meg sjølv og tenke på kunsten. Den forsvinn ikkje berre fordi eg skiftar språk, men den tar ei anna form. Sånn sett er det berre bra å lære seg fleire uttrykk, og det er ei god måte å teste seg sjølv på.

I tillegg til språkskiftet, er satsinga verdas første møte med Isabell under hennar nye alias, Babylucifa. Kall det ein gjenfødsel, om du vil.

– Eg kjenner meg klar for å gå vidare med eit nytt mindset. Ikkje misforstå, Issa tok kunsten seriøst, men lite var planlagt. Når eg no siktar på å gjere dette på fulltid, føler eg at det er riktig å også gå for ein ny start, med blanke ark, som Babylucifa.

Første punkt på planen for Babylucifa er å utfordre scena her til lands på at det er «cringe» å vere brutalt ærleg på norsk, men med tida ynskjer ho å kunne gjere meir av det ho vil, når ho vil.

– Eg er veldig ekspressiv, og håpar å ein dag stå ein stad i underhaldningsbransjen der eg kan gjere fleire kreative ting samstundes. Måling, rap, dans, song. Kanskje drive med skodespel. Målet er å vere kreativ på fulltid.

– Mykje godt i vente

Musikkansvarleg og meldar i NRK P3, Ali Soufi-Grimsrud, har lang fartstid som både lyttar og entusiast når det kjem til hip hop. Han let seg begeistre av «Ya Baby» og håpar dette berre er ein smakebit på kva me kan vente oss frå Babylucifa.

Ali ser overraska inn i kamera. Bilde er litt uklart, som om det er tatt med eit gammal analogt kamera, Han har mørkt, kort hår og litt mørke skjeggstubbar. Han har på seg ein kvit gensar med blå striper.
GODE TING I VENTE: Musikkansvarleg i P3 Ali Soufi-Grimsrud gler seg til å sjå kva meir som vil komme frå Babylucifa. Foto: NRK P3

– Sjølvtillit er som kjent ein ganske viktig komponent som hip hop- og r&b-artist, og sånn sett er det lett å legge merke til Babylucifa. Det er eit moderne trap-uttrykk på «Ya Baby» der artisten viser at ho er dyktig på melodiøse raps.

Han føyer seg inn i rekka av dei som meiner eit språkskifte berre er positivt om ein siktar på å slå gjennom i Noreg.

– At ho har skifta til norsk er også ein fordel, sidan det kjenst meir personleg for norske øyre. Så lenge ho viser seg som like myndig på framtidige utgjevnader som ho gjer på «Ya Baby», har me mykje godt i vente.

– Ein enorm swag

Tyr Markus Røe, best kjend som rapparen Wonder the Boy, har også vore borti spørsmålet om norsk versus engelsk. Sjølv har han valt å halde på engelsken, men forstår kvifor mange norske artistar går for morsmålet.

– Det er alltid kult med norske artistar som forsøker å nå ut internasjonalt, men dei fleste meistrar jo norsk betre enn engelsk. Dessutan vert det jo lettare for det norske publikummet å knyte seg til innhaldet når tekstane er på norsk.

Markus sit i ein bil med ei oversized treningsjakke på. Det er mørkt rundt han og han ser alvorleg inn i kamera. Bilete er i svart-kvitt.
HAR TRUA: Wonder the Boy har trua på å byte frå engelsk til norsk. Foto: Lasse Amundsen

Han vil ikkje forsøke å spå kva framtida held for Babylucifa, men er imponert over utstrålinga hennar, og trur ho vil finne sin naturlege plass i scena om ho held fram som no.

– Eg såg liveversjonen ho gjorde hjå Urørt, og ho har jo ein enorm swag og ei skikkeleg behageleg stemme. Det er ein personlegdom der som eg ikkje har sett så mange andre stader. Ho ser ut som at ho verkeleg har det gøy med det ho gjer, og det smittar veldig over, meiner rapparen.

Kan gå heile vegen til P3 Gull

Urørt er P3 sin plattform for dei ferskaste artistane i Noreg, og kvar månad trekkast det fram ein artist norske lyttarar burde gjere seg kjend med. Ved å bli kåra til «Månedens Urørt» har ein òg sjansen til å vinne «Årets Urørt» og få spele på P3 Gull i november.

Babylucifa er audmjuk og seier det er viktigare å delta enn å vinne, men legg ikkje skjul på at det sjølvsagt ville vore stas å gå heile vegen.

– For meg er det viktigaste å vere involvert, men å vinne ville ha vore heilt surrealistisk. Eg er allereie kjempetakknemleg for all støtta eg har fått, så å i tillegg få spele på P3 Gull ville berre vore toppen av kaka!

I februar var det 26 år gamle Vilde frå Tjøme som var «Månedens Urørt». Med songen «Never Said Enough», skildrar ho sorga og det dårlege samvitet ho kjende på då bestevenninna brått gjekk bort for tre år sidan.

LES MEIR OM «URØRT»: