Honningfamilien

Folk flest er på konsert tre-fire gonger i året, ifølge SSB. Familien Onstad-Fuglevaag er ikkje som folk flest.

Tysdag kveld var familien, og eit knippe andre heldige fans, på plass i NRK-studio for å få med seg Honningbarna spele ferske låtar live på Ruben på P3.

Høyr både intervju med Honningbarna og heile konserten her

Ekte engasjement

Familien Onstad-Fuglevaag i studio. (Foto: Tor-Erik Humlen, NRK P3)
Familien Onstad-Fuglevaag i studio. Frå venstre: Astrid Fuglevaag, Mette-Marit Onstad, Sverre Fuglevaag og Eva Fuglevaag. (Foto: Tor-Erik Humlen, NRK P3)

– Alt på min fyrste Honningbarna-konsert skjønte eg at dette var bandet mitt. Dei lar oss bli meir enn tilskodarar, og vil at alle skal bli ein del av Honingbarna-prosjektet, seier Astrid Fuglevaag.

Sjølv om dei ivrigaste i familien snart har runda 40 konsertar har dei ingen planar om å gje seg enda. Tvert imot. Dei har eit felles prosjekt om å gjere tekstane tilgjengelege for alle på ei eiga Facebook-side. Det er mora i familien, Mette-Marit Onstad, som er prosjektleiar.

– Kvar gong dei slepp ei ny låt lyttar vi grundig på den igjen og igjen for å skrive teksten riktig. Edvard (vokalist i Honningbarna) og dei andre er flinke til å hjelpe oss. Vi spør dei ofte om tekstlinjer vi grublar på etter konsertar, fortel ho.

Det er ikkje mange mødrer som ber barna sine til å starte mosh pits og storme scena under konsertar. Onstad gir klar beskjed når at det er på tide med litt action.

– Tidlegare sa ho ofte «no må dokker storme scena, visst ikkje blir Honningbarna lei seg», smiler den yngste dottera, Eva Fuglevaag.

Meir enn berre fans

Honningbarna live på NRK P3. (Foto: Tor-Erik Humlen, NRK P3)
Honningbarna live på NRK P3. Frå venstre: Fredrik Justnes og Edvard Valberg.  (Foto: Tor-Erik Humlen, NRK P3)

Honningbarna seier dei elskar ivrige publikumarar, og nøler med å bruke ordet fans om dei.

– Dei er mykje meir enn fans. Det blir som å kalle ein ven for ein kjenning.

– Det blir liksom meir enn at vi berre er sirkusaper som underheld, medan dei ser på og klappar. Dei tar del i Honningbarna-prosjektet og tar sjølv ansvar for å få ei bra oppleving.

Enkelte i familien Onstad-Fuglevaag er også inkludert på merchandise-fronten.

– Det vart ei greie at folk la ut bilete av blodige kne på Instagram etter konsertar som tok heilt av. No har vi laga T-skjorter med mønster frå dei blodige beina til publikum.

–Eva (Fuglevaag) sine kne er med, ler gitaristen Fredrik Justnes.

 

P3 Spanderer: Sjå Honningbarna framføre Prinser av Sarajevo på Megazone.

http://youtu.be/iVZ-5SMAzcU