Innovativt nok?

Strøymetenesta Spotify deler ut prisen for «Årets innovatør» til DJ Broiler. Ikkje alle er einige.

For tredje år på rad deler Spotify ut prisen for «Årets innovatør», som er avgjort av publikum. Vinnaren tek med seg annonser på Spotify verd 200.000 kr, og i år var det party-duoen DJ Broiler som vann.

– DJ Broiler gav ut fire låter på Facebook for å skapa hype rundt musikken og generera interesse for den største konserten dei nokonsinne har gjort, på Sentrum Scene i Oslo, står det i begrunninga til juryen.

Konserten på Sentrum Scene vart utseld, og ei av låtene DJ Broiler slapp på Facebook var «Afterski». Høyr låta i Spotify.

– Dei har gjort alt sjølv, utan hjelp. Då er eg automatisk på deira side.

Sitatet over kjem frå musikkskribent Martin Bjørnersen, som støttar DJ Broiler. Artikkelen held fram under.

Janove Ottesen frå Kaizers og musikkskribent Martin Bjørnersen på Lydverket. (Foto: Øyvind Øvergård, NRK)
Janove Ottesen frå Kaizers og musikkskribent Martin Bjørnersen på Lydverket. (Foto: Øyvind Øvergård, NRK)

– Do it yourself

På Twitter kjem det inn nye reaksjonar jamnleg på prisen. Mange er negative, men nokon støttar og DJ Broiler.

Martin Bjørnersen er musikkjournalist, og skriv blant anna for Morgenbladet og Klassekampen.

– Dei er to unge gutar som har skapt noko stort på guterommet, men kun ambisjonar om å ha det gøy. Det er vanskeleg å ikkje vera positiv til ei slik historie, seier Bjørnersen.

– Dei har gjort alt sjølv, utan hjelp. Då er eg automatisk på deira side.

Slo Kaizers og Donkeyboy

Totalt var det fem nominerte til prisen. Utanom DJ Broiler var dei nominerte Kaizers Orchestra, Donkeyboy, LidoLido og Frida Amundsen.

Kaizers Orchestra gjorde seg bemerka på innovatør-fronten i fjor, med «Kaizer-virus»

«Kaizer-virus» var ein app til smart-telefonar, som spreidde dei nye låtene til Kaizers ved å automatisk overføra låta til andre i nærleiken med den same appen. Appen delte låtene «Aldri Vodka, Violeta» og «Siste Dans», og vart ein stor suksess.

Likevel vann ikkje Kaizers Orchestra.

– Eg kjenner ikkje så godt til kva det gjekk ut på, men det høyres ut som ein billig gimmick, seier Martin Bjørnersen om Kaizer-virus.

– Eg trur ingen har oppdaga Kaizers Orchestra gjennom den appen.

Reaksjonane på Twitter er mange. Sjå dei her:

[View the story «Reaksjoner på DJ Broiler» on Storify]