Låtpremiere: Side Brok

Rapgruppa fra Ørsta er aktuelle med sporet «Omatt og omatt» – høyr her!

Omslaget til den kommende EPen. Foto: Promo
Omslaget til den kommende EPen. Foto: Promo

I fjor gav dei ut albumet H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A., den fjerde fullengdaren sidan oppstarten i 1999. No er Sjef R, hans alter ego Thorstein Hyl III, Skatebård og duoen sin gamle ven Sirkel Sag, aktuelle med sporet «Omatt og omatt».

Musikken til kuttet er laga av Pål Olav Loftesnes, som er fast medlem av Side Brok sitt liveband. Loftesnes har for øvrig produsert nokre spor på dei to siste platene til Side Brok.

Høyr låta øvst i saka!

Litt New York, litt Hovdebygda

Låta er henta frå den komande EPen, og vil innehalde 3-4 låtar. Vi får òg vete at stilen på EPen vil vere «New York anno 1980, eventuelt Hovdebygda anno 2014».

Høyr Side Brok i Spotify og WiMP

Side Brok. Foto: Promo
Side Brok. Foto: Promo

Og for fyrste gong, femten år seinare, debuterer beatmakar Skatebård som rappar. – Han har no etter kvart ti års erfaring med å rappe backup på konsertar – dessutan har han vore åttitals sidan åttitalet, forklarer Side Brok, og føyer til dette om soundet på EPen:

Fred, kjærleik og moro

– Den komande EPen er ei utforsking og hyllest av den aller fyrste rappmusikken som kom på vinyl rundt 1980. På den tida rappa ein over funk- og discolåtar, enten med ein DJ som spelte slik musikk eller med band som laga originalmateriale. Låtane var lange, og tradisjonelle refreng var det svært lite av, men ein hadde gjerne nokre rutinar eller fraser ein gjentok, fortel rapgruppa, og legg til:

– Sjølv om det er ein gammaldags stil, er det eigentleg ganske tidlaust; ei god bassline, ei rytme og masse perkusjon – og så ein eller fleire rapparar som rappar enkelt og kjekt, og får folk til å danse og ha det bra. Det er peace, love, unity and having fun!